Øyvind Kvitvær Leidland er SV sin nye, faste og einaste representant i Hå kommunestyre.
Øyvind Kvitvær Leidland er SV sin nye, faste og einaste representant i Hå kommunestyre. Foto: Håvard Ovesen

Etter at den profilerte SV-politikaren Jeanette Lea Romslo melde flytting frå Nærbø til Stavanger, har Øyvind Kvitvær Leidland rykka opp og blitt fast medlem av kommunestyret, som den einaste frå partiet.

Under kommunestyremøtet torsdag 16. april, takka ordførar Andreas Bjorland (KrF) Romslo for innsatsen og ønskte Leidland velkommen.

Vil bidra

I røynda er Leidland langt frå ny i Hå-politikken. Han var 1. vara for Romslo i både denne og førre kommunestyreperiode.

Forutan innhopp når Romslo har vore forhindra frå å komme, har Leidland vore meir eller mindre fast tilhøyrar og rådført seg med Romslo under gruppemøte undervegs i kommunestyremøta.

Frå 2019 til 2023 representerte Leidland SV i Utval for helse.

Han gjekk inn i politikken fordi han har ei klar overtyding om at alle må vera med og bidra til fellesskapet.

– Er du ikkje med og bidrar, kan du heller ikkje forventa endring, seier Leidland.

At det blei akkurat SV, forklarar han med at han har tru på at dei gode løysingane ligg i fellesskapet, anten det dreier seg om det offentlege, som kommunen, eller det private, som frivillige organisasjonar.

– Her i Hå ser me jo at frivilligheita speler ei sentral rolle, seier han.

Sjølv er Leidland aktiv i Nærbø musikkorps der han speler saksofon.

Lærar og nærbøbu

Til dagleg er han avdelingsleiar for 1. til 4. klasse ved Motland skule.

Leidland har ei mastergrad i organisk kjemi. Etter at han blei ferdig med utdanninga fekk han prøva seg som lærar i eit halvt år. Derfrå var vegen kort til å ta praktisk-pedagogisk utdanning, og vips så var han kvalifisert til å bli lærar.

Eigentleg såg han føre seg eit tilvære på vidaregåande skule. Han skulle i alle fall aldri bli barneskulelærar, men det eine vikariatet tok det andre og plutseleg var jobba han med dei yngste på Motland skule og fann ut at han treivst godt.

Då jobben som avdelingsleiar blei ledig søkte han.

– Eg hadde jobba litt i utviklingsgruppa og syntest det var spennande arbeid. Eg tenkte at om eg skulle prøva meg som avdelingsleiar, var det då eller aldri. Eg treivst godt, og blei verande, fortel Leidland.

Han både bur og jobbar på Nærbø.

– Eg er nærbøbu av rang, seier han.

Honduras

Med unntak av fem år med studiar i Bergen og to år i Honduras, har han budd på Nærbø heile livet.

– Honduras?

– Eg, kona mi og søstera mi driv ein organisasjon der. Organisasjonen heiter Skape muligheter sammen og jobbar med barn og unge med vanskelege sosioøkonomiske utgangspunkt.

Dei bør det vera nok av i det sentralamerikanske landet som har ei lang historie med militærstyre, korrupsjon, fattigdom og kriminalitet.

For Leidland handlar engasjementet om den same trua på fellesskapet.

– Me løftar i lag. Me er veldig heldige som har to veldig dyktige personar som jobbar for oss der borte, seier han.

Då han var der, underviste han. Det var då han kom tilbake derfrå at han tok PPU og blei lærar.

Spranget frå å vera vara til å bli fast representant i kommunestyret kan høyrast stort ut, men Leidland har trua på at det skal gå bra.

– Eg og Jeanette har jobba veldig tett og sparra mykje med kvarandre i desse to periodane. Utfordringa mi nå, blir at eg må dra nytte av dei ressursane som er i organisasjonen på ein annan måte, seier Leidland, som allereie gler seg til å ta fatt på Hå sin handlings- og økonomiplan når den skal opp til hausten.