– Eg har stortrivest som elektrikar gjennom nesten ti år, og synest det har vore vanskeleg å kome til punktet å seie opp for å bli bonde på heiltid, seier Rasmus Pollestad.

Men 1. januar tar han likevel over mjølkedrifta og storfeet på heimgarden sin på Høyland i Hå.

Det er denne framtida han alltid har sett for seg.

– Eg har tenkt at det blir kjedeleg og litt for einsformig å jobbe som elektrikar med tida, sjølv om det har vore veldig variert i dei åra eg har arbeidd med det, seier han.

– Du får prøvd deg på mykje i yrket som bonde, og det er eit veldig fleksibelt arbeid.

Ungdomsboost

Det blir stadig færre bønder i Noreg. Samstundes kunne ein i 2024 sjå den høgaste prosentdelen unge bønder sidan 2004.

Avisa Nationen kallar det for ein «ungdomsboom».

Pila peika lenge bratt ned, men på to år er prosentdelen i den yngste alderskategorien løfta frå under 18 prosent i 2022 til 22 prosent i 2024, skriv avisa.

7658 var talet på unge bønder i fjor. Førre gong det var høgare, var i 2011.

Det vil alltid vere ein maskindel som må fiksast, ei ku over gjerdet eller gras som må haustast før vêret slår inn. Men Pollestad liker at yrket som bonde er fleksibelt.
Det vil alltid vere ein maskindel som må fiksast, ei ku over gjerdet eller gras som må haustast før vêret slår inn. Men Pollestad liker at yrket som bonde er fleksibelt. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Pollestad er godt under den øvste aldersgrensa i ung-kategorien. Men faktisk debuterte han som bonde på deltid allereie for fire år sidan.

Då bygde ekteparet eit splitter nytt kyllinghus, éin kilometer oppe i vegen.

Dei to bruka blir slått saman når paret overtar på nyåret. I februar skal dei dessutan rive det eksisterande våningshuset, og bygge nytt.

I sommar flytta familien til kjellaren i kårhuset, vekk ifrå Nærbø som har vore heimen dei siste åra. Dette var starten på overgangen som snart trer inn for fullt.

– Eg er litt redd for dyra

Omgitt av grøne enger, og nokre haustgule, står den raude låven som Pollestad kjem til å bruke mangfaldige timar i. Han har store planar om å setje i gang med noko oppgradering så snart hovudhuset står klart.

Med dottera Mathilde (14 månader) på kneet, strekk han ut ei hand til ein nysgjerrig mule i fjøsbåsen. Den snart barnehageklare jenta følgjer spent med. Kanskje blir ho like interessert i bruket som faren når ho veks til?

Sjølv om han snart får ansvar for 40–50 mjølkekyr, i tillegg til produksjonen av 280.000 kyllingar i året, vil det hovudsakleg bli utan konas hjelp.

– Eg er litt redd for dyra, så det passar ikkje så godt, ler ho.

Ho er internatleiar på Tryggheim vidaregåande skule, og er ikkje særleg interessert i landbruk, sjølv om ho er oppvaksen på gard i Årdal.

– Eg trur ikkje eg kjem til å bidra så mykje praktisk, men det går fint å «stedle» litt kyllingar, seier ho.

– Men eg vil engasjere meg så han ikkje føler seg så åleine om det han held på med. Viss han har planar om å gjere noko, trur eg me er gode på å drøfte ting i lag.

No har Rasmus pappapermisjon med vesle Mathilde. På nyåret begynner ho i barnehage, og han i båsane i fjøsen.
No har Rasmus pappapermisjon med vesle Mathilde. På nyåret begynner ho i barnehage, og han i båsane i fjøsen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Mangel på eit kollegium har vore noko av grunnen til at det har sete langt inne for Rasmus å gi opp dagjobben som lønar eit avgrensa antal timar.

– Er du redd for at det kan bli einsamt?

– Ja, det blir på ein annan måte no. Det hjelper veldig at eg kjenner mange andre som også driv gard, men du må vere meir aktiv for å ta telefonsamtalen eller å ta deg fri, seier han.

Gir Jæren Young Cowboys litt av æra

For odelsguten er bondemiljøet på Jæren ein stor del av grunnen til at livsstilen er tiltalande.

Han har lenge vore aktiv i Jæren Young Cowboys.

«Målet med foreninga er å skape eit miljø blant unge kuinteresserte, der me vil arrangera både faglige og sosiale samankomstar», heiter det på facebooksida deira.

Den har 950 medlemmar. Ifølgje Pollestad er det rundt 80 som frå ulike stader i Rogaland kjem på samlingane.

Også i Rogaland er ungdomsauken eit faktum.

Han trur foreininga kan ha bidratt positivt til rekrutteringa av unge gardsinteresserte her i området – for han klarer eigentleg ikkje å forstå kvifor bondeyrket plutseleg har fått ein boost av unge no.

– Eg føler media generelt er litt negativ til næringa, at det veldig fort blir skrive noko når det er negativt. Kanskje mange bønder sjølv er negative til det også, seier han, og held fram:

– Jæren Young Cowboys er jo eit opplegg som snakkar fram det å vere bonde, med fjøsbesøk og kurs, blant anna om psykisk helse i yrket.

Meir teknologi og fleksibilitet

Fleire andre aviser har omtala trenden.

Til Stavanger Aftenblad sa Ståle Hustoft, som er leiar i Rogaland bondelag, at han trur det kan ha med at fleire unge ser verdien av å vere sjølvstendig næringsdrivande. Han trur også at politisk satsing dei siste åra, og at norske jordbruksprodukt har lykkast, er blant årsakene.

Sosialantropolog og forskar Tom Bratrud har sagt til NRK at han er litt overraska over auken, og meiner mellom anna at matsikkerheit speler ei rolle – at dei kjenner på ei plikt til å forsyne samfunnet med mat.

Familien på tre førebur seg no til å ta over familiegarden på Høyland.
Familien på tre førebur seg no til å ta over familiegarden på Høyland. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Benedikte trur ny teknologi og automatisering freistar unge inn i yrket, og gir fleire moglegheiter.

– Tidlegare har bondeyrket vore veldig knytt til at du aldri kan reise på ferie eller ta deg ei helg vekke. Men no har det for eksempel kome kamera der ein kan følgje med på om det kjem kalv, og fôringa er meir automatisert.

– Mjølkerobot og meir automatisering gjer kvardagen meir fleksibel. Dette frigir også tid til andre arbeidsoppgåver, legg Rasmus til.

Paret er einige:

– Teknologien er nok også med og påverkar at det er fleire unge som «girar» seg på at dette kan funke i eit familieliv, for eksempel.