– Det skjer at kundar tar feil av Coop-butikkane på Øksnavad, Kvernaland og Klepp Stasjon. Eg kan jo forstå det, seier Grethe Nielsen på Coop Extra Øksnevad.
Men ho kjenner ikkje til at postadressa på Orstad bidrar til særleg forvirring, for det har kome feilsendt post som skal til andre stader også, for eksempel Hafrsfjord.
– Kundane vel jo kor dei vil ha pakkane sine, seier Susanne Auestad, som er tilsett på Coop Extra Kvernaland.
I likskap med tilsette i tilsvarande butikkar på Klepp Stasjon og Øksnavad, som også har postmottak, kan ho ikkje sei at postadressa på Orstad bidrar til særleg forvirring.
Vil styrke lokal identitet
I november bad Klepp-politikar Kjetil Friestad (H) kommuneadministrasjonen rette ein førespurnad om å opprette eit eige postnummer på Orstad.
I forslaget heiter det at snart 3.000 innbyggjarar i bygda har postadresse knytt til Klepp Stasjon eller Kvernaland. Det er snakk om området aust for toglinja, mellom elva Figgjo og Time kommune.
Postnamna stemmer ikkje med geografisk plassering.
Og ifølgje initiativet som blei fremma, skal det vere utfordringar med at pakkar til Orstad blir sende til postmottak på Klepp Stasjon og Kvernaland, noko som fører til unødig køyring.
Eit eige postnummer vil kunne gi grunnlag for levering til post i butikk eller postboksar på Øksnavadporten, heiter det.
Slik vil forvirringa ved adressering, varelevering og for naudetatane bli mindre.
Postmottaka Jærbladet har snakka med meiner altså at ikkje dette har vore eit problem.
Pakkar frå PostNord kan kundar velje å hente på ein utleveringsstad eller pakkeautomat. Det same gjeld pakkar frå Posten.
Ifølgje Posten si nettside er det enkelte nettbutikkar som ikkje lar kunden velje hentestad sjølv. Då blir pakken levert til den føretrekte pakkeboksen eller butikken, som lagra i eigen profil.
Men Friestad argumenterer med at ei endring av namn også vil styrke identitet, tilhøyrsle og lokal stoltheit.
Ordførar Kjetil Maudal har i tillegg spurt om ei endring av postnummer knytt til Tu/Kåsen-området.
– Ikkje rett bruk av ressursar
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad meiner administrering av posnummer ikkje er ei kommunal oppgåve, og at det derfor ikkje er rett bruk av ressursar å gå vidare med prosessen.
Dette fordi det er Bring som tar den endelege avgjersla knytt til endring av postnummer, og fordi det eventuelt vil få konsekvensar for innbyggjarar og næringsdrivande.
Også fordi Fjermestad vurderer at kommunen har lite eller inga påverknad på vurderingane Bring gjer knytt til dette, har ho valt å ikkje undersøka dette nærare med innbyggjarane.
– Kommunedirektøren anbefaler at innbyggjarar og næringsdrivande som ser behov for endring, sjølv vender seg til Posten Bring med ønske om endring, skriv ho.
Kan bli utfordringar for verksemder
Fjermestad kan heller ikkje sjå at postnummer i dag har påverknad på drifta til kommunen, og at det derfor ikkje er noko som vekter positivt eller negativt for å be om ei endring.
Ho er likevel gjort kjend med at det finst strukturar som baserer seg på postnummer, som kan ha betydning for mellom anna næringslivet. Eit eksempel ho trekk fram er at nettsida Finn sorterer næringseigedommar til sals etter postnummer, og ikkje kommune dei høyrer heime i.
Eit anna eksempel er TV-aksjonen, der resultata blir sortert på postnummer. Innbyggjarar og næring med postnummer på til dømes Bryne, blir registrerte som givarar i Time kommune og ikkje i Klepp.
– For verksemder vil ei endring i postnummer krevje oppdatering av kunderegister, adresser i eigne system for kundebehandling, fakturering med meir. Dette vil kunne medføre utfordringar knytt til leveransar og logistikk, skriv ho.
Mindre post i dag, men ikkje utan betydning
Kommunedirektøren poengterer at tradisjonell post i mange tilfelle har flytta over til digitale løysingar, og at postnummer derfor har mindre betydning i dag enn før.
Likevel meiner ho at ei endring vil ha følger.
– Postnummer nyttast som ein naturleg del av identifiseringa i innbyggjaren sitt digitale liv, og ei omlegging av postnummer vil medføre at alle innbyggjarar sjølv må oppdatere eigen informasjon på alle plattformer der postnummer er registrert, skriv ho.
Fordi folk stadig sjeldnare mottar papirpost kan det også bli utfordrande å sikre at dei ein mottar fysisk brevpost frå skriv rett postnummer, heiter det i vurderinga.
– Ein kan då risikere at postdistribusjonen tar lengre tid og at det blir kravd gebyr for ikkje å ha rett postnummer på posten ein skal motta.
Ein eventuell førespurnad frå Klepp kommune om endring av postnummer vil kunne vurderast av Bring tidlegast i oktober, då dette berre blir behandla ein gong i året.