Bebuarane Hå mottakssenter ønsker å koma vidare med livet, etter fleire år på Nærland.
Bebuarane Hå mottakssenter ønsker å koma vidare med livet, etter fleire år på Nærland. Foto: Snorre Standish Norheim

– Me er berre nummer her, på mottaket og i landet. Ikkje noko liv, ingen rettar, ingenting. Men me er ikkje komne for å eta og sova, draumen vår er å jobba og ha eit normalt liv, seier éin av mennene bak aksjonen.

Det dei ønsker seg, er ein dato for når dei kan få eit asylintervju med Utlendingsdirektoratet (UDI). Der vil dei legga fram kvifor dei meiner dei er nøydde til å vera i Norge.

Starta måndag

Den første dagen avslutta dei med eit møte med leiinga på mottaket, og avtalte eit nytt møte tysdag ettermiddag.

Leiar Tor Olav Varhaug ved Hå mottakssenter seier både mottaket og UDI er godt kjende med aksjonistane sin situasjon.

– Dette er ei gruppe som har sete lenge, og som kjenner ventetida som belastande, seier Varhaug tysdag.

På ettermiddagen møter Jærbladet godt halvparten av dei på auditoriet på Nærland, under dagens to time lange markering.

Éin av dei som snakkar særleg godt engelsk, fungerer som tolk for dei som ikkje kan språket.

Gjennom han fortel fleire av mennene kor lenge dei har venta: 1,8 år, 2 år, 2,5 år, 1,5 år, over 3 år, 2 år, 2 år og 2,5 år.

Mellom 20 og 25 personar deltar på protestaksjonen. Somme skal ha venta heilt sidan 2022.
Mellom 20 og 25 personar deltar på protestaksjonen. Somme skal ha venta heilt sidan 2022. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Psykisk smerte

I eit svar sendt tysdag, skriv administrerande direktør i Hero, Tor Brekke, at mottaket er i dialog med bebuargruppa som aksjonerer, og formidlar kontakt med UDI.

– Mange i denne gruppa har venta lenge på å få asylsøknaden sin behandla. Det har vore ein frustrasjon over tid. Dette er vaksne menneske som har rett til å ytra seg. Oppgåva vår blir å halda god kontakt med dei som aksjonerer og oppmoda til at dei markerer seg på måtar som ikkje går ut over andre.

Mennene skildrar ein monoton kvardag på ein stad langt frå folk, der dei ikkje får jobba, og netter der ikkje får sova. Dei fortel om psykiske vanskar som er blitt større etter at dei kom til Nærland.
Mennene skildrar ein monoton kvardag på ein stad langt frå folk, der dei ikkje får jobba, og netter der ikkje får sova. Dei fortel om psykiske vanskar som er blitt større etter at dei kom til Nærland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ein særskilt kategori

«Mange søkere har ventet lenge på å få svar på søknaden sin om beskyttelse. Vi vet at det er vanskelig å vente. Derfor jobber vi nå med de aller eldste søknadene», skriv UDI på sine nettsider.

Søknadene frå syriske borgarar og statslause frå Syria – som inkluderer så godt som alle i protestgruppa på Nærland – er i ein særeigen kategori.

Det skuldast ifølge UDI «den nye situasjonen» i Syria, etter at Assad-regimet vart velta i desember 2024.

Utviklinga gav utsikter til betring av situasjonen i landet, vektla Regjeringa i fjor sommar. Frå 24. juni sette UDI behandlinga av dei fleste søknader frå Syria på vent i seks månader, fram til 25. desember.

Utolmodige

Ifølge mennene på Hå mottakssenter, er det berre éin av 45 asylsøkarar frå Syria som har fått svar på søknaden sin.

Berre fem av dei 45 skal ha fått asylintervju, som er bakgrunnen for protesten dei starta denne veka.

Asylintervjuet er den viktigaste moglegheita søkarane har til å forklara kvifor dei meiner dei treng beskyttelse.

Tala frå mennene stemmer overeins med informasjonssidene til UDI, som seier at dei fleste frå Syria ikkje har fått asylintervju.UDI har 2199 søknader frå Syria til behandling.

Ved utgangen av april utgjer syriske asylsøkarar ein fjerdedel av bebuarane på ordinære asylmottak (totalt 9134 personar) – over dobbelt så mange som frå Ukraina.

