Pøbel har ingen ting til overs for dei mange vindmøllene på Høg-Jæren
– Men i dag får eg bruka dei for det dei er verdt, sa han med et smil då han og Time kommune onsdag ettermiddag tok med Statsforvaltaren i Rogaland på synfaring til ein av hyllene på Jærens tak – rett nedføre sjølve toppen av Karten.
– Dette er ikkje akkurat urørt natur. Sjå rundt dykk, med vindmøller på alle kantar. Tenk om me kunne dra tusenvis av folk opp hit for å sjå galskapen i vindmølleutbygginga. Det hadde vore ein fin bieffekt av å plassera skulpturen min her, sa Pøbel.
– Uønskt utvikling
Urørt natur står sentralt i Statsforvaltaren i Rogaland sin argumentasjon for ikkje å plassera den 10 meter høge, planlagde betongskulpturen «Mute» på nett denne fjellhylla høgt på Jæren.
Dei viser til at Karten er del av eit nasjonalt viktig og kartlagt landskap, og at det ligg i nærleiken av både etablerte og planlagde landskapsvernområde.
I tillegg har dei peika på at skulpturen kan koma i konflikt med freda rovfugl i området.
Derfor har Statsforvaltaren klaga på vedtaket frå kommunalsjefen i Time, som i oktober – mot Statsforvaltaren sine råd i forkant – gav dispensasjon frå kravet om reguleringsplan, og dermed gav tommel opp for plasseringa av kunstverket ved Karten.
– Dette er ei svært uvanleg sak og det er ei uønskt utvikling at slike konstruksjonar vert plassert på fjelltoppane i fylket.
Klagen har difor også ein prinsipiell karakter, heiter det i klagen frå Statsforvaltaren i november.
Etterpå har saka også vore til politisk vurdering, i utval for lokal utvikling rett før jul. Der opprettheldt eit fleirtal på sju mot to vedtaket om å gje dispensasjon.
– Ikkje så urørt
No håpar Time kommune at Statsforvaltaren skal trekkja tilbake klagen, og derfor hadde ordførar Andreas Vollsund invitert statens folk med på synfaring. Bodskapane var fleire, men hovudbodskapen var klår: Denne staden er ikkje så urørt natur som de skal ha det til.
Det går traktorveg frå turparkeringsplassen som kommunen leiger nede ved Buevegen. Den går heilt opp til toppen av Karten, der Forsvaret i mange år har hatt eit antenneanlegg, som også er synleg i landskapet.
Langs den nedre delen av traktor- og turvegen går dei store høgspentlinjene som kjem inn til Jæren frå Lysebotn. På vegen vidare oppover dukkar Bjerkreimsendaren opp som eit godt synleg landemerke til venstre inne i landet.
Nokre meter etterpå kjem ein skog med vindmøller til syne: den store vindmølleparken på Skinansfjellet mellom Hå og Bjerkreim. Vel oppe på fjellhylla der Time ønskjer å plassera «Mute»-skulpturen, er vindmølleparkar godt synlege på tre ulike kantar, og ordføraren kjem rett frå eit formannskapsmøte der det planlagde vindkraftområdet på Moifjellet i Bjerkreim var ei av sakene til drøfting.
– Også det kjem til å bli godt synleg herfrå, seier ordførar Vollsund.
Friluftsliv og folkehelse, og ønsket om å skapa ein ny tur- og turistdestinasjon på Jæren, står også sentralt i Time kommune sitt ønske om å få på plass «Mute».
– Her har me ein grunneigar som er positiv, og me har allereie fått opparbeidd ein god parkeringsplass, med mogelegheiter for utviding. Det er ein fin tur til toppen, og det er også mogeleg å gå han med barnevogn eller ein god rullestol, argumenterer Vollsund.
– Noko folk kan stoppa opp ved
«Mute» er ei gåve frå kunstnaren, som har fått draghjelp frå lokalt næringsliv til å få realisert den ti meter høge betongskulpturen.
Den anonyme, jærske kunstnaren Pøbel har jobba med dette konkrete prosjektet i over seks år, og det har vore ulike forslag til plassering, før dei til slutt landa på fjellhylla like nedføre toppen av Karten.
I mai 2023 sa eit samrøystes Time kommunestyre ja takk til gåva og til avtalen med grunneigaren.
«Mute» er eit kunstprosjekt som strekkjer seg endå lenger tilbake i tid.
Pøbel har mellom anna spraya «Mute»-symbolet – som står for avskrudd lyd – ulike stader over heile verda. Aller mest kjent er stuntet på Hollywood Walk of Fame i USA våren 2016, då Pøbel spraya symbolet på stjerna til dåverande presidentkandidat Donald Trump.
– Eg trur at den ti meter høge skulpturen kjem til å bli eit kraftfullt uttrykk her på denne staden. Men samtidig er han ikkje større enn at du må oppsøkja han for å sjå han, sa Pøbel på synfaringa.
– Han skal vera grå, og sjå ut som ein stor stein i landskapet. Samstundes skal han vera noko anna, noko folk kan stoppa opp ved, noko som kan setja i gang tankar, sa Pøbel.
– Spennande og nyttig
Fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg minna om at det blir stadig færre urørte område, og at det er eit argument for at Statsforvaltaren kanskje bør bli endå strengare med kva dei tillèt ute i naturen.
Ho understreka også at dei ikkje kunne koma med ei avgjerd der og då.
– Det har vore spennande og nyttig å få sjå staden, og å høyra på det de har å seia og korleis de tenkjer. Me tek det med oss vidare, sa assisterande statsforvaltar Lone Solheim mot slutten av møtet på platået der Time ønskjer å plassera skulpturen.