Frp-politikarane Eli Irene Wetteland Nygård og Geir Undheim i Hå, er blant dei som meiner det trengs ei pause i busettinga av nye flyktningar.
Frp-politikarane Eli Irene Wetteland Nygård og Geir Undheim i Hå, er blant dei som meiner det trengs ei pause i busettinga av nye flyktningar. Foto: Håvard Ovesen

– Det er berre å trø til, uttalte Svein Arve Nygård i Hå Frp etter at Russland i 2022 gjekk til angrep på Ukraina og staten bad kommunane førebu seg på å ta imot langt fleire flyktningar enn dei hadde gjort dei siste åra.

Snart fire år er litt av den opphavlege entusiasmen i ferd med å dabba av.

Kommunane på Jæren har, i større eller mindre grad, tatt imot dei flyktningane dei har vorte bedne om, men fleire og fleire ropar nå varsku om ein sprengt bustadmarknad og stort press på dei kommunale tenestene.

– Me er så pressa på så mange område nå at det er krevjande å ta vare på dei me allereie har busett, sa Ove Unhammer (INp), som høyrer til dei som ikkje vil busetta fleire flyktningar i 2026.

Null flyktningar til kommunen er framleis ein marginal posisjon, men i det politiske miljøet på Jæren er det stadig fleire som tar til orde for å setta bremsene på.

Nytt av året er at heller ikkje kommunedirektørane på Jæren vil ta imot like mange flyktningar som det staten ber om.

Vil busetta 13.000 flyktningar i 2026

I fjor søkte rett over 17.000 personar, 14.600 av dei frå Ukraina, om beskyttelse i Norge. Det viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Direktoratet ventar at søkartalet vil gå noko opp i år.

Søknadsprosessen kan ta lang tid, og det er langt frå alle som søker om beskyttelse som faktisk får opphald og status som flyktning i Norge.

Ove Unhammer (INp) meiner kommunen bør konsentrera seg om integreringa av dei flyktningane han allereie har tatt imot.
Ove Unhammer (INp) meiner kommunen bør konsentrera seg om integreringa av dei flyktningane han allereie har tatt imot. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Dei som får innvilga opphald i Norge, er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som har ansvar for å busetta. Det gjer dei i samarbeid med kommunane rundt om i landet.

Kvart einaste år sender IMDi brev til norske kommunar der dei oppmodar dei til å busetta og integrera så og så mange flyktningar. For å gjera dette, får kommunane integreringstilskot, som skal dekka delar av utgiftene kommunen har med å busetta ein flyktning.

Storleiken på dette tilskotet, som går over ein femårsperiode, har dei siste åra gått ned.

For 2026, ber IMDi kommunane busetta rundt 13.000 flyktningar.

Hå, Klepp og Time vert oppmoda til å busetta 55 flyktningar kvar.

Det er færre enn dei føregåande åra, men framleis fleire enn det kommunedirektørane ønsker å ta imot. Dei stiller i staden inn på at dei skal busetta 47 flyktningar kvar – med atterhald om at det må vera bustadar tilgjengeleg.

Press på tenester og bustadmarknad

I Hå har det i fleire år allereie vore uro for konsekvensane høge busettingstal for flyktningar kan ha for kvaliteten i kommunale tenester og situasjonen i bustadmarknaden.

Også Time og Klepp rapporterer om press på kommunale tenester og bustadmangel.

Det er få ledige bustadar på marknaden og prisane er høge. Det fører til at personar med låg inntekt får problem med å finna stabile og rimelege buforhold, samtidig som fleire vert avhengige av økonomisk sosialhjelp for å klara løpande bustadutgifter.

Frå NAV kjem det rapportar om stor pågang og komplekse saker. «Det er krevjande å få flyktningar over i ordinært arbeid, særleg på grunn av språkutfordringar og helseutfordringar», skriv kommunedirektøren i Hå.

Ukrainske flyktningar kjem til Norge i mars 2022.
Ukrainske flyktningar kjem til Norge i mars 2022. Foto: Foto: Terje Pedersen, NTB (arkiv)

Etterspurnaden etter helsetenester har auka og det er få ledige plassar hjå fastlegane.

Tenester knyta til barn og familie rapporterer om auka ressursbruk, blant anna til tolking.

Barnehagane i kommunen opplever òg at kapasiteten vert utfordra. Særleg gjeld dette barnehagane på Nærbø.

