Astrid og Torleif Pedersen (87 og 83), og Ingvor og Leif Karluf Serigstad (86 og 83).
Astrid og Torleif Pedersen (87 og 83), og Ingvor og Leif Karluf Serigstad (86 og 83). Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Datoen er 13. august 1966. Staden er Gjesdal kyrkje.

Innvendig sit eit festpynta brudefølgje. Utanfor står ikkje berre eitt, men to spente par som skal til alters om få minutt.

Fremst går Astrid og Torleif, snart ekteparet Pedersen.

Bakarst går Ingvor og Leif Karluf, straks ekteparet Serigstad.

To bruder, med kvar sin brudgom, bøyer kne ved alteret.
To bruder, med kvar sin brudgom, bøyer kne ved alteret. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Dei kvitkledde er søstrer. I dag hugsar dei ikkje kven som kom opp med ideen om fellesfeiringa, men Leif Karluf meiner det må ha vore faren til jentene.

– Då fekk han servere éin gong, og så var det greitt. Det var jo eit stort og gildt bryllaup, seier han.

– Eg forstår ikkje at det har gått 60 år. Me er jo eldgamle, seier Ingvor.

Bilturane som endra alt

Klokka kan skruast enda litt lengre tilbake. Søstrene bur saman på hybel på Bryne, og er aktive i bedehuset Saron.

Der treffer Ingvor sin Leif Karluf. Ingen av dei hugsar detaljane over 60 år etter, men Ingvor meiner at han køyrde henne til heimplassen i Gjesdal ein gong, og at dei då blei litt betre kjende.

Astrid takkar svogeren sin for matchen ho fekk like etterpå, då han tok med seg kompisen Torleif for å hente jentene i Stavanger etter eit besøk.

Det har blitt mange treff gjennom dei over 60 åra som para har halde i lag.
Det har blitt mange treff gjennom dei over 60 åra som para har halde i lag. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Kvartetten funderer på om det kan ha vore i den grøne og kvite Opelen.

– Eg veit ikkje om du hadde sett så mykje på meg, men eg hadde iallfall sett på deg, smiler ho til mannen sin.

Astrid og Torleif kjende til kvarandre gjennom felles vennar, men det var denne bilturen som blei vendepunktet.

– Me blei einige om at me skulle gjere litt meir ut av det. Og det har eg ikkje trega på, seier ho.

– Det har vore godt og trygt

Frå gardseigedommen på Tu, som ekteparet Pedersen har budd på sidan dei gifta seg, har dei sjøglimt og vidsyn over jorda nord for Bryne.

Torleif er oppvaksen der, og har vore bonde heile livet. Etter giftarmålet blei også Astrid med i gardsarbeidet, i tillegg til å ta seg av ungane heime.

Først dreiv dei med mjølkeproduksjon. Så begynte dei med produksjon og sal av grønsaker.

Torleif Pedersen har hatt dårlegare helse enn kona Astrid. Han har vore inn og ut av sjukehus dei siste åra. Torleif rosar henne for hjelpa ho gir han kvar dag.
Torleif Pedersen har hatt dårlegare helse enn kona Astrid. Han har vore inn og ut av sjukehus dei siste åra. Torleif rosar henne for hjelpa ho gir han kvar dag. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Stova er pryda av nyare og eldre innramma bilde på veggane, antikke møblar og inventar. I den vestvende hagen liker dei begge å spandere tid no.

Men heilt vindstilt er det sjeldan på eigedommen. Eit ekteskap gjennom 60 år byr naturlegvis på både oppturar og nedturar.

– I eit ekteskap og i livet er det mest kvardagar. Det har ikkje gått på skinner heile vegen, men det har vore trygt og godt uansett. Eg vil ikkje tru det er nokon som seier at det alltid er sol frå klar himmel, seier Astrid, og legg til:

– Me har ein far i himmelen som har hjelpt oss. Han har ikkje ført oss utanfor problem og vanskar, men han har ført oss gjennom, så har me stått sterkare etterpå.

Hagesyslar er ein viktig del av kvardagen til Astrid på sommarhalvåret. Også Torleif er interessert i å sjå korleis blomane utviklar seg.
Hagesyslar er ein viktig del av kvardagen til Astrid på sommarhalvåret. Også Torleif er interessert i å sjå korleis blomane utviklar seg. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Torleif seier seg einig, og rosar kona si i same setninga.

