- Likar de skatt? spør Jærbladet. - Me likar inntekter til kommunen, svarer økonomisjef Anita Steinsland Moi (til venstre) og kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i Klepp
- Likar de skatt? spør Jærbladet. - Me likar inntekter til kommunen, svarer økonomisjef Anita Steinsland Moi (til venstre) og kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i Klepp Foto: Ingeborg Eliassen

– Me har ei ung og yrkesaktiv befolkning, mange av dei med fagutdanning eller lågare utdanning. Det påverkar skatteinngangen, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad.

– Me har ingen som bidrar med 150 millionar i formuesskatt, og me har ingen rikmannsstrøk, legg økonomisjef Anita Steinsland Moi til.

– Og det er ei lukke! seier Fjermestad.

Skal bruka det ein har

Dette krev nærmare forklaring.

– Då hadde me lagt oss på eit kunstig høgt nivå. For tenestene som me gir, er eigentleg utømmelege, for det er folk me held på med. Me kunne sikkert gitt det doble; fleire vaksne i barnehagen, fleire lærarar, fleire sjukeheimar. Det er fort gjort å blåsa opp nivået viss ein har pengar til det, seier kommunedirektøren.

Dei supplerer kvarandre igjen.

– Kommunen sitt oppdrag er å bruka inntektene me får, til beste for innbyggarane. Så viss du har mykje, skal du bruka mykje, seier økonomisjefen.

Ny kyrkje, rådhus og kulturhus blir bygd med skattepengar. - Me håper dette blir eit hjarte i sentrum, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad.
Ny kyrkje, rådhus og kulturhus blir bygd med skattepengar. - Me håper dette blir eit hjarte i sentrum, seier kommunedirektør Torild Lende Fjermestad. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

«Ferdig kutta» budsjett

I det midlertidige rådhuset på Øksnavad ser dei i medynk til nabokommunen Time, som for tida kuttar hardt i budsjetta for skule, helse, omsorg og alt anna kommunen driv med og som gjer livet leveleg og trygt for folk.

Time har fleire innbyggarar med høg inntekt og formue enn Klepp. Men bremsene er sett hardt på i år, etter fire år med meirforbruk i oppvekst, helse og velferd.

Slik sett er Klepp betre stilt.

– Vårt tenestebudsjett er ferdig kutta. Nå kjem dei andre kommunane ned mot vårt nivå, seier dei to sjefane.

Kommunen er nummer 13 på lista over brutto driftsinntekter per innbyggar i landets 357 kommunar.

Nummer 13 frå botnen.

Får pengar frå rikare kommunar

Men skattesystemet er innretta slik at kommunar som ligg under landsgjennomsnittet, får overført pengar frå dei kommunane som ligg over. Både Klepp, Time og Hå får slike overføringar frå rikare kommunar, som Stavanger.

- Rundt 43 prosent av det folk i Klepp betaler i skatt, kjem tilbake til kommunen. Resten går til tenester på andre nivå i landet: Universitet, sjukehus, trygd og sjukepengar, seier økonomisjef Anita Steinsland Moi.
- Rundt 43 prosent av det folk i Klepp betaler i skatt, kjem tilbake til kommunen. Resten går til tenester på andre nivå i landet: Universitet, sjukehus, trygd og sjukepengar, seier økonomisjef Anita Steinsland Moi. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Brukar nest minst per innbyggar

Neste år legg kommunen opp til 907 millionar i skatteinntekter.

Det er mykje pengar.

Klepp er likevel det kommunetoppane kallar ein «skattesvak» kommune.

Budsjettet neste år er på 2,1 milliardar kroner.

– Me prøver å halda oss nøkterne. Me vil ikkje opp for å bli nøydde til å ta det ned igjen. Kutt er tøft, både for dei som leverer tenestene, dei som tar i mot dei – og ikkje minst for politikarane, seier Lende Fjermestad og Steinsland Moi.

Denne haldninga – å ikkje bruka meir enn dei har – er ein lang tradisjon i Klepp, ifølge dei to.

