Om ein søker på «Gunn Merete Lode» i digitaliserte aviser før 26. august 2001, får ein berre eitt treff.

Det stammar frå Jærbladet, tysdag 8. mai 1984, under overskrifta «Konfirmasjonstid».

«Også denne søndagen skal det vera konfirmasjon i mange av bygdene våre», står det.

Under Nærbø Kyrkje står «Gunn Merete Lode» oppført som ein av litt over 60 konfirmantar. Utanom det finst det ikkje nokre spor etter ho i gamle aviser.

Frå august 1988 til august 2001, altså i 13 år, hadde ho vore ein lojal medarbeidar på arbeidsplassen på Nærbø. Ho var på ingen måte nokon offentleg person før namnet hennar dukka opp i alle norske media.

Det vart no politiet sin jobb å snu kvar ein stein for å forsøka å finne ut kven ho var.

Den som med tida fekk oppgåva med å fronta saka til pressa og allmugen, var lensmann i Time, Geir Magne Aanestad.

Slik er bildeteksten frå 2001; «Gunn Merete Lode, 32 år, ble funnet drept på Bryne på Jæren natt til søndag. Lensmannen i Time, Geir Magne Aanestad, på en pressekonferanse mandag».
Slik er bildeteksten frå 2001; «Gunn Merete Lode, 32 år, ble funnet drept på Bryne på Jæren natt til søndag. Lensmannen i Time, Geir Magne Aanestad, på en pressekonferanse mandag». Foto: Foto: Alf Ove Hansen/Scanpix (NTB)

Laurdagskveld på Jæren

Ei knapp veke før drapet, måndag 20. august, vart lensmannen intervjua av Jærbladet i samband med siste helg på Bryne.

Bryne var den gong, som no, det senteret mange jærbuar drog til om dei skulle ut i helgene.

Under overskrifta «Talet på valdssaker på Bryne viser stigande tendens», svara lensmannen at det var lettare vald utan personskade som auka.

«Dei grove valdstilfella har ikkje auka», slo han fast.

Geografisk sette han hendingane til områda rundt Kongo, Shell-stasjonen og ved jernbanen.

Det var med andre ord sedvanleg helgesjau som prega Bryne ei veke før drapet.

– Eg hadde vore med på drap før, men då var det i nære relasjonar. Då me fekk dette drapet tenkte eg: No er det vår tur. Den typen drap hadde me aldri hatt, seier Geir Magne Aanestad 25 år etter.

Mannskap frå KNM Harald Haarfagre deltok i leitinga etter drapsvåpenet og andre gjenstandar i samband med drapet.
Mannskap frå KNM Harald Haarfagre deltok i leitinga etter drapsvåpenet og andre gjenstandar i samband med drapet. Foto: Foto: Alf Ove Hansen/Scanpix (NTB)

Marsjordre frå Sandnes

Lensmann Aanestad låg heime og sov då telefonen ringde nått til søndag 26. august.

I den andre enden var den lokale lensmannsbetjenten som hadde vakt den helga.

Aanestad kom seg i uniforma og drog rett til dåverande Rogaland Politikammer i Sandnes. Der hadde politimeister Kjell Eide sett sin stab.

Aanestad skildrar tilhøva den natta. Det kokte inne på politikammeret og media hadde så vidt begynt å få greie på saka. Det som har brunne seg fast i minnet til lensmannen er dette:

– Politimeister Kjell Eida sa til meg: «Geir Magne, no reiser du tilbake til di eining og løyser denne saka». Det var ei kjempeutfordring å få.

Det handla om å bygge opp ein organisasjon og samle trådane. Aanestad visste at det ikkje var han som skulle løyse saka. Han visste òg at han fekk store ressursar å spele på, om det var behov. Kripos kom tidleg inn i saka.

– Me delte det opp i arbeidsoppgåver. Til dømes var det ting me måtte gjere, og andre ting me kunne sette ut. Noko vart jobba med i grupper, og andre ting var det enkeltpersonar som tok seg av.

Politiet tar omsorga

Eit tidleg grep lensmannen gjorde, hadde ikkje så mykje med etterforskinga å gjere:

– Det var ingen kriseteam på den tida. Men eg sette tidleg av ein av mine betjentar som skulle besøke og informere familien. Eg trur det skjedde før gravferda.

For politiet gjaldt det òg å danne seg et bilete av Gunn Merete Lode.

– Me rota i alt ho hadde føreteke seg den siste tida før drapet. Det som slo oss var at ho var så skikkeleg. Det var ingenting negativt. Så me bygde opp eit inntrykk av ei heilt alminneleg og solid dame. Det vart òg ei av utfordringane i etterforskinga. Ho hadde ikkje tilhøyrt noko miljø kor ho kunne verte utsett for noko slikt.

