Det var i eitt-tida natt til sundag at ein politipatrulje stansa ein mopedbil i Klepp.

Mopedbilen viste seg å vera trimma.

Den unge mannen bak rattet valde å vedta eit forenkla førelegg på staden.

– Patruljen tok skilta på bilen og kontakta foreldra, opplyser Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

I løpet av helga har Sør-Vest politidistrikt hatt fleire trafikkoppdrag på Jæren.

I 12:30-tida laurdag ettermiddag stoppa dei ein bil på Nærbø. Bak rattet sat ein mann i 20-åra.

– Han blir meldt for køyring utan gyldig førarkort, seier Slettebø.

Ved midnatt køyrde ein lett motorsykkel av vegen ved Eikeland. Til alt hell slapp føraren frå det med eit lite kutt i fingeren.

Sundag klokka 11:45 stoppa politiet ein bil på Solavegen i Klepp. Også i dette tilfellet mangla sjåføren gyldig førarkort. For dette forholdet blir han meldt til politiet. I tillegg må han svara for å ha køyrt med ein bil som var avregistrert.