– Ut frå den informasjonen ordføraren har fått, er det grunn til å tru at dei store utskiftingane innan barnevernet er av forbigåande art. Men heilt klart er det noko me bør og skal ha fokus på. Me ønskjer gode, stabile arbeidsforhold der store utskiftingar ikkje er normalen, seier Klepp-ordførar Kjetil Maudal.
– Ut frå den informasjonen ordføraren har fått, er det grunn til å tru at dei store utskiftingane innan barnevernet er av forbigåande art. Men heilt klart er det noko me bør og skal ha fokus på. Me ønskjer gode, stabile arbeidsforhold der store utskiftingar ikkje er normalen, seier Klepp-ordførar Kjetil Maudal. Foto: Håvard Ovesen (Arkivfoto)

Like før helga hadde Jærbladet ein artikkel om stor gjennomtrekk i barnevernet i Klepp kommune.

Her kjem det fram at åtte av 21 tilsette har slutta i løpet av dei fem første månadane i år.

– Ønskjer gode, stabile arbeidsforhold

Geir Morten Øvestad (Ap) undra, etter å ha fått bekrefta frå ordførar Kjetil Maudal at tala var korrekte, om bytte av 30 prosent av arbeidsstokken på eit halvt år innan eit fagfelt er normalt i Klepp.

– Nei, det er ikkje vanleg, etter det eg kjenner til, og det skal heller ikkje vera vanleg, sa Maudal.

– Men det blir sagt frå administrativt hald at det dessverre har vore litt for vanleg med stor gjennomtrekk i barnevernet rundt omkring i landet.

Ordføraren kjenner ikkje til konkrete eksempel på dette, seier han, men Klepp har normalt hatt lågare gjennomtrekk av tilsette.

– Dersom bytet av 30 prosent av arbeidsstokken ikkje er normalt, kan ein då utbrodere kva som ikkje er normalt i dette tilfellet, og om det er ei pågåande problemstilling? spurde Øvestad vidare.

– Ut frå den informasjonen eg har fått, er det grunn til å tru at desse store utskiftingane er av forbigåande art.

– Men det er heilt klart er det noko me bør og skal ha fokus på. Me ønskjer gode, stabile arbeidsforhold der store utskiftingar ikkje er normalen. Det er ingen tent med, sa ordføraren.

Ap-politikar Geir Morten Øvestad sette barnevernet på dagsorden under måndagens formannskapsmøte. Bakgrunnen var informasjonen om at åtte at dei 21 barnevernstilsette i Klepp har slutta sidan årsskiftet.
Ap-politikar Geir Morten Øvestad sette barnevernet på dagsorden under måndagens formannskapsmøte. Bakgrunnen var informasjonen om at åtte at dei 21 barnevernstilsette i Klepp har slutta sidan årsskiftet. Foto: Foto: Alise Lea Tiller

– Naturlege jobbskifte

Frå Øvestad blei det synt til at tilsetjing av nye medarbeidarar ofte medfører ein periode med innkøyring eller opplæring.

– Vil barnevernet i Klepp klara å handtera dette og levera dei tenestene formannskapet ventar? Eller må me rekna med ein periode med redusert kapasitet?

Ordførar opplyste då at han har vore i kontakt med kommunedirektør og kommunalsjef for ytterlegare informasjon.

Her skal han ha fått opplysningar som tilseier at fleire har slutta som følgje av naturleg jobbskifte.

– I tillegg er ein administrativ stilling spart inn. Det har derimot ikkje vore utfordrande å få tilsett sju nye kvalifiserte medarbeidarar. Fleire har allereie starta opp i kommunen, opplyste Maudal.

– Ingen dramatikk

Klepp-ordføraren synte til at det blir forsikra om at barnevernstenesta i Klepp vil handtera situasjonen også framover, og levera tenester på eit høgt fagleg nivå.

– Det er ingen dramatikk i situasjonen. Barnevernet har vore gjennom ei nødvendig og planlagd omorganisering, og vil no bli meir robust. Nokre gonger vil omorganisering naturleg nok kunne føre til noko uro, sa Maudal.

– Men me ønskjer sjølvsagt at dette skal gjerast best mogleg, og at det skal vera godt forankra i fellesskap med dei tilsette. Ordføraren og politisk leiing elles tek dette til orientering og vil forvente og arbeide for at slike større utskiftingar ikkje blir vanlege framover.