Mennene kjenner godt desse sidene, og er ikkje tilfredse med oppmodinga som står der:

«Vi vil gi deg beskjed om det når det er din tur til å intervjues. Du trenger ikke ta kontakt med oss, vi tar kontakt med deg.»

«We are forgotten», står det på ein av plakatane.
«We are forgotten», står det på ein av plakatane. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Varslar eskalering

Mennene er førebudde på å samla seg att dei neste dagane, til ei ny to-timars markering i resepsjonsområdet.

Dei har laga plakatar med blå og svart tusj, der eitt ord skil seg ut – «interviews» – fordi det er skrive med raud skrift.

Mennene fortel at dei skal samlast til rolege markeringar denne veka, og at fleire vil eskalera dersom ikkje UDI kjem på banen.

Svoltestreik blir nemnt som eit reelt alternativ, då Jærbladet spør om kva dei kan gjera vidare.

– Kva treng de frå UDI for at de ikkje skal eskalera situasjonen?

Det korte svaret deira er «intervjuet», men det skjer ikkje neste veke. Gruppa diskuterer kva dei konkret ønsker å oppnå.

– Ein dato, uansett om det er om to eller tre månader, så lenge det er noko spesifikt, seier dei gjennom tolken, som legg til at han ønsker at UDI kjem til mottaket for eit møte.

Kan ikkje gje indikasjon

– Me kan dessverre ikkje gje indikasjonar til søkarar ved bestemte asylmottak om når dei vil få asylintervju. Me veit at ventetida er lang, og prioriterer så godt me kan innanfor dei ressursrammene me har for at ho skal bli kortast mogleg.

Det skriv Njård Håkon Gudbrandsen, regiondirektør i UDI, i eit e-postsvar til Jærbladet onsdag ettermiddag.

– Samstundes må me sikra at saksbehandlinga blir korrekt. Det er mange som ventar på svar, og derfor vil det dessverre ta lang tid før alle blir kalla inn til intervju og til alle får svar på søknaden sin.

Tilkomsten av asylsøkarar til Norge dei siste åra har vore høg. I april er det mange som har søknad til behandling – over 5000 – frå fleire nasjonalitetar.

På informasjonssidene forklarer UDI at dei ikkje oppnemner ein saksbehandlar før dei kallar asylsøkaren inn til intervjuet.

Forlenga ventetid

Når det gjeld Syria, opplyser Gudbrandsen at dei har begynt å fatta vedtak, og gjennomfører hovudsakleg intervju i dei eldste sakene.

– Men me må også intervjua søkarar frå ulike grupper og område for å få eit breiare bilde av situasjonen i Syria. Syria-sakene vart sette på vent etter Assad-regimets fall, og saksbehandlinga starta att i januar i år.

På nettsidene skriv UDI at dei i første halvår av 2026 vil jobba med søknadene til dei som søkte asyl i 2023, og dei som søkte dei seks første månadene i 2024.

– Sidan UDI nå behandlar sakene ut frå ein ny situasjon, kan fleire oppleva at dei må venta lengre mellom intervju og vedtak enn det som var vanleg før sakene vart sette på vent, opplyser Gudbrandsen.

Skal ikkje påverka

Aksjonar som eskalerer til sveltestreik, er svært sjeldne, fortalde UDI til Jærbladet i januar 2024. Etter 17 månader på Nærland hadde to menn frå Jemen gått til det steget.

Regiondirektøren presiserte at sveltestreik ikkje skal påverka korleis UDI prioriterer innkallingar til intervju eller behandling av søknadar, og bodskapen er den same nå.

– Først og fremst håper me at aksjonen blir avslutta. Me forstår at bebuarane er i ein vanskeleg situasjon, men denne typen aksjonar vil ikkje ha noko å si for korkje utfall av sak eller tidspunkt for intervju.

Han seier at UDI derfor ikkje vil føreta seg noko spesifikt, utover at dei sjølvsagt følger med på situasjonen og er i tett dialog med asylmottaket. Han viser til søkarane kan finna informasjon i asylmottaka, nettsidene til UDI og rettleiingstenesta deira.

Hå mottakssenter på Nærland.
Hå mottakssenter på Nærland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim