Dyrlegane på Undheim har ei vaktordning som går rundt. Sånn er det langt i frå mange andre stader, og nå er heile ordninga i spel, meiner veterinærforeininga. Frå  venstre Svein Ove Risa, Eldbjørg Eide, Frida Bostrøm og Nils Martin Sikveland.
Dyrlegane på Undheim har ei vaktordning som går rundt. Sånn er det langt i frå mange andre stader, og nå er heile ordninga i spel, meiner veterinærforeininga. Frå venstre Svein Ove Risa, Eldbjørg Eide, Frida Bostrøm og Nils Martin Sikveland. Foto: Ingeborg Eliassen

Eit tips frå ein begeistra bonde utløyste denne situasjonen:

Fire dyrlegar samla i gnistrande vårsol på Tunheim ved Undheim. Rundt dei kvitrar fugl og breker lam. Det kling i sauebjøller.

– Me bønder på Undheim er heldige, meinte tipsaren, Nils Arne Fosse.

– Me har fem dyrlegar, og dei kjem raskt når det trengst. Det gjer oss vanvittig trygge. Sånn er det ikkje mange andre stader!

Jærbladet overleverer attesten til fire av dei.

Den siste, Jarle Risa, har vakt denne dagen og er ikkje til stades.

Vakt har ein av dei alltid, døgnet rundt.

Storfe i vårsol på garden til Nils Arne Fosse på Undheim. - Det viktigaste for oss bønder er å få hjelp når me treng det, seier bonden. Det synest han at han får frå dei lokale veterinærane.
Storfe i vårsol på garden til Nils Arne Fosse på Undheim. - Det viktigaste for oss bønder er å få hjelp når me treng det, seier bonden. Det synest han at han får frå dei lokale veterinærane. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Takknemleg kundegruppe

Dei andre har starta dagen med mindre akutte behov. Dei har mellom anna fjerna horna av tre kalvar, behandla eit lam med leddbetennelse og sett til ein sau med jurbetennelse.

– Gleda i jobben er å kunna hjelpa der hjelpa trengst, seier Nils Martin Sikveland.

– Me møter enormt trivelege bønder, legg Eldbjørg Eide til.

– Dei er den mest takknemlege kundegruppa, seier Frida Bostrøm.

– Eg fekk kake i dag, opplyser Svein Ove Risa.

Berre kopplam i armane ein føremiddag i april. Men dyrlegane Eldbjørg Eide og Svein Ove Risa må vera førebudde på å stå i kalvefødslar som tar fleire timar. - Det er fysisk hardt arbeid. Av og til er eg så sveitt etterpå at eg kan vri kleda, seier Risa.
Berre kopplam i armane ein føremiddag i april. Men dyrlegane Eldbjørg Eide og Svein Ove Risa må vera førebudde på å stå i kalvefødslar som tar fleire timar. - Det er fysisk hardt arbeid. Av og til er eg så sveitt etterpå at eg kan vri kleda, seier Risa. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Kjem på 15 minutt

Til saman dekker dei fem Undheim-veterinærane behova til rundt 150 bruk med produksjonsdyr – storfe, sau, gris, geit og fjørfe. Skulekrinsen Undheim er utgangspunktet, men dei køyrer òg til Varhaug, Vigrestad og mot Bjerkreim.

Dei er langt ifrå åleine på Jæren. Tilsvarande veterinærmiljø som rykker ut til akutte situasjonar med dyr på gardane, finst på Nærbø, Varhaug, Tu og Ålgård, fortel dei. I tillegg finst dyrlegar som jobbar med hest.

Dei betyr all verda for både dyrevelferd og for helsa til bønder, bekreftar bonden på Kartavoll.

– Det viktigaste for oss bønder er å få hjelp når me treng det, som når ei kalving stoppar opp. Viss eg ringer til den som har vakt, tar det mange gongar ikkje meir enn 10–15 minutt før dei kjem. Det er kjempebra, seier Nils Arne Fosse.

