Dette er dimensjonane på jordkablane som skal leggjast gjennom Klepp. Seks stykk av desse, som skal liggja ved sida av kvarandre tre og tre i pyramideform under bakken. Eller skal dei det?
Dette er dimensjonane på jordkablane som skal leggjast gjennom Klepp. Seks stykk av desse, som skal liggja ved sida av kvarandre tre og tre i pyramideform under bakken. Eller skal dei det? Foto: Åge Bjørnevik (Arkiv)

Måndag starta Kolbjørn Sandve (SV) innlegget sitt med å ta kommunestyret med tilbake i tid.

Han mimra tilbake til den gongen Klepp kommune og Klepp energi var innstilt på 41 millionar kroner i meirkostnadar for jordkabel framfor luftleidningar i Lnett si fornying av kraftnettet.

– I eit gruppeleiarmøte i den dåverande posisjonen, som SV var ein del av, stilte eg spørsmål ved om det var nokon øvre grense her, om for eksempel 100 millionar også hadde blitt akseptert. Då var det ganske mange lettare oppgitte smil og risting på hovudet; det ville aldri bli så stort.

– Og no er vi her, sa han.

Meirkostnaden for å leggje jordkabel i staden for høgspentleidning mellom Tjøtta og Hatteland har nemleg auka til 76 millionar kroner, kjem det fram i saksdokument frå administrasjonen.

Det må i tillegg takast høgde for risiko på inntil 28 millionar kroner. Blir dette tatt med i sluttsummen, endar meirkostnaden på 104 millionar kroner.

Vedtok auka andel frå kommunen

I mars 2023 stemte 31 av 31 representantar i kommunestyret for jordkabel på den aktuelle strekninga, og å dekke meirkostnaden på 41 millionar kroner.

For eitt år sidan viste oppdatert kalkyle 62 millionar kroner i meirkostnad.

No er ytterlegare stiging altså eit faktum – igjen.

Martin Haukali (V) kom med forslaget om å leggje jordkabel i Klepp på hylla.
Martin Haukali (V) kom med forslaget om å leggje jordkabel i Klepp på hylla. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Hovudargumentet for å gå for jordkabel er utelukkande estetikk. Då snakkar vi om å bruke 104 mill. på at noko ser fint ut. Då er det mange ting vi heller bør bruke pengar på, sa Martin Haukali (V), som også skreiv eit innlegg om tematikken i Jærbladet tidlegare i veka.

Med dette føreslo han eit alternativt forslag:

«Kommunestyret går ikkje for jordkabel, og ber Lnett om å søke konsesjon for luftspenn på strekninga Hatteland-Tjøtta».

Avtalen har til no vore at Klepp kommune betalar 15 millionar, medan kommuneeigde Klepp Energi tar resten.

Vidar Haugland, styreleiar i Klepp Energi, var i fjor tydeleg på at selskapet skulle stå i auken kalkylen då viste til.

Etter kommunestyremøtet måndag, må styret i selskapet på nytt avgjere om dei framleis kan dekke differansen. Det var nemleg dette politikarane stemte fram måndag, etter tilråding frå kommunedirektøren.

Med 19 mot 12 stemmer vedtok kommunestyret også Framstegspartiet, som fekk med seg Høgre, sitt alternative forslag: Skulle differansen på 76 millionar kroner bli reell, justerer kommunen sitt direkte bidrag til 19 millionar. Om kostnaden blir 104 millionar, kan kommunen skyte inn opptil 26 millionar i potten.

Dette skjer like i etterkant av at kommunedirektøren i samband med presentasjonen av handlings- og økonomiplanen i oktober, uttrykte at politikarane ikkje bør leggje inn fleire investeringar.

Vil ta 137 år å tene inn investeringane

Politikarane tviheld altså på håpet om jordkablar, sjølv om fleire i debatten erkjente at prislappen no var blitt høg.

