På Bryne hadde ordførar Andreas Vollsund rukke ein tur heim for å få på seg den mørke dressen.
Klokka 10 var han den første som skreiv namnet sitt i sørgjeprotokollen som Time kommune la ut i publikumsområdet rett innanfor hovudinngangen til rådhuset.
Men rett bak han og Reid Ivar B. Dahl, kommunalsjef for samfunn og kultur, kom ein gjeng frå Bryne aktivitetssenter som òg gjerne ville gi uttrykk for at dei er leie seg over at kongen er gått bort.
I morgontimane hadde dei rukke å både grina over dødsbodskapen, og å le litt over gode minne, fortalde arbeidsleiar Anita Høyland.
– Kongen har vore veldig god for heile Norge, ein god støttespelar for oss alle. Dette er ein trist dag, slo Pål Gjerde fast.
Han har aldri sett Harald på nært hald, men mange gongar på balkongen på Slottet på tv.
– Han var ein veldig snill og empatisk konge.
Dei hugsa Therese Johaug, som kasta seg rundt halsen på kongen etter VM-gull på tremila i Holmenkollen i 2011 og fekk ein bjørneklem av han.
– I ettermiddag skal me òg finna det klippet der kongen spøkte med at forskingsstasjonen Troll i Antarktis var kalla opp etter dronning Sonja, sa Høyland.
Regjeringa har erklært ein nasjonal sørgjeperiode, eller landesorg, frå dødsdagen fredag til gravferdsdagen. Dette er ei tid for ettertanke og ei markering av at befolkninga er i sorg, ifølge regjeringa.
På Jæren legg både kommunar og kyrkjer til rette for at folk skal kunna gi uttrykk for dette. Rådhus og kyrkjer slår opp dørene for dei som vil skriva seg inn i sørgjeprotokollar eller visa medkjensle med kongefamilien på andre måtar. (Sjå faktaramme for opningstider).
– Her kan alle som vil, leggja inn ei siste helsing til ein flott konge som var veldig nær mange av innbyggarane i Time, sa ordførar Andreas Vollsund då han sjølv hadde skrive namnet sitt i sørgjeprotokollen til Time kommune.
– Viss folk har lyst til å leggja ned blomar, kan dei gjerne gjera det ved flaggstonga utanfor rådhuset, sa han.
Kyrkjene held òg ope, i litt ulike tidsrom.
– Det blir høve til å tenna lys og å skriva seg inn i kondolanseprotokoll. Nokre stader vil det vera litt dempa musikk. Me har òg lagt til rette for å leggja ned blomar dei fleste stader, sa prost Lars Sigurd Tjelle til Jærbladet fredag formiddag.
For Klepp-kyrkjene sin del legg kyrkjeverje Arvid Kaspersen til dette:
– I den opne kyrkja vil det vera høve til å tenna lys, sitja i stille og signera ein kondolanseprotokoll. Det er òg mogleg å ta med blomar som kan leggjast ned, og lys som kan tennast utanfor begge kyrkjene på tilvist stad. Alle er velkomne, anten dei ønskjer å sitja ei stund i stille, tenna eit lys til minne om Kongen eller skriva ei helsing i protokollen.
Søndag blir det sørgjegudstenester i alle domkyrkjer i landet – og i mange kyrkjer. To av dei vil bli sende på NRK, og gudstenestene er opne for alle, ifølge kirken.no.
I Klepp kyrkje blir det slik sørgjegudsteneste søndag kveld, ifølge kyrkjeverja.
Fredag formiddag var det ikkje klart kor mange andre stader på Jæren som vil ha slik sørgjegudsteneste.
– I den grad det er mogleg, vil det bli. Det vil variera frå stad til stad. Dei lokale prestane vil vurdera om dei kan snu seg rundt, sa Tjelle. I Bryne kyrkje er søndagens gudsteneste kickoff for hausten, og der vil programmet ikkje bli lagt om, ifølge prosten.
– Men kongens død vil nok bli markert, sa han.