Dei har ein base på Tunheim. Men ofte er bilen kontoret til veterinærane Nils Martin Sikveland og Frida Bostrøm.
Dei har ein base på Tunheim. Men ofte er bilen kontoret til veterinærane Nils Martin Sikveland og Frida Bostrøm. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Mange jobbar er lettare

Dei fleste veterinærstudentar er kvinner, og slik har det vore lenge. Dei fleste veterinærar jobbar heller ikkje med dyr i landbruket. Dei hjelper i staden ofte hund og katt på dyreklinikkar, eller arbeider i oppdrettsbransjen, i Mattilsynet eller i andre offentlege etatar.

Felles for desse jobbane er at arbeidstida som regel er meir ordna og lønna meir stabil, enn for ein veterinær som berre jobbar i landbruket.

– Fleire som eg studerte med, prøvde seg på produksjonsdyr, men gav seg etter eit par år. Jobben er noko anna enn å jobba sju til tre i anna arbeid, seier Frida Bostrøm.

Klar til å rykka 24/7

Jæren utmerker seg likevel framleis med god dekning av dyrlegar med peiling på storfe, sau og andre produksjonsdyr. Dei har bilen som klinikk og drar ut til bønder og dyr som treng dei.

Dette sjølv om dei fleste dyrlegane går vakter som mange ville ha vore betenkte over:

I vakta står dei til disposisjon heile døgnet, som regel aleine. Vaktvederlaget på 270.000 kroner i året frå det offentlege er altfor lite, meiner Den norske veterinærforening. Dei krev dobbel vaktgodtgjering, som 45 prosent av dei 160 vaktdistrikta har – og at staten skal ta denne rekninga. Det fortel veterinær Christian Tengs, som er organisasjons- og forhandlingsleiar i veterinærforeininga.

På Undheim er vaktgodtgjeringa mykje lågare, forklarer Nils Martin Sikveland:

– I 2025 fekk me fem om lag 65.000 kroner kvar frå kommunen for å ha vakt i Undheim-distriktet. Godtgjeringa blir ekstra låg fordi me må dela potten med dyrlegar i Gjesdal, før me igjen deler på han internt.

Dei fleste yngre dyrlegar er kvinner. På Undheim har dei både Eldbjørg Eide (t.v) og Frida Bostrøm. - Men fleire eg studerte med og som prøvde seg på produksjonsdyr, ga seg etter eit par år, seier Bostrøm.
Dei fleste yngre dyrlegar er kvinner. På Undheim har dei både Eldbjørg Eide (t.v) og Frida Bostrøm. - Men fleire eg studerte med og som prøvde seg på produksjonsdyr, ga seg etter eit par år, seier Bostrøm. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

I år bruker staten 237 millionar kroner til øyremerkte tilskot til vaktordningar og til stimuleringstiltak i område der det er for lite å gjera i vanleg arbeidstid. I tillegg bruker mange kommunar eigne pengar til å dobla vaktvederlaget for å halda på dyrlegar. Nokre har vald å oppretta kommunale veterinærstillingar.

Øyremerking kan forsvinna

Men nå har Kommunekommisjonen gjort framlegg om å fjerna øyremerkinga av det statlege tilskotet, slik at kommunane sjølv kan bestemma om dei skal gå til veterinærvakter eller til noko av alt anna som trengst i det kommunale sluket.

– Så viss det er få oppdrag og kommunen ikkje vil gi støtte til vaktordninga, så skal me altså vera tilgjengelege 24/7 utan løn? spør Sikveland, som òg er Senterparti-politikar i Time kommune.

I fjor haust trekte fire andre veterinærar seg kollektivt frå den interkommunale vaktordninga i Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim. Dei protesterte mot kompensasjonen som dei meinte var altfor låg i forhold til belastninga i jobben.

Det er sjeldnare at veterinærane blir tilkalt på nettene for å redda sau. – Sauen er blitt så lite verdt at terskelen for å vurdera avliving, i staden for veterinærhjelp, er blitt lågare enn før, fortel dyrlegane.
Det er sjeldnare at veterinærane blir tilkalt på nettene for å redda sau. – Sauen er blitt så lite verdt at terskelen for å vurdera avliving, i staden for veterinærhjelp, er blitt lågare enn før, fortel dyrlegane. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

96 timar på vakt

– Det kan vera hardt, ja, stadfestar Sikveland.

