Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) har tiltru til Statsforvaltaren si vurdering. Han vil ikkje be Statsforvaltaren stoppa hogsten i Vigreskogen i påvente av ei ny synfaring.
Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) har tiltru til Statsforvaltaren si vurdering. Han vil ikkje be Statsforvaltaren stoppa hogsten i Vigreskogen i påvente av ei ny synfaring. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I desse dagar pågår arbeidet med å ta ut tømmer i Vigreskogen, eit mykje nytta turområde rett utanfor Nærbø. Av den 500 dekar store skogen, skal 265 dekar hoggast.

David Njå, som i fjor kjøpte skogen for ti millionar kroner, har tidlegare sagt til Jærbladet at «skogen er døyande», blant anna fordi at han er sliten fordi han ikkje har blitt skjøtta på årevis, men òg fordi mange av trea er angripne av soppane fururotkjuke og rørandkjuke.

Protestar

Både kommunen, Statsforvaltaren i Rogaland og Landbruksdepartementet har mottatt protestar frå einskildpersonar uroa for artsmangfaldet og skogen sine kvalitetar som friluftsområde, utan at desse har ført fram.

Ei lang rekke politikarar i kommunestyret har òg fått e-post.

Dette biletet blei tatt heilt i starten av hogsten i Vigreskogen. På den månaden som har gått, har mykje meir blitt hogd.
Dette biletet blei tatt heilt i starten av hogsten i Vigreskogen. På den månaden som har gått, har mykje meir blitt hogd. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

På slutten av formannskapsmøtet i Hå tysdag denne veka, ba Svein Arve Nygård (Frp) om ordføraren ei orientering. Han viste til at det hadde vore mykje «styr» i samband med hogsten som pågår i skogen som ligg sørvest for Nærbø.

Ordførar Jonas Skrettingland lova å halda orienteringa kort og enkel, og viste til at skogen i fjor vart kjøpt av David Njå, som søkte å få skoga han ut.

Sidan Vigreskogen, som alle andre skogar på vestsida av Jærbanen, er definert som vernskog, altså ein skog som gjer særskilt vern for vinden, var det Statsforvaltaren som måtte handsame søknaden. Skrettingland sa at fagleg ansvarleg hadde sagt seg enig i at det var lurt å skoga ut og planta i nytt.

Eigedomsrett

Ifølge ordføraren hadde kommunen høve til å uttala seg, men administrasjonen vurderte at dette ikkje var ei stor sak.

– Så, når skoginga tok til, vart det stort engasjement, og det var folk som observerte fleire fugleartar enn dei som dei offisielle registra viser, sa ordføraren.

Trea i skogen er svære, men inga utfordring for hogstmaskina, som berre brukar eit par minutt på å hogga eit tre, kvista det og dela det opp i passande store tømmerstokkar.
Trea i skogen er svære, men inga utfordring for hogstmaskina, som berre brukar eit par minutt på å hogga eit tre, kvista det og dela det opp i passande store tømmerstokkar.

Skrettingland fortalte at han hadde fått ein e-post med oppmoding om at kommunen burde ta kontakt med Statsforvaltaren for å stoppa hogsten og be om ei ny synfaring i skogen.

– Mitt svar, er at her er det ein som eig skogen, og som har fulgt alle spelereglar. At me som kommune skal gå inn og stoppa dette, har eg frå mi side vurdert som at ikkje rett så lenge han forvaltar skogen i henhald til lovar og reglar. For meg går det litt på det med den private eigedomsretten, sa Skrettingland.

Ordføraren sa at kommunen vil følga opp at plantinga av ny skogen går føre seg i samsvar med fellingsløyvet skogeigaren har fått.