Martin Wiig Haukali (V) meinte kvalitetsmeldinga for barnevernet ikkje var transparent. – Det er viktig for tilliten mellom administrasjon, folkevalte og folk at ein er opne og ærlege med kvarandre, og at rapporteringa og kvalitetsverktøy er mest mogleg objektive, og inneheld mest mogleg tal, sa han.
Martin Wiig Haukali (V) meinte kvalitetsmeldinga for barnevernet ikkje var transparent. – Det er viktig for tilliten mellom administrasjon, folkevalte og folk at ein er opne og ærlege med kvarandre, og at rapporteringa og kvalitetsverktøy er mest mogleg objektive, og inneheld mest mogleg tal, sa han. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– I barnevernsrapporten kan ein lese eit kort avsnitt om at det er høg . Det er i alle fall ikkje ei overdriving, sa Martin Wiig Haukali (V).

Han viser til at Jærbladet i januar skreiv at 13 av 21 tilsette ved barnevernstenesta i Klepp hadde slutta i jobben i løpet av 2024.

To pensjonerte seg, medan elleve gjekk vidare til andre jobbar.

I samband med saka, stadfesta verneombodet ved barnevernstenesta overfor Jærbladet at det var utfordringar knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet i barnevernet.

– For at me som folkevalde skal kunne gjere ein god jobb, er det viktig at saksgrunnlaget me har er godt, og at det som skjer i kommunen er mest mogleg transparent, sa Haukali.

– Det vil eg ikkje seie det er i denne rapporten. Her burde ein tatt med desse tala.

Kalla saka ekstraordinær

I kvalitetsmeldinga som blei lagt fram i mai, kjem det tydeleg fram at utskiftinga av tilsette har vore høg.

Meldinga går ikkje inn på eventuelle forklaringar på kvifor, ut over at høg turnover « ... ikke er unikt for barnevernstjenester generelt».

Den inneheld ikkje tal over kor mange som har slutta.

Rapporten seier at leiinga har hatt søkelys på tilsettingar og å stabilisere personalsituasjonen. Sjukefråværet har stige frå 5 prosent i 2023 til 13,8 prosent i 2024.

Den viser også til at barnevernstenesta har eit kvalitetsteam, som ifølgje leiaren skal ha fire årlege møter og vere eit sentralt organ for medverking og kvalitetsutvikling.

Det blei bestemt å gjennomføre ei medarbeidarundersøking våren 2025, seier den.

«Det er forventet at det settes inn tiltak etter denne er gjennomført for å forebygge høyt sykefravær, turnover og sikre et stabilt arbeidsmiljø».

Haukali skildra situasjonen i barnevernstenesta som «særs ekstraordinær». Ordførar Kjetil Maudal (Frp) har også tidlegare uttalt til avisa at det ikkje er normalt og ikkje optimalt med så mange tilsette som sluttar.

– Ingen nye kommentarar

Jærbladet stilte spørsmål til kommunen, ved Gry Susanne Hetlelid, om kva dei tenker om utsegnene til Haukali og om dei er einige i at rapporten ikkje er transparent.

Avisa spurte også kvifor tala på tilsette som slutta ikkje er tatt med, og kva dei i rapporten meiner med at høg turnover ikkje er unikt for barnevernstenester generelt, sett i lys av situasjonen i Klepp sitt barnevern.

– Me har ingen nye kommentarar til dette, skriv Hetlelid i ein SMS.

Ho var konstituert kommunalsjef for barn og unge i mai 2024, då Jærbladet først omtala at 8 av 21 tilsette hadde slutta sidan nyttår.

Hetlelid sa då til avisa at ho ikkje såg det som problematisk at så mange hadde sagt opp i løpet av fem månader.

– Dette er ein naturleg del av ein fri arbeidsmarknad. Me har fått alle stillingar raskt besett av godt kvalifisert personell. Per no er det ingen ledige stillingar innan barnevernet i Klepp, sa ho.

I januar skreiv kommunedirektør Torild Lende Fjermestad til Jærbladet at kommunen har gode rutinar for rapportering og oppfølging av barnevernet i Klepp, både politisk og administrativt.