– Ingen kyrkjer på Jæren er opne akkurat nå, og me har heller ingen plan for det. Men alle vil vera opne og ha gudsteneste sundag, og då vil det absolutt vera høve til å be og tenna lys for kongen, seier prost Lars Sigurd Fjelde Tjelle til Jærbladet torsdag ettermiddag.
Torsdag morgon meldte Slottet at kong Haralds helse er forverra, og at tilstanden er svært alvorleg. Kronprins Haakon og dronning Sonja har avlyst alt sitt program, og i løpet av formiddagen har heile kongefamilien samla seg på Rikshospitalet, der kongen har vore innlagt sidan måndag i sist veke.
Statsminister Jonas Gahr Støre har avlyst eit planlagt besøk til Tyskland, og stortingspresident Masud Gharahkhani bryt av sitt besøk på Island. Stortingets utanriks- og forsvarskomite er på reise til Sør-Korea og Japan, men snur og kjem heim.
I Stavanger domkyrkje fall meldingane om forverringa i kongens situasjon, saman med torsdagsmessa, ifølge Stavanger Aftenblad. Eit trettital personar var til stades og bad særskilt for kong Harald.
– I dag ber me særleg for Hans Majestet Kongen, som ligg på sjukehus. Stille legg me fram det kvar og ein av oss har på hjartet, bad kapellan Sølvi Irene Vinnes, ifølge avisa.
Noko tilsvarande skjer ikkje på Jæren.
– Me er jo i beredskap her, når kongen vår er sjuk og familien bekymra. Men førebels oppfordrar me alle til å be for kongen i situasjonen han er nå, og for familien hans, seier Tjelle.
Prosten har treft kong Harald, «om ikkje heilt personleg», då han var til stades på vigslinga av Anne-Lise Ådnøy, som gjekk av som biskop i Stavanger i april.
– Eg har alltid sett stor pris på kongen, på humoren og nærværet hans. Måten han til dømes tok imot fotballandslaget då dei kom heim frå VM i sommar, var rett og slett heilt strålande. Eg beundrar Harald si evne til nærvær, seier Lars Sigurd Fjelde Tjelle, prost på Jæren.