Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. Foto: Helene Holm (arkiv)

Fyrste møtet er skummelt, både for store og små.

Foreldremøte førebuar deg litt, men ingenting kan førebue deg heilt.

Det er tøft å levera frå deg det kjæraste du har til nokon du ikkje kjenner.

Ein blir frista til å skrive om dei lune smila, varme hendene og trygge fanga.

Som sjukepleiar med varme hender sjølv, veit eg òg at ein må sjå faget, kunnskapen og erfaringane bak.

Flinke folk som bruker kompetansen for å ivareta barn i ulike aldrer med ulike behov. Dei støttar, utfordrar og veileder barna med omsorg og stødige hender.

Dei står der i døra og møter barna dine ja, men dei møter òg deg som mor, far eller andre vaksne.

Dei trøstar, gir ein klapp på ryggen. Dette er vanleg seier dei, det er lov å grine i bilen. Og heilt sant, grining blei det.

Fasane frå å aldri ville gå i barnehagen, av og til gå eller alltid gå, har variert enormt.

Ein kan jo plutseleg risikere å gå glipp av sykkeldag, karneval eller at ein kjekk leikekamerat kjem heim att frå ferie, det går ikkje.

Ein kan heller ikkje gå glipp av alle påfunna som dei løgne vaksne held på med, som den tradisjonelle bursdagsfesten med tøffe Tove, eigenkomponert julekalender-show eller drømmedag-prosjektet. Utkledning og ansiktsmaling står og sterkt i barnehagen.

Fyrste karneval med eldste som Minni mus, med skjørt, øyrer, hale og selvfølgelig ansiktsmaling, blei ei oppleving.

Eg blei fort bleik då ho kry sprang inn på avdelinga, der ingen andre var utkledde. Joda, sliten småbarnsmor tok feil dag. Ho blei møtt med smil og skryt for ein god ide å kle seg ut i dag, det kunne jo alle gjere. Sånn blei det.

Andre erfaringar ein må merke seg er at ein får nye namn i heimen.

Eg heiter nemleg både Grete, Siri, Morten og Magnus. Ein periode var også Lorta-Lars eit namn å merka seg, då lærte alle at rosa var ein kul farge.

Eg må òg åtvara matlagarane i heimen. Viktig å forstå at barnehagen serverer ufatteleg mykje betre mat enn heime. Fortsatt er ikkje denne moras havregraut godkjend og knekkebrødet er dessutan feil.

No har eg ein gutt som skal begynne i fyrste klasse.

Han har gleda seg lenge, men nå i siste rest av ferien er det noko anna han ser fram til.

Ei siste veke i verdas beste barnehage.

Ei veke i lag med bestevennen, og ei siste veke i lag med dei trygge, gode og tøysete vaksne.

For ein tur det har vore.

Åtte år seinare er eg takknemlig for det solide grunnlaget mine tre har fått.

Takk!

Og til dei som gledar eller gruar seg til barnehagestart, det kan vera ei tøff tid, men og ein nydeleg epoke. Hopp uti, så tek dei dykk i mot.