– Me tar den berre vidare.

For innbyggarane betyr dette at tenestene ligg på nivået som lovverket krev, utan mykje ekstra. Klepp brukar nest minst pengar per innbyggar av alle norske kommunar, viser ei oversikt frå konsulentselskapet Agenda Kaupang.

– Me må driva tenestene for lite. Men det klarer me ganske godt, for me er vande til det, seier Steinsland Moi.

Foto: Skjermbilde, Klepp kommune
Foto: Skjermbilde, Klepp kommune Foto: Foto: Skjermbilde, Klepp kommune

Mest effektiv i landet

Om Klepp ligg langt nede på denne lista, så hevdar kommunen seg i toppen i andre samanhengar:

I august fekk Klepp førsteplass i landet på Agenda Kaupang si rangering av dei mest effektive kommunane i landet.

«Det betyr at me får mykje ut av dei ressursane me har tilgjengeleg, og klarer å levera tenester med høg kvalitet – sjølv med eit lågt kostnadsnivå. Dette viser at me bruker pengane våre på ein fornuftig måte, slik at dei kjem innbyggjarane til gode», skreiv kommunen på nettsida si.

Samla blei Klepp kåra til den fjerde best styrte kommunen i landet i denne kåringa.

Og i NHOs «kommune-NM» kom Klepp inn som nummer åtte.

– Synest de sjølve at de er flinke?

– Ja, det synest me.

– Og me synest politikarane er flinke, og at dei 1800 tilsette er flinke som klarer å halda seg til dei økonomiske rammene dei får tildelt.

Dei er stolte over kva kommunens folkevalde og tilsette får til for skattebetalarane sine pengar. Plogenparken, for eksempel.
Dei er stolte over kva kommunens folkevalde og tilsette får til for skattebetalarane sine pengar. Plogenparken, for eksempel. Foto: Foto: Klepp kommune

Eit nytt sentrum for skattepengar

Dei er stolte over kva dei får til innanfor desse rammene.

I Klepp sentrum er ei svær utbygging til 660 millionar kroner – av rådhus, kyrkje og kulturhus – i rute til å bli ferdig til opning i november neste år. Ved sida av er den nye Plogen aktivitetspark ein suksess.

– Alt er for skattebetalarane sine pengar, seier Steinsland Moi.

Dei er glade for at dei folkevalde lytta til administrasjonen og heldt igjen med dette løftet til det var rom for det i budsjettet, som dei seier.

– Me er heldige som hadde slike politikarar. Me har spart og venta til me hadde råd. Me har lånt. Men me har råd til renter og avdrag.

Prosjektet i sentrum skal bli eit bygg for alle, understrekar Fjermestad.

– Me som jobbar i rådhuset skal berre ha kontor i andre etasje. Alt anna, biblioteket, frivilligsentralen, kyrkja, kulturhuset, er for innbyggarane. Me håper dette blir eit hjarte i sentrum.

Vil senka folks forventningar

Framover tyder lite på at kommunane vil få det lettare økonomisk. Særleg vil det bli utfordrande å halda oppe tenestene i eldreomsorga når det blir svært mange fleire gamle og færre unge.

I åra fram mot 2050 vil det truleg bli over dobbelt så mange over 80 år i landet, og over tre gongar fleire over 90.

100.000 personar lever med demens i dag, og mange fleire vil bli ramma framover, ifølge prognosane.

Om få år vil Norge ha fleire over 65 år enn barn og ungdom, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Kommunedirektøren «leiker med tankar» om korleis Klepp skal handtera dette.

– Ei kartlegging i heimesjukepleia i kommunen viste at 95 prosent av brukarane var fornøgde. Skal me seia at det er godt nok om 80 prosent er tilfredse? Sånn jobbar me med å avklara forventningar. Me vil vera i toppen, men kva kostar det?

Det største problemet framover blir ikkje økonomien, men mangel på folk, trur Torild Lende Fjermestad.

– Derfor blir me nøydde til å utfordra 21.000 kleppsbuar: Kor mykje kan du ta ansvar for sjølv?