OSLO  20130103.
Noen har det å slutte med røyking som nyttårforsett. En røyker røyker røyk. Sigarett. 10 pakning med røyk. Røykpakke. Festrøyker. Av og til røyker. Glo.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Ei kvinne i Hå fortvilar over ein nabo som røyker så mykje at det, etter hennar utsegn, går ut over helsa hennar. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB

Ein innbyggar på Nærbø tok nyleg kontakt med Hå kommune.

Innbyggaren fortalde at ho har fått ein ny nabo i sameiget ho bur i, og at denne røyker «ekstremt hyppig» på terrassen – etter hennar estimat ofte fire-fem gongar i halvtimen, nærast gjennom heile dagen.

Ifølge kvinna som kontakta kommunen, går røyken ut over helsa og trivnaden hennar.

Han trenger inn i leilegheita gjennom vinduer og dører, og gjer det vanskeleg for henne eller å bruka eigen terrasse.

«Jeg føler meg innestengt i mitt eget hjem», skriv ho.

Kvinna legg til at ho har fleire andre naboar som òg røyker, men at ho aldri før har opplevd tilsvarande problem.

Ho skriv vidare at ho har kontakta styret i sameiget, utan at dette så langt har ført fram.

I brevet til kommunen ber ho Miljøretta helsevern vurdera saka. Ho ber òg om råd for kva ho kan gjera for å beskytta seg mot røyken.

Ikkje lovregulert

Dei dårlege nyheitene for kvinna er at røyking i private heimar ikkje er regulert, korkje av røykeloven eller av Lov om miljørettet helsevern.

Det skriv kommuneoverlege Gerd Signy Solberg Omland i sitt svar til kvinna, der ho og skriv at ho har forståing for at det er plagsamt.

Kommuneoverlegen legg til at sameiger har høve til å innføra eigne ordensreglar for røyking.

På nettsidene sine har Astma- og allergiforbundet tips til kva som går an å gjera om ein vert plaga av naboen si røyking.

Blant anna kan ein ha god effekt av å stenga ventilen eller vindauget som er nærast røykkjelda, men då er det viktig å finna ei erstatning for lufta som skulle komme inn der. Elles vert det undertrykk i leilegheita. Då kan undertrykket verta større, noko som igjen kan føra til trekk og mindre kontroll på kor lufta som kjem inn kjem frå.

Har bustaden balansert ventilasjon bør ein sjekke om luftinntaket er i nærleiken av der det vert røykt. I så fall bør ein vurdera å bygga det om eller flytta det.

Kan klaga til styret

Astma- og allergiforbundet rår folk som vert plaga av naboen si røyking til å senda ei skriftleg klage til styret.

Styret er då plikta til å ta stilling til om det konkrete tilfellet det vert klaga på, kan vera i strid med burettslagsloven eller sameigeloven.

Begge desse lovane seier noko om at ingen kan nytta bustaden eller fellesområda på ein måte som er til ulempe eller skade for andre på unødvendig eller urimeleg vis.

I forarbeida til desse lovane vert plagsam støy og lukt nemnd som konkrete døme på slike tilfelle.

Rundt åtte prosent av vaksne nordmenn røyker dagleg.