– Vi i høgre vil støtte avgjerda som blir tatt til slutt av styret i Klepp Energi. Vi har full tillit til at styret gjer ei grundig behandling, og eit forretningsmessig rett val for selskapet, sa Fridtjov Helland (H).

– Det kan kanskje oppfattast som at dette kabelstrekket er ei spesielt stor avgjerd for Klepp energi. Ja, det er ei stor avgjerd, men det tar dei også når dei skal investere i dyre transformatorstasjonar på linjene som blir bygd i Klepp, sa han.

Fridtjov Helland (H) var tydeleg på at han stolar på vurderinga Klepp Energi gjer.
Fridtjov Helland (H) var tydeleg på at han stolar på vurderinga Klepp Energi gjer. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I saksdokumenta kjem det fram at Klepp energi har ein eigenkapital på om lag 179,9 millionar. Denne kan bli halvert som følgje av utgiftene til jordkablane.

Etter rekning på tal frå Klepp Energi, vil det ifølgje Geir Morten Øvestad (Ap) ta 137 år å tene inn investeringskostnadene – då under føresetnad om at prosjektet kjem i mål med 76 millionar i meirkostnad.

– Vi må vel innrømme at med dei summane vi her ser, har det breidd seg ein viss skepsis for om dette prosjektet er like attraktivt no som det var den gongen det først blei presentert, sa Øvestad.

Ikkje aktuelt om Klepp Energi seier nei

– Vi ser at kostnadsramma har auka betrakteleg ifrå sist. Om det enten går på dei kommunale midlane eller om det går på Klepp Energi sine midlar, går det direkte eller indirekte kommunale midlar i det, sa Rolf Helge Bergseth (KrF)

– Dette er historiske plassar med stor betydning. Så vi er eigentleg villige til å vere med å strekke oss langt for å få dette til. Samtidig er det ei smertegrense. Eg trur dei fleste av oss er der at dette vil vi gjerne, men stiller spørsmål ved kor mykje skal vi bruke av pengar.

Rolf Helge Bergseth (KrF) erkjente at kostnaden no hadde auka betrakteleg.
Rolf Helge Bergseth (KrF) erkjente at kostnaden no hadde auka betrakteleg. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Elisabeth Thomassen (Inp) ønskte ei presisering på kva som skjer om Klepp Energi seier at det ikkje lar seg gjere.

– Viss Klepp Energi ser at dette blir for tøft for selskapet, blir det ein så stor belastning for Klepp kommune at det ikkje blir aktuelt, sånn som eg les salen, svara ordførar Kjetil Maudal.

Etter eit lengre gruppemøte enda altså Venstres forslag om å droppe jordkabler med å falle. Det fekk totalt sju stemmer.

Kommunestyret vedtok at vurderinga frå Klepp Energi skal leggjast fram for formannskapet og kommunestyret, og vere oversendt kommunen innan 21. november.

Saka var unntatt offentlegheit

Saka har også vore oppe i formannskapet. Då var saka unntatt offentlegheit, og Jærbladet sin journalist fekk ikkje kome inn i salen.

«Det er ikkje ønskeleg at kostnadsramma kjem ut i marknaden no. Det kan føra til taktisk prising i samband med eit anbod og gi høgare pris for prosjektet», skriv kommunedirektøren i saksdokumentet som no er opna.

Kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen er saksansvarleg, og seier at administrasjonen måtte ta ei ny vurdering på om saka skulle vere lukka for offentlegheit.
Kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen er saksansvarleg, og seier at administrasjonen måtte ta ei ny vurdering på om saka skulle vere lukka for offentlegheit. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Etter spørsmål frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti om kvifor saka blei lukka, tok administrasjonen ei ny vurdering.

– Den kunne nok vore open heile tida, men nokre gonger ser ein det når ein kjem lengre ut i saka, seier kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen til Jærbladet.

Ho seier at det berre var denne behandlingsrunden som var meint å vere lukka. Endeleg behandling, som blir i neste møterunde, blir også offentleg.