DCIM\100MEDIA\DJI_0023.JPG
SIGNALBYGG: Data- og teknologisenteret vil visa godt att. Det ligg i same kvartal som Jærens høgaste bygning, Forum Jærum. Foto: Asplan Viak

Utbygging av 5G-nettet står for tur, gjenstandane som er kopla til internett, er estimert å nå 50 milliardar i 2020. Allereie i 2025 kan talet doblast til 100 milliardar, ifølgje Patrik Hagelin, forretningsutviklar i eigedomsutviklarselskapet Miris, som ein del av bakteppet for planane på Bryne.

Miris var med på tysdagens pressekonferanse saman med teknologigiganten Nokia, stiftinga Jæren Teknologiforum (Jær-Tek) og Time kommune. At dette var den andre konferansen på rådhuset på berre eit halvt år, seier noko om vyane og ambisjonsnivået for parkeringsplassen Jær-Tek eig ved Bryne vgs.

– Me har ei tomt på 1500 kvadratmeter ved den vidaregåande skulen. Innan nokon år kan det reisast eit monumentalt bygg på Bryne, som kan romma mykje forskjellig, mellom anna eit datasenter, sa styreleiar i Jær-Tek, Arnfinn Vigrestad.

Han var klart meir offensiv i framkant av pressekonferansen, då Miris og Asplan Viak la fram ei rykande fersk konseptutgreiing, enn på oppfølgingsspørsmål i etterkant, om finansiering, moglege leigetakarar og byggjestart.

– Det er ikkje råd å selja inn eit prosjekt utan å noko å presentera, og det har me nå, forklarte den tidlegare Time-ordføraren.

LES OGSÅ: Parkeringsplass kan bli til varmeproduserende høghus

Signalbygg med solcellefasade

Etter at Time kommune og Miris inngjekk avtale om å greia ut data- og teknologisenteret, har Asplan Viak sett saman eit puslespel av eksisterande teknologiar, for å kunna skapa eit senter som både er høgmoderne og berekraftig.

I jakta på det papirlause samfunnet er det gått mange hus forbi kor kolossalt energikrevjande bransjen er. Patrik Hagelin i Miris fortalde at karbonavtrykket overgår flyindustrien, og at bransjen vil stå for ein femdel av verdas energibruk innan 2025.

Spark-konseptet, som datasenteret på Bryne spring ut av, er ein freistnad på å tenkja nytt om energi- og arealbruk. Brorparten av dei eksisterande 9000 datasentera i verda, bruker mykje areal og har serverar som sviv konstant, uavhengig av om når dei er i bruk. Senteret på Bryne er tenkt motsett: kompakt, høgt og midt i bykjernen.

Kan varma opp sentrumskjernen

Arkitekt Peter Felterdal tok konferansedeltakarane gjennom eit vell av teknologiar, som saman skal gjera at senteret på Bryne blir mindre belastande på miljøet. Maskinparken skal stablast i høgda og væskekjølast. Energien som går med til å driva serverane, skal i så stor utstrekning som råd brukast til oppvarminga av bygningar i sentrumskjernen.

POTENSIAL: Peter Felterdal viste fram byggjeprosjekt i Bryne sentrum som kunne vera aktuelle som mottakarar av varme frå datasenteret.
POTENSIAL: Peter Felterdal viste fram byggjeprosjekt i Bryne sentrum som kunne vera aktuelle som mottakarar av varme frå datasenteret. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Innanfor ein radius på 500 meter er det planlagt bygg på Bryne som overgår den varmen som blir generert i maskinhallen. Viss dei blir realiserte – datasenteret og byggjeprosjekta – finst det altså eit potensial for å utnytta all varmen frå datasenteret.

Den oppsiktsvekkjande fasaden er tenkt sett saman av kubar med skråstilte solcellepanel, som i tillegg til å generera straum, også skal sleppa inn indirekte sollys i bygget. På grunn av ein ny dansk teknologi, kan panela ha farge, utan å tapa mykje energi.

Konstruksjonen er førebels tenkt utført med berekonstruksjonar i limtre og etasjeskilje i betong som kan regulera temperaturen med kaldt og varmt vatn. Mest mogleg skal vera prefabrikkert, for å korta ned byggjeperioden og redusera belastninga på omgjevnadene.

DRIVHUS: Robotar og automatisering i jordbruket kan demonstrerast i eit eige, planlagt drivhus i fellesområdet.
DRIVHUS: Robotar og automatisering i jordbruket kan demonstrerast i eit eige, planlagt drivhus i fellesområdet. Foto: Foto: Asplan Viak

Datasenteret blir hjartet i bygget

Bygget som er teikna, har ein base delvis retta mot publikum, med fellesfunksjonar. Mellom basen og eit 12 etasjar høgt kontortårn, er datasenteret tenkt plassert. Dimensjonane er i tråd med den gjeldande sentrumsplanen.

– Senteret er plassert slik at det både dannar inngangsporten til Bryne vgs. og Bryne, frå sør. Inngangsporten er tenkt som eit synleg monument over internett, og skal skapa medvit om korleis databehandling skjer, ikkje minst på grunn av miljøaspektet, påpeika arkitekt Peter Feltendal.

Bygget er ennå ikkje sendt på anbod, nå ventar den tøffe jobben med å finna kapital og leigetakarar. Stiftinga Jær-Tek kan ikkje aksla den økonomiske børa åleine. Miris har i første omgang tatt på seg å drifta datasenteret, men utelukkar ikkje å vera med på å realisera sjølve bygget.

MONUMENT: Spark-konseptet skal synleggjera internett. Det skal vera innsyn inn i sjølve maskinparken.
MONUMENT: Spark-konseptet skal synleggjera internett. Det skal vera innsyn inn i sjølve maskinparken. Foto: Foto: Asplan Viak