Det var ikkje berre familien Lode som fekk oppfølging. Det fekk og det sentrale vitnet, som den gong var 17 år.

Etter drapet jobba politiet særs bredt. Etter som tida gjekk, vart ho meir og meir omfattande. Dei fotfylte moglege ruter som Gunn Merete Lode hadde gått frå den tida ho sist vart sett ved jernbaneundergangen.

– Hadde dette skjedd i dag, hadde me hatt minst 17 offentlege og private kamera på den strekninga. Den gong hadde me ikkje det, seier Aanestad.

Hetlandsgata i 2026, der Gunn Merete Lode blei funnen i 2001.
Hetlandsgata i 2026, der Gunn Merete Lode blei funnen i 2001. Foto: Foto: Vebjørn Olsen

Ei analog verd

Dei henta inn data frå bakkestasjonane til mobilnettet, og måtte gå gjennom lange lister for å finne ut kven som hadde vore i Bryne sentrum på drapstidspunktet. Det meste føregjekk analogt på den tida.

Noko som var nytt, var bruken av DNA. Politiet hadde sikra DNA-et til gjerningsmannen. I etterkant sette dei i verk ei omfattande testing av befolkninga som var i rette alderssegmentet:

– Det var ein enkel test, kor du setter noko som liknar ein q-tips i munnvika. Men det var utruleg kor villige folk var til å stille opp. Kanskje dei tenkte: Dette er mitt bidrag, seier Aanestad.

Den tidlegare lensmannen seier i dag at gjerningsmannen glapp i alle undersøkingane. Og at namnet hans ikkje var kjend for politiet den gong.

– Me hadde òg eit hemmeleg spor som gjorde oss sikre på at om han gjorde ein glipp, så har me han. Det eg tykkjer var imponerande, var at dette aldri lakk ut.

Aanestad vil ikkje sei kva dette sporet var. DNA-sporet gjekk dei derimot ut med i pressa.

Tendensar til hysteri

Samstundes skapte drapet naturleg nok uhygge på Bryne.

– Det var eit tilløp til hysteri. Mogleg litt drive av media si dekking, om at folk måtte halde seg inne. Me såg det haldt på å ta litt av, så me freista å kontra det og sei at folk måtte oppføre seg normalt.

Aanestad hugsar spesielt ein episode frå den tida kor han overhøyrde ei dame som sa:

– Eg nektar å la meg skremme av ein tulling. Eg skal leve eit normalt liv. Ho velde vekk frykta.

Etterforskinga gjekk vidare, utan at ein kom nærare å finne gjerningsmannen.

Då me hadde halde på ei tid, kom der inn ein ny gjeng, som snudde bunken og begynte på ny. Men heller ikkje det oppklarte saka.

Den tidlegare lensmannen seier òg:

– Eg sa vel aldri at me skulle ta drapsmannen, men eg sa at me skulle gjere alt me kunne for å gjere det.

Jæren tingrett var under rettssaka på synfaring i Hetlandsgata (som den gongen heitte Hetlandsgata), der Gunn Merete Lode blei drepen. Her er politioverbetent Per Angel i Kripos og politioverbetent Jan Ove Lunde (til høgre) under synfaringa. Den drapstiltalte, danske Kim Poulsen, var ikkje tilstades.
Jæren tingrett var under rettssaka på synfaring i Hetlandsgata (som den gongen heitte Hetlandsgata), der Gunn Merete Lode blei drepen. Her er politioverbetent Per Angel i Kripos og politioverbetent Jan Ove Lunde (til høgre) under synfaringa. Den drapstiltalte, danske Kim Poulsen, var ikkje tilstades. Foto: Foto: Alf Ove Hansen/Scanpix (NTB)

Stille tilfredsheit

Sommaren 2003, omtrent to år etter drapet, fekk Geir Magne Aanestad jobb som leiar av eit fagforbund i politiet. Då drog han til Oslo. Det var der, 16. april 2004, han fekk ein telefon om at gjerningsmannen var tatt.

Det var treff på DNA-sporet etter at dansken Kim Poulsen hadde vorte arrestert i ei valdtektssak.

Geir Magne Aanestad vart intervjua av NRK på Grønland Torg i Oslo den fredagen. Han gjorde ikkje noko spesielt etter intervjuet. I dag, 25 år etter drapet, skildrar han kjensla frå vårdagen 2004 som:

– Ei stille tilfredsheit.

Etterskrift:

Gjerningsmannen, Kim Poulsen, vart dømt til 18 års forvaring. Han slapp ut i desember 2020, og vart utvist frå Noreg.

Poulsen erkjente aldri drapet, jamvel om DNA-profilen matcha. Han sona omtrent 15 år av forvaringsdommen, som hadde ei minstetid på 10 år.