– Eg blei rett og slett «øvegidde», og visste ikkje heilt kva eg skulle seie då eg henta den i går kveld.
Det seier Joachim Jacobsen, dagen etter at renovatøren var på plass for å tømme søppeldunkane hans.
Til Jacobsens store overrasking var ikkje sekken han hadde sortert plast i dei fire siste vekene henta. Den stod framleis knytt til matavfallsdunken, som også var like full som før tømming.
Sekken skal også ha blitt igjen tidlegare, då den var knytt til noko anna.
– Her er me godt kjende med vind, det er flatt og godt og det bles jo. Viss du ikkje festar plastposane som skal ut og leverast til renovasjon, bles dei jo vekk og hamnar typisk på «kjelva» til naboen, seier han.
– I Klepp kommune sorterte me jo tidlegare plasten i gule dunkar. Så fekk me beskjed om å kaste plast i restavfall, og så gjekk dei tilbake til at me skulle sortere ut plasten igjen, seier han.
Meiner dunkane ikkje er moglege å nytte
Jacobsen reagerer på at plasten ifølgje han sjølv ikkje kan bli sortert i dei gule dunkane. Mange har framleis dunkane heime, meiner han.
Også ein annan innbyggjar har sendt klage til kommunen når det gjeld plastordninga, og vedkommande viser også til at søppelet blir tatt av vinden.
Ane Haarr er kommunalteknisk rådgjevar i Klepp kommune og forklarer at dei begynte å samle inn plast heime hos folk på bakgrunn av eit ønskje frå fleire innbyggjarar.
– Også før me nytta ettersorteringsanlegget på Forus, hadde me plastinnsamling i kommunen. Då ettersorteringsanlegget på Forus kom i drift kunne me sortere plast, metall og alt i restavfall, fordi det blei sortert ut i anlegget.
IVAR IKS sitt ettersorteringsanlegg opna i 2019, men blei skadd i brann i 2022. No går derfor alt i restavfall til forbrenning.
– Me måtte då snakke om ein midlertidig løysing for å gjenvinne plasten. Me plasserte ut containarar der folk sjølv kunne levere plastemballasje. Der fekk me inn litt, men me ville få inn meir.
– Grunnen til at me samlar plasten inn i sekker som må bli sett ut, og ikkje i eigne dunkar, er fordi det er ikkje praktisk mogleg å tømme ein dunk full av plast inn i ein renovasjonsbil. Den er lett og fell ikkje ut av dunken på grunn av vakuum og statisk elektrisitet.
– Men dunkane har vore i bruk til plast før?
– Ja, det var eit tilbod sist det var plastinnsamling i kommunen. Folk kunne kjøpe ein dunk for å oppbevare den i, men regelen var akkurat den same som no: posen måtte ut av dunken på tømmedag.
– Bidrar til å halde kommunale avgifter nede
– Det er vind på Jæren. Det har det alltid vore og vil alltid vere, og me oppfattar at folk er flinke til å finne løysingar, både når det gjeld korleis dei plasserer dunkane og sikrar posane mot at dei skal blåse vekk.
Til spesielt vindutsette område tipsar kommunen på si nettside om å setje plastsekken i klem mellom to andre behaldarar eller mellom ein behaldar og eit gjerde eller hekk.
«Du kan også leggje ein stein oppå. Ikkje bind sekken fast i noko – det skapar mykje ekstraarbeid for renovatøren», skriv dei.
– Om sjåførane skal gjere dette på alle dunkane, skaper det for mykje ekstraarbeid. Me er avhengige av at folk gjer ting så lett som mogleg for sjåførane.
Ho understrekar at krava kjem på grunn av nasjonale retningslinjer og krav til kommunane.
– Og så er det viktig å hugse på at det er kjempebra at me klarer å sortere ut fraksjonar frå restavfall som kan gå til materialgjenvinning i staden for å bli brent, då det er bra for klimaet. Kommunen betalar dyrt for å levere restavfall, og klarer me å minske rest ved å sortere ut plast, tekstilar, metall og glas, bidrar det også til å halde kommunale avgifter nede.
Når det nye ettersorteringsanlegget opnar, skal plast igjen i restavfallet.