Under den retoriske boksetevlinga som Hognestad IL arrangerte sist veke, vart Anders Undheim (KrF) utfordra på om Pride-flagget bør heisast utanfor Time rådhus i samband med markeringa fredag.
Motstandaren i ringen, Ole Jørgen Alstadsæter (H), svarte ja, og viste til at kommunens flaggreglement er endra for å kunna flagga utanfor rådhuset i samband med Pride-arrangement i kommunen.
Undheim sa at organisasjonen , som ofte arrangerer Pride-arrangement, har ein del verdiar som partiet hans ikkje kan stå inne for. Til Jærbladet understrekar han at det er hans eigne verdiar han uttalte seg om.
Han varsla òg at han ikkje vil delta på fredag, og grunngav det med at han er forkynnar og tidlegare pastor.
– Eg kjem ikkje, men det er andre frå KrF som kjem, sa Undheim.
Andrekandidaten stiller
Under eit stort Pride-arrangement i Dalane i helga, gjekk Jonas Andersen Sayed, Sokndal-ordførar frå KrF, i front.
Partikollega og andrekandidat i Time, Bjørghild Underhaug, skreiv for to veker sidan teksten «Derfor vil eg feira Pride på Bryne».
«Vi må ikkje la alle innvendingane stå i vegen for å markere solidaritet og inkludering. La oss heller fokusere på det vi er for – lik rett til å vera seg sjølv og retten til eit liv utan vold og trakassering», står det i lesarinnlegget.
Som medlem av den norske kyrkja er ho glad for at preses Olav Fykse, landets leiande biskop, snakkar høgt om mangfald, om å kunne vera sjølv utan å oppleva hets og diskriminering.
Ho understreka at ein ikkje treng å stilla seg bak organisasjonen Fri for å kunna delta. Fri er ikkje med som arrangør på nokre av arrangementa som blir haldne på Bryne, Kleppe eller Nærbø på fredag.
– Heller mangfaldsdag
Anders Undheim trekk særleg fram Fri sitt syn på kjønn, som , og som han i ein viss grad meiner er i ferd med å bli innført i barnehagar og barneskular.
– Eg meiner at ingen skal bli trakassert eller mobba på grunn av legning, bakgrunn eller tru. Menneskeverdet er likt for alle. Eg er for mangfald, og me skal respektera kvarandre sine meiningar. Men for meg er ikkje det Fri står for, noko som det er naturleg for meg å gå og støtta.
Arrangementa på Jæren skjer same veka som Skeivå Rogaland blir arrangert, men er ikkje ein del av det offisielle programmet som Fri Rogaland har sett saman.
Han understrekar at han uttaler seg om sitt eige syn, og at det er andre i partiet som meiner annleis.
– Me har ikkje noko i partiet som seier noko direkte om dette, og det er andre som ønsker å stilla på arrangementet. I KrF skal me ha høgd nok til at folk skal kunna ha eigne oppfatningar om ting.
Han påpeikar at mens Sokndal-ordføraren gjekk i toget, deltok ikkje partiets ordførarkandidat i Eigersund.
Vanskeleg sak
– Samstundes synest eg at dette er eit tema som er utfordrande både i meinigheiter og kyrkjer. Det er det ikkje tvil om, og me treng ikkje skapa meir splid om den utfordringa som er der, seier Undheim.
KrF-topp i Klepp, Siri Bloch Lindtveit, er ikkje tilgjengeleg på fredag, når Pride-toget på Kleppe blir arrangert.
Ho deler fleire av tankane som Undheim gjev uttrykk for. Ho fortel at ho har prøvd å setta seg inn kva Pride er, og er usikker på om Pride-toget er eit tog som fremjar mangfald.
– Eg synest det med Pride-tog er vanskeleg. Eg er så enormt for mangfald, og er litt halvredd at det ekskluderer meir enn det sameiner.
Bloch Lindtveit tykkjer problemstillinga er vanskeleg, og meiner er lett å bli stempla når ein meiner noko om Pride.
– Eg synest det er enormt vanskeleg å svara på. Det er litt som med Det er så fort gjort å hamna i ei av to skyttargraver. Det er det ingen av oss som er tente med. Å sjå begge sider sine synspunkt, og ha respekt for det, er det beste.
Ikkje medarrangør
Ordførarkandidat i Hå, Andreas Bjorland, seier at han er opptatt av å vera inkluderande og raus, sjølv om han ikkje vil delta på det arrangørane kallar ein «Folkefest for kjærleik».
– Det må vera lov å kunna ta eit val ut frå kva arrangøren står for. Eg går ikkje i 1. mai-tog sjølv om eg er opptatt av arbeidsrettar og meiner fagforeiningar er bra, og eg går ikkje i 8. mars-tog sjølv om eg er opptatt av kvinners rettar. Me må ikkje setta folk i bås fordi dei vel å ikkje vera med på nokre markeringar.
Lokallaget i Hå hadde lagt planar for heile helga, då arrangørane på Nærbø inviterte med seg dei politiske partia til å vera med som arrangørar.
– Dei planane ligg i botn, og så er nok mykje av det SV står for, som eg ikkje har lyst å vera med og arrangera. Derfor takka me nei, då me fekk spørsmål om det, seier Bjorland.
I Hå har Venstre, Liberalistene, Industri- og næringspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet slutta seg til arrangementet. Initiativtakarane er frå SV.