– Det er første gong eg er på ein sånn jobb midt på dagen. Til vanleg er me ute om natta når ingen ser oss, seier Tor Gunnar Solvang i viltnemnda i Time, Klepp og Hå.
Onsdag ettermiddag er han og hunden Mollie ute på søk i ein kornåker langs fv. 44 mellom Re og Line, der ein bil på veg sørover har kollidert med eit rådyr.
Det skjer kvar veke på vegane på Jæren, og tusenvis av gongar i året rundt om i landet: I løpet av eit sekund, eit hardt dunk i bilen. Ofte skuggen av eit dyr som bykser vidare – eller som blir liggande i vegkanten. Bil og passasjerar er heldige om dei ikkje blir skadd.
I jaktåret 2024/25 omkom over 7.000 rådyr i møte med motorkøyretøy og tog, ifølge Statistisk sentralbyrå.
– Men dyra er aktive om natta, og dei fleste påkjørslar skjer tidleg på morgonen eller seint om kvelden, seier Solvang.
Onsdag ettermiddag blei han mobilisert av politiet rundt ein time etter påkjørselen for å leita etter dyret, som skal ha blitt sett springande i åkeren etter uhellet.
Solvang kjem ikkje åleine på slike oppdrag. Saman med seg denne dagen har han hundane Mollie og Tarzan, som begge har nase for vilt.
– Me er ofte ute for å sjå etter rådyr etter påkjørsel, seier Solvang, som er del av ein avtale som Jæren jakt- og fiskelag har med dei tre jærkommunane om å rykka ut når slikt har skjedd.
– Folk som kolliderer med vilt, må jo melda ifrå til politiet om det. Dei kontaktar så viltnemnda, fortel han.
Over skuldra har Solvang ei rifle. I bilen har han også anna verktøy i fall dyret må avlivast. Jobben er først å finna dyret, og så å vurdera om det er uskadd eller så skadd at det må avlivast, forklarer han.
Nå går dei etter spor, han og Mollie. Det er vanskeleg, men ulikt frå gong til gong.
– Viss Mollie ikkje klarer det, er det Tarzan sin tur, seier ettersøksjegeren.
Det er ei rekkefølge Tarzan ikkje synest heilt fornøgd med. Han står roleg ved bilen og ser ryggen på kollegaene sine nedover åkeren. Men han luftar frustrasjonen sin med høge pip.