Hå-skulen har lenge hatt eit høgt tal elevar som treng forsterka opplæring i norsk. Kommunedirektøren skriv at skulane jobbar systematisk med inkluderande og tilpassa opplæring, men at språklege utfordringar og enkelte elevar sine livssituasjonar krev ekstra ressursar og tett oppfølging.

Det er på denne bakgrunnen kommunedirektøren i Hå tilrår at kommunen ikkje skal ta på seg å busetta fleire enn 47 flyktningar, trass i at budsjettet som vart vedtatt før jul legg opp til busetting av 65 flyktningar.

Kva den konkrete økonomiske konsekvensen vert av eit slikt vedtak, er førebels ikkje klart.

Skeptiske politikarar

Så langt har ikkje politikarane i nokon av jærkommunane treft endelege vedtak om kor mange dei vil busetta. Det er kommunestyra som har siste ord i saka. Signala som har komme så langt, tyder i alle fall ikkje på nokon særleg entusiasme for å imøtekomma IMDi fullt og heilt.

Spørsmålet er heller om politikarane kjem til å høyra på kommunedirektørane, eller om dei vil ha busettingstalet endå lenger ned.

I Hå valte eit knapt fleirtal i Utval for oppvekst og kultur å stilla seg bak kommunedirektøren sitt forslag.

Mindretalet, fire av dei ni representantane, å meinte at nemleg at kommunen ikkje bør busetta fleire flyktningar i år i det heile tatt.

– Presset på kommunale tenester er stort nå, og når me ser korleis verda utviklar seg, går me endå større uvisse i møte, sa Geir Undheim (Frp).

Han viste til at fleire kommunar nå seier nei til å busetta fleire flyktningar, samtidig som Høgre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet ser ut til å stramma inn på flyktningpolitikken sin.

Undheim hadde fått med seg at kommunedirektørane i Klepp og Time òg legg opp til å ta imot 47 flyktningar.

– Og det er greitt, men me må hugsa at i dei første inntaka tok me imot fleire enn naboane, sa Undheim.

På vegner av Frp la Undheim fram eit alternativt forslag om at kommunen, skulle avstå frå å busetta fleire flyktningar i år. Forslaget fekk støtte frå INp og Hå-lista.

– Vil regulera seg sjølv

Vegard Ask (KrF) sa at partiet hans tenker heilt annleis om saka.

– Me har tillit til at administrasjonen har gjort ei vurdering rundt dette. Det ser me òg når kommunedirektøren har gått ned frå dei 55 som IMDi bad om til 47, sa han.

Vegard Ask (KrF) meinte busettinga av flyktningar vil regulera seg sjølv, så lenge kommunen tar atterhald om at bustadmarknaden vil tola det.
Vegard Ask (KrF) meinte busettinga av flyktningar vil regulera seg sjølv, så lenge kommunen tar atterhald om at bustadmarknaden vil tola det. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Ask viste vidare til at det i kommunedirektøren sitt forslag låg inne to atterhald.

Det eine var at kommunen ikkje vil ta på seg å busetta einslege, mindreårige flyktningar, gjeve at han allereie leverer omfattande tenester til mottaket for einslege, mindreårige asylsøkarar på Nærland.

Det andre atterhaldet Ask viste til, var at kommunen berre vil ta på seg å busetta flyktningane viss det er nok tilgjengelege bustadar og kapasitet i dei kommunale tenestene.

– Då vil det regulera seg sjølv kor mange me faktisk tar imot, sa han.

I utvalet stemte både Høgre og Senterpartiet for kommunedirektøren sitt forslag, men representantane deira kunne røpa at gruppene er delte.

– Nokre meiner null, nokre meiner halvparten og nokre meiner 47, sa utvalsleiar Jan Harald Forsmo (H) om Høgre sitt syn.

Han forklarte at grunnen til at dei to Høgre-representantane i utvalet landa på å stemma for kommunedirektøren sitt forslag, var at det trass alt var ei nedjustering frå IMDi sin opphavlege førespurnad og at det i vedtaket ligg inne atterhald om at om dei ikkje vil ta imot om det ikkje er kapasitet.

– Men me kjem kanskje til å diskutera dette litt meir inn mot kommunestyret, sa Forsmo.

Færre i Klepp

I Klepp har Framstegspartiet og Høgre fem av ni representantar i formannskapet. Det var nok til å sikra fleirtal for eit alternativt forslag om at Klepp skal busetta 30 flyktningar neste år, ikkje 47, slik kommunedirektøren hadde stilt inn på.