– I påska hadde eg vakt i fire døgn, 96 timar i strekk. Spørsmålet er om ein får sova innimellom, seier han.

Iblant må ein ut tre-fire gongar kvar natt, ifølge Svein Ove Risa.

– I palmehelga hadde eg 30 utrykkingar. Heldigvis fekk eg sova innimellom. Men på det travlaste var det ikkje tid til verken å eta eller å sova, seier han.

På vakt må ein dessutan ikkje finna på å gå i dusjen, legg han til. Dei andre veit kor han skal:

– Nei, for då ringer telefonen garantert!

Dyrlege Svein Ove Risa går vakt kvar femte dag og kvar femte helg. - Nokre kollegar vil berre køyra på dagtid. Det er ikkje populært hos andre som då må ta vakter, seier han, her med hunden Liva.
Dyrlege Svein Ove Risa går vakt kvar femte dag og kvar femte helg. - Nokre kollegar vil berre køyra på dagtid. Det er ikkje populært hos andre som då må ta vakter, seier han, her med hunden Liva. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Aleine og i enkeltmannsføretak

Dei fem Undheim-veterinærane har eit sterkt fag- og kollegafellesskap. Men økonomisk er tre av dei enkeltpersonføretak. Inntekta er avhengig av kor mange oppdrag bønder betaler dei for – og vaktvederlaget.

På vakt er dei aleine.

Veterinærforeininga anbefaler minst fire dyrlegar i kvar vaktordning, som skal fungera kvar dag og natt gjennom heile året.

– Tre eller to i ei vaktordning er ikkje lett å kombinera med familieliv, seier Christian Tengs. I kvart femte vaktdistrikt er det færre enn fire dyrlegar i vaktordninga.

Situasjonen i landbruket er på eit meir eller mindre kritisk nivå, meiner han.

Spår kaos og krise

Mens det i gamle dagar fanst eit veterinærdirektorat, har ingen sentral styresmakt ansvar for at veterinærdekninga fungerer på landsbasis i dag. Det einaste som sørger for at dei 160 vaktdistrikta går rundt, ifølge Tengs, er øyremerkinga, ettersom Landbruksdirektoratet har ansvar for å dela ut pengane som går til kommunane for dette.

– Viss øyremerkinga forsvinn utan ein alternativ modell som sikrar vakta, vil det bli kaos og krise. Då kjem ordninga til å kollapsa, og dyr vil døy, spår han.

Veterinærforeininga er ikkje dei einaste som har protestert mot å fjerna øyremerkinga. Det har også Bondelaget og rundt 100 kommunar gjort.

Vil regjeringa fjerna øyremerkinga av pengar til kvelds- og nattevakter for dyrlegar? Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) - her på Varhaugmøtet i vinter - skal vurdera reaksjonane på framlegget før regjeringa tar stilling.
Vil regjeringa fjerna øyremerkinga av pengar til kvelds- og nattevakter for dyrlegar? Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) - her på Varhaugmøtet i vinter - skal vurdera reaksjonane på framlegget før regjeringa tar stilling.

Ingenting avgjort

Nyleg blei dette ei sak i Stortinget: Frps Hilde Grande spurde landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) korleis han vurderer beredskapen for veterinærtenester i landet i lys av dette framlegget og «den pågående veterinærkrisen».

Situasjonen gir grunn til bekymring, meinte også ministeren. «Tilstrekkelig tilgang på veterinærer er avgjørende for å ivareta dyrehelse, dyrevelferd, mattrygghet og beredskap. Det er en forutsetning for aktivt landbruk og matproduksjon i hele landet», skreiv han i svaret.

Staten brukar seks millionar kroner på ei mentor-ordning i regi av veterinærforeininga i år, og dette tiltaket har fått gode tilbakemeldingar, ifølge Sandtrøen.

Det kan Frida Bostrøm på Undheim skriva under på.

– Det er veldig trygt å kunna lena seg til dei litt eldre kollegaene, seier ho.

Men øyremerking har Regjeringa ikkje tatt stilling til. Det vil dei gjera når dei har vurdert reaksjonane som er komne inn i høyringa, som blei avslutta midt i april, ifølge landbruksministeren.