Han har tatt seg fri frå arbeidet og etablert kontor i høghuset på Bryne for å arbeida med etablering av kjernekraft. Øystein Sveinsvoll Skoge har no arbeidd med prosjektet i over eit år, og opplever utviklinga som både spanande og givande.
Fleire år med utvikling
No arbeider dei med å henta inn 40 millionar kroner til finansiering av første fase.
– Sjølv om prosjektet er stort og kapitalkrevjande, er det også særs lønsamt når det først blir realisert. Til no har fleire interessante aktørar vist interesse for prosjektet. Men me reknar med at det vil ta tid å skaffa den første investoren, fortel Klepp-mannen, som førebels flyt på eigne ressursar.
Planen er å byggja ut kraftige, små kjernekraftverk med norsk industri og jærsk robotteknologi.
Først etter fleire år med utvikling av reaktoren, reknar dei med å gå gang med planlegging og lokalisering av eit kjernekraftanlegg.
Ein einaste reaktor kan produsera seks prosent av landets straumforbruk.
– Med serieproduksjon kan færre enn 20 reaktorar dobla Noregs straumproduksjon innan 2040, seier kjernekraftentusiasten.
Han er sikker på at når prosjektet først losnar, så losnar det skikkeleg.
– Langt utviklingsløp
Øystein syner til at straum produsert ved hjelp av kjernekraft, vil gje rikeleg med straum til ny industri, og bidra til stabile og låge straumprisar.
– Planen er å la Jæren vera sentrum for ny norsk kjernekraftindustri, med serieproduksjon av reaktorar og strålingssikre robotar. Eit langt utviklingsløp ligg framføre oss, understrekar Sveinsvoll Skoge.
Han seier at han er langt frå å gje seg i arbeidet for kjernekraftverk.
– Norge treng meir energi. Alternativet til kjernekraft med havvind og energilagring, er blitt veldig dyrt. Moderne kjernekraft vil vera mykje meir konkurransedyktig på pris. Samstundes utfordrar det heile vårt tankesett når det gjeld grøn omstilling, seier Klepp-mannen.
Engasjement for grøn omstilling
Han forstår at kjernekraft kan verka skummelt for mange.
– Både politikarar og næringsliv legg til grunn andre energikjelder. Men tida arbeider for oss, og det vil berre bli meir openbart at kjernekraft er løysinga, held Øystein Sveinsvoll Skoge fram.
Han har oppretta selskapet Thor Kraft. Sveinsvoll Skoge samarbeider med to andre personar, som begge sit i Fredrikstad.
Klepp-mannen har tidlegare arbeidd med analyse knyta til energiprosjekt i Equinor. Engasjementet for grøn omstilling gjorde at han fatta interesse for kjernekraft.
Opplever entusiasme
Gründeren syner til at kjernekraftverk har ei levetid på 60 til 100 år, noko som er tre til fire gonger meir enn vindkraftverk.
Mange viser entusiasme for prosjektet, når dei høyrer om det.
– Høge energiprisar og den storstilte utbygginga av vindkraftverk som har vore, har fått mange til å sjå på kjernekraft på ein ny måte, meiner Sveinsvoll Skoge.
Også initiativtakarane til selskapet Norsk Kjernekraft AS meiner tida er inne for kjernekraft i Norge.
Selskapet der milliardær Trond Mohn er hovudaksjonær, vil finansiera kjernekraftverka privat.