I forslaget til nytt statsbudsjett ønsker regjeringa å gjera eit kutt som rammar Hå kommune hardt. Det dreier seg om eit såkalla vertskommunetilskot kommunen har fått frå staten sidan 1990-talet.

Innbyggarar frå Nærlandsheimen

Ordninga kom på plass då dei store institusjonane for psykisk utviklingshemma blei lagt ned og ansvaret for dei som budde der gjekk frå fylket til kommunane. I ein del tilfelle ønskte dei som budde der å busetta seg i kommunen der institusjonen låg, heller enn i den opphavlege heimkommunen sin.

Kommunar som tok imot denne innbyggargruppa, som i dei fleste tilfelle vil ha eit ekstra omsorgsbehov, fekk vertskommunetilskot.

Då Nærlandsheimen i Hå blei lagt ned, var det fleire av dei som budde der som busette seg i kommunen. Heilt fram til nå har kommunen fått eit ekstra tilskot for desse, men frå neste år kan det vera heilt slutt, i alle fall om regjeringa får fleirtal for forslaget sitt.

Dei vil avvikla tilskotsordninga allereie frå neste år. For enkelte kommunar som har ekstra mange gjenbuarar frå nedlagde sentralinstitusjonar føreslår dei ein nedtrappingsperiode, men for Hå og dei fleste av dei 28 kommunane som i dag får vertskommunetilskot, vil det vera slutt allereie frå neste år.

Førebelse utrekningar viser at det i reine pengar betyr at Hå får 15 millionar kroner mindre å rutta med i året.

Då Jærbladet snakka med ordførar Andreas Bjorland (KrF) i førre veke kalla han forslaget både «urimeleg» og «dramatisk», og åtvara om at kommunen sitt økonomiske handlingsrom vil bli monaleg svekka.

Både ordføraren og gruppeleiaren for Arbeidarpartiet i Hå har varsla at dei vil jobba opp mot sine kontaktar på Stortinget for å få fram konsekvensane forslaget vil få for kommunen.

Opp til Stortinget

For regjeringa er det likevel ikkje aktuelt å snu i denne saka. Det seier statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) til Jærbladet.

– Regjeringa har lagt fram sitt forslag, og så er det opp til Stortinget å vedta eit budsjett, seier ho.

Rønning-Arnesen seier det gjennom fleire etterfølgande statsbudsjett har kome signal om at det ville komma ei omlegging, og at det over tid har blitt kutta i ordninga.

– Det burde ikkje vera overraskande at me jobba med dette, seier statssekretæren.

Ho seier tenestene ser ganske annleis ut enn dei då ordninga kom på plass og meiner det er på tide med ei omstilling. Vidare viser ho til dei kommunale rammeløyvingane og andre kompensasjonsordningar som kan nyttast.

– I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet føreslått eit stort omstillingstilskot som alle kan søka på, seier Rønning-Arnesen.

Ho fortel at det har kome mange innspel til forslaget og seier at fleire av dei åtte-ni kommunane som skal få ein nedtrappingsperiode fram til 2031 nok står i ein endå meir krevjande situasjon enn Hå.

– Fleire har tatt kontakt. Det tyder på at dei som styrer kommunane ønsker seg gode rammevilkår for innbyggarane sine. Det har me stor respekt for, seier Rønning-Arnesen.

Trur på gode løysingar

Iharstad skreiv mandag om Kvæfjord kommune i Troms, som må gjera kraftige innsparingar som følge av at tilskotet blir trappa ned. Kommunen hadde eigentleg sett føre seg ei seinare nedtrapping, i takt med at gjenbuarane går bort.

Kvæfjord var i si tid vertskap for Nord-Norges største institusjon for psykisk utviklingshemma. Vertskommunetilskotet har utgjort rundt ein fjerdedel av kommunen sine samla inntekter. Ordføraren i kommunen varslar at kuttet vil merkast over heile kommuneøkonomien.

Overfor Jærbladet understrekar statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen at ho har stor respekt for at den føreslåtte endringa kan vera krevjande for ein kommune.

– Å få budsjettet til å gå i balanse kan for noko kjennast som ein kunst, men eigentleg meiner eg me har gitt kommunane tid til å førebu seg. Eg trur dei kan finna fram til gode politiske løysingar i Hå kommune, seier ho.