Det var Fridtjov Helland (H) som la fram det alternative forslaget på vegner av dei to partia. Helland sa at kommunen lenge har levert godt til IMDi, men at slik han tolkar situasjonen, er det nå «på kanten til om dette går greitt»:

– Klarar me å halda den kvaliteten me kan forventa å gje til eksisterande flyktningar og eventuelle nye, spurde han retorisk.

Siri Øksnevad Olsen frå Frp kalla busetting av flyktningar ei krevjande oppgåve.

– Det er ikkje nok å ha tak over hovudet. Dei må få ein reell moglegheit til å verta integrert i lokalsamfunnet. Mange kommunar har hatt store utfordringar. Tar me imot for mange, er det ein fare for at me ikkje klarar å følga godt nok opp, særleg om det kjem mange med særskilde behov, sa Olsen.

Siri Bloch Lindtveit (KrF) og Fridtjov Helland (H) var delte i synet på kor mange flyktningar Klepp skal ta imot.
Siri Bloch Lindtveit (KrF) og Fridtjov Helland (H) var delte i synet på kor mange flyktningar Klepp skal ta imot. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Mindretalet, beståande av Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, ville heller gå for kommunedirektøren si innstilling.

– Eg stolar på at administrasjonen har tatt ei god vurdering på dette, sa Roar Lima Grødeland (Sp).

Både han og Siri Bloch Lindtveit (KrF) argumenterte med at Russland sin krig i Ukraina er inne i sitt fjerde år, og at det framleis er behov for at Klepp tar ansvar.

Lindtveit sa at i denne samanhengen er ikkje 47 mange. Ho viste òg til at regjeringa har ikkje vil ta imot meir enn 100 kvoteflyktningar i år. Ein kvoteflyktning er ein person på flukt som vert overført til tredjeland etter tilråding frå FN sin høgkommissær for flyktningar.

– Då må i alle fall me ta imot dei me får beskjed om, tenker eg, sa Lindtveit.

Mindretalet i formannskapet var òg opptatt av at Klepp må legga seg på same linje som Time. Dei to nabokommunane har eit tett samarbeid om integrering av flyktningar, med felles flyktningteneste, kompetansesenter og NAV.

– Ikkje slik at me ikkje ønsker å få det til

Då førespurnaden var oppe i Utval for levekår i Time, la Høgre-representanten Bente Hamre Larsen fram eit forslag likt det som vann fram i formannskapet i Klepp: Kommunen skal ta imot opp til 30 flyktningar i løpet av året, ikkje 47, som kommunedirektøren foreslo.

Forslaget fekk dei fire stemmene til Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, men dette var ikkje nok til å sikra fleirtal. Dei fem representantane til KrF, Senterpartiet og Venstre stemte mot.

– Me må ta vårt ansvar i ei uroleg verd, sa Sondre Undheim Lokøy (V).

Han viste til at busettinga så langt har fungert godt og at det i kommunedirektøren sitt forslag trass alt låg inne eit atterhald om at det må vera nok tilgjengelege bustadar.

– Me må ta vårt ansvar i ei uroleg verd, meinte Sondre Undheim Lokøy (V).
– Me må ta vårt ansvar i ei uroleg verd, meinte Sondre Undheim Lokøy (V). Foto: Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

Larsen, som fremja det alternative forslaget, sa at Høgre er urolege for om busettinga dei kommande åra vil vera berekraftig, både for bustadmarknaden og dei kommunale tenestene.

– Det er ikkje slik at me ikkje ønsker å få det til, men me er opptatt av kvalitet, både i busettinga og, ikkje minst, i integreringa, sa Larsen.

Nils Martin Sikveland frå Senterpartiet ville ikkje støtta alternative forslag utan å ha konferert med resten av partigruppa, men innrømma at det kunne vera greitt å senda eit signal om at den statlege finansieringa av busettinga ikkje er god nok.

Sikveland, og fleire andre rundt bordet, lurte på kva konsekvensane ville vera om Klepp og Time vedtar ulike busettingstal.

Svaret dei fekk frå kommuneadministrasjonen, var at det skal nok gå, men at det kan verta litt meir klatte når dei skal disponera ressursar mellom dei ulike kommunane. Når talet har vore likt for begge to, har ikkje dette vore ei problemstilling.

Korleis dei ulike partia og kommunane til slutt landar, vert klart i løpet av februar. Då skal dei tre kommunestyra ta endeleg stilling til førespurnaden frå IMDi.