Oslo 20210615. 
Pride-flagg er hengt opp rundt i Oslo sentrum.
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Kvar juni håpar eg at Pride skal få vere ei feiring av fridom og mangfald.

At vi kan glede oss over at folk får vere seg sjølve, utan at det skal bli ein ny runde med bråk. Slik burde det vere – også her i Time.

  • Men når det blir starta spleisar for å stoppe flagging på skulane våre.
  • Når kommentarfelta på Jærbladet sine Facebook-sider fyllest av folk som meiner Pride har «tatt over».
  • Når unge skeive i regionen fortel at dei får hets og truslar som gjer at dei ikkje tør bu heime.

Då kan vi ikkje late som om dette berre skjer «andre stader». Det skjer her òg.

Vi likar å seie at Jæren er ein trygg plass å vekse opp. Og mykje er bra – men ikkje alt. Etter terrorangrepet 25. juni 2022 har fleire skeive, også her lokalt, fortalt at dei for første gong kjende seg utrygge då dei skulle henge opp regnbueflagget. Det seier noko om korleis klimaet har endra seg.

Likevel heiser dei flagget. Dei viser at dei finst, og at dei ikkje let seg skremme. Det fortener støtte – ikkje motstand.

For eit regnbueflagg på Bryne ungdomsskule, på rådhuset i Time eller i ein hage på Kvernaland er ikkje eit politisk krav. Det er eit signal om at alle er velkomne. At du kan vere den du er. At du ikkje står åleine. Barneombodet har oppmoda skulane til å flagge nettopp av den grunn.

Og folk flest her lokalt er positive. Det ser vi kvar gong Bryne sentrum pyntast i regnbogefargar, eller når lag og foreiningar på Jæren deltek i Pride-arrangement. Dei fleste forbinder Pride med inkludering og mangfald – ikkje med dei konfliktane nokre få prøver å blåse opp.

Derfor vil eg oppmode alle som bryr seg om eit trygt og raust lokalsamfunn:

Bruk ein pin, eit armbånd eller eit lite flagg. Det betyr meir enn du trur – spesielt for unge som kanskje ikkje tør seie høgt kven dei er.

  • Vis støtte.
  • Sei ifrå når nokon hetsar. Enten det skjer i kommentarfelta til Jærbladet, på togetmellom Bryne og Nærbø, eller i ein lunsjpause på jobben. Det er viktig at dei som blir ramma, ser at andre står opp for dei.
  • Støtt dei som jobbar for inkludering. Det finst mange gode lokale initiativ – frå ungdomsmiljø til frivillige organisasjonar – som løftar, ikkje trykker ned.

Og til slutt: La oss ikkje la dei som roper høgast, få definere Pride. Vi har mykje å feire. Kjærleik og fridom er ikkje noko vi skal skamme oss over – verken i Oslo eller på Jæren.

Happy Pride – frå Jæren til heile landet.