– Dei siste åra har eg vore sjuk. Ho har vore heilt ufatteleg god med meg. Ho er så god at det ikkje er å kome ifrå.

– Me er så heldige som framleis får vere i lag, og ikkje minst får vere heime i lag, seier Astrid.

Presten tok nesten feil

Det var storesøster Astrid og Torleif som først bestemte seg for å gifte seg, før Ingvor og Leif Karluf også følgde etter, einast dei no godt vaksne ektepara rundt kaffibordet.

Det er lenge sidan bilda frå bryllaupet har blitt tatt fram.
Det er lenge sidan bilda frå bryllaupet har blitt tatt fram. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Eg synest det gjekk veldig godt, men eg trur det var noko du ville bestemme som eg ikkje var så interessert i, seier Ingvor om dobbelbryllaupet, og ser på storesøstera.

– Eg hugsar ikkje kva det var, men eg blei litt sur, ler ho.

– Det verste av alt var at presten heldt på å ta feil om namna, minnast Astrid med eit smil.

Ingvor insisterte på at Leif Karluf måtte fikse håret med litt vatn før fotografering.
Ingvor insisterte på at Leif Karluf måtte fikse håret med litt vatn før fotografering. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ingvor og Leif Karluf flytta inn i leilegheita som søstrene hadde delt på Bryne. Deretter bygga dei seg eit hus på den tidlegare gardseigedommen til familien hans på Rosseland.

– Me har det godt og håpar at me får bu i huset ei stund til. Der er alt på eitt golv, seier Ingvor.

Ein minnerik dag

Astrid viser eit brudebilde av dei fire saman.

Bryllaupsalbumet var ikkje noko ho tenkte på å finne fram før Jærbladet kom på besøk – men etter ein kort leiteaksjon kjem ho ned frå loftet med det i handa.

Gamle og fargelause, men klare, foto har ektepara å sjå tilbake på frå dagen sin.
Gamle og fargelause, men klare, foto har ektepara å sjå tilbake på frå dagen sin. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det rommar bilde frå både vigselen, hos fotografen og festen etterpå. Helsingar, brev frå Telegrafverket og songar dei laga til kvarandre, blir også bladd fram.

Det er eitt år mellom søstrene. Dei har alltid hatt kvarandre, sånn som Torleif og Leif Karluf også har kjend kvarandre sidan dei var små.

– På jubileumsdagen 13. august skal me på Mor sin på Ålgård, me fire, fortel Astrid.

Astrid og Torleif har planlagt ei feiring saman med storfamilien sin, heime på Tu. Ingvor og Leif Karluf har ikkje planane klare enno.

Gi og ta

8.583 ekteskap enda i skilsmisse i 2025, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

I 2024 skreiv byrået at over 37 prosent av alle inngåtte ekteskap vil ende opp på same måte, dersom trendane dei då viste til står seg.

Søstrene Ingvor og Astrid er fødd med eitt års mellomrom. Mon tru om søstre i dag hadde klart å bli einige om detaljane kring eit bryllaup?
Søstrene Ingvor og Astrid er fødd med eitt års mellomrom. Mon tru om søstre i dag hadde klart å bli einige om detaljane kring eit bryllaup? Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Har dei erfarne nokon tips til Jærbladets lesarar, om korleis å halde saman med partnaren sin like lenge som dei?

– Skilsmisse er ikkje noko tema, ikkje noko alternativ. Det er klart at ein ikkje kjem gjennom 60 år utan at det er noko som knirkar av og til. Det er heilt umogleg, seier Torleif.

– Me er veldig forskjellige i grunnen, så ein treng ikkje å vere like for at det skal gå godt. Men om det kjem nokre kneikar, må ein ikkje gi opp. Ein må jo arbeide litt med eit ekteskap også, legg kona til.

– Kva er hemmelegheita bak eit 60 år langt ekteskap?

– Gi og ta, seier Astrid, som får støtte frå søstera.

Ingvor og Leif Karluf har fått størsteparten av livet sitt saman.
Ingvor og Leif Karluf har fått størsteparten av livet sitt saman. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Leif Karluf meiner at det handlar om noko så enkelt som å vere gilde med kvarandre.

– Og ein må kunne tilgi og ikkje gå og gøyme på ting. Det har vore mi rettesnor, men om eg har klart det heile tida er noko anna.

– Det skal kanskje noko til, seier Ingvor.