Ved 15:30-tida onsdag fekk politiet melding frå Undheim frå ein mann som hadde blitt stoppa av nokon i ein kvit varebil.

– Dei hadde verktøy dei ville selja, og han skulle få gode prisar og rabattar, seier politiinspektør Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Seljarane snakka engelsk.

Den potensielle kjøparen let seg ikkje lokka, og varsla i staden politiet om det som hadde skjedd, og at bilen køyrde av garde i retning Ålgård.

– Politiet har ikkje fått sjekka opp i det, men viss nokon andre skulle oppleva det same: Ver obs, det kan vera tjuvegods, seier Slettebø.

Han ser også gjerne at folk melder frå til politiet dersom dei skulle få liknande tilbod.