– Me støttar ikkje framlegget til endringar i opplæringslova. Dette er eit feilspor. Me treng ikkje fleire verktøy for å ekskludera. Me treng betre system for å inkludera, meiner Trond Hoel.
Rektoren ved Bryne vgs. har stått i spissen for protesten som også kollegaene hans ved dei vidaregåande skulane Godalen, Jåttå, Sandnes, Vågen, Gann, Øksnevad, Dalane og Fagskolen har signert.
Dei reagerer på at Regjeringa går inn for å endra lova slik at elevar som oppfører seg på måtar som «går alvorlig ut over medelever og ansatte», skal kunne visast bort i mykje lengre tid enn i dag.
I dag: Maks fem dagar
I dag kan elevar på 1. til 7. trinn visast bort for enkeltttimar eller for resten av dagen. På 8. til 10. trinn er regelen inntil tre dagar. I vidaregåande skule er maksgrensa fem dagar, men ved «særleg alvorlege» regelbrot kan eleven visast bort for resten av skuleåret.
Endringa regjeringa foreslår, er at ein skal kunna visa eleven bort for maksimalt fire veker om gangen, og at det kan skje maksimalt to gongar.
Høyringsrunden gjekk ut 17. juni, og kunnskapsdepartementet går inn i sommaren med 148 innspel. Ganske mange av dