Ifølgje Helsedirektoratet skal ein stad med skjenkeløyve bli kontrollert minst éin gong i året.
10. august kom kontrollørane på besøk til puben Coffee Corner på Kleppe, og i etterkant hadde dei fleire merknader til det dei hadde observert.
Kontrollen fann stad knytt til ein konsert som gjekk føre seg i eit telt på parkeringsplassen utanfor puben, og som Coffee Corner AS hadde søkt om utvida skjenkeløyve til.
Klepp kommune hadde godkjent endra vilkår i forbindelse med arrangementet, men med fleire føresetnader.
Fleire merknader frå kontrollørane
I etterkant fekk puben varsel om to prikkar frå kommunen, på bakgrunn av lyd etter midnatt og at kontrollørane meinte reglane for skjenking ikkje blei følgde.
Kommunen hadde gitt avslag på servering av alkoholhaldig drikke i ute i teltet.
Kontrollørane meinte det var blitt skjenka drikke i gruppe tre til gjester i baren inne på godkjent skjenkeområde, som vidare skal ha blitt tatt med ut i teltet.
Dei meinte også at kommunen si føresetnad om godt og synleg vakthald, som skal sørge for at skjenkereglar blir overheldt, ikkje var godt nok varetatt. Dei skriv at dei berre observerte tilsette med publogo på svarte t-skjorter, som stundom stod ved døra.
Eit anna vilkår frå kommunen gjekk ut på at bruk av forsterka lyd som fører til lydlekkasje ut mot område i nærleiken, måtte opphøyre innan midnatt.
Kontrollørane skriv at dei kl. 00.16 gjorde arrangøren oppmerksam på at konserten framleis ikkje var ferdig. Nokre minutt etterpå var den avslutta.
Tildelt éin prikk
Etter behandling i kommunen enda puben med å bli tildelt éin prikk, altså éin mindre enn varsla.
Fleire av utsegnene til leiar Rasmus Sele blei vektlagt i avgjerda.
Mellom anna skriv han at det berre blir brukt drikke med 21 prosent alkohol eller mindre, når puben har telt.
Han skriv at det var sett opp gjerde, slik at ingen kunne gå ut av skjenkeområdet, og at han ikkje kjenner til at brennevin blei tatt ut av skjenkeområdet.
Han viste kvittering for innkjøp av drikke med 21 prosent alkoholinnhald. Kommunen la styrar sin forklaring til grunn her.
Sele poengterte at vaktene nytta t-skjorte med logo bak og fremme, men skriv at det neste gong vil bli nytta refleksvest i tillegg.
Kommunen var her i tvil på om det var eit vakthald, sjølv om det ikkje var nokon skilnad mellom vakter og tilsette.
Styraren var einig i omtrentleg tidspunkt for når han stoppa musikken, og legg til at han hadde gitt beskjed til trubaduren om at musikk skulle bli avslutta ved midnatt.
«Jeg føler ikke at dette er grunnlag for en prikk», skriv Sele i utsegna.
På grunnlag av lydlekkasje etter midnatt, blei puben likevel tildelt éin prikk av kommunen.
Meiner han ikkje fekk moglegheit til å ordne opp
Sjølv om puben fekk færre prikkar enn varsla, er ikkje styrar Rasmus Sele nøgd med avgjerda. Han meiner han ikkje skulle fått prikkar i det heile tatt.
– Sjølvsagt har eg gjort noko gale, men eg meiner eg ikkje hadde anledning til å fikse opp i det heller, seier han.
Han seier at han rundt midnatt var i oppsummeringssamtale med skjenkekontrollørane, og at han derfor ikkje hadde moglegheit til å gi beskjed til musikar om å avslutte.
I rapporten skriv kontrollørane at dei kom 23.59, og hadde oppsummeringssamtalen kl. 00.26. Sele meiner dette er feil, og anslår at kontrollørane kom om lag ein halv time før midnatt.
Han skreiv ikkje noko om dette i uttalen, fordi han meiner at dette med musikken stod klart.
– Då sat eg opptatt med dei. Det burde vore soleklart, meiner han.
– Hadde dei kome til meg 23.45, så dei var ferdige til midnatt, hadde det ikkje vore nokon prikk.
Han meiner dei burde ha sagt at han måtte stoppe musikken med ein gong.
– Kjem du til å klage på avgjerda?
– Ja.
Fekk ny utvida skjenkebevilling
I ettertid fekk Coffee Corner innvilga søknad om ny utvida skjenkeløyve i telt, til arrangement i september. Også her blei vedtaket gitt med fleire føresetnader.
Ifølgje kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen påverkar ikkje prikktildeling om puben får ny utvida skjenkeløyve, så lenge uttala frå myndigheitene seier at det er ok at dei får den.
– Får ein mange prikkar vil det få konsekvensar, men slik er jo ikkje situasjonen no, seier ho.
Tolv tildelte prikkar i løpet av to år vil føre til inndraging av bevilling i éi veke, skriv Helsedirektoratet.