Tysdag kveld fekk politiet melding om ei gruppe med barn eller ungdommar som skulle ha tent fyr på noko inntil eit skur ved Undheim skule.

Ein patrulje rykka ut. Dei fann at det som hadde brunne ikkje var skuret, men eit bål på utsida.

– Ingen skadar, melder Steinar Knudsen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.

Han opplyser at politiet nå gjer vidare undersøkingar.

– Me har òg fått tilsendt ein videofilm som viser ungdommane ved skuret og den aktuelle hendinga, melder Knudsen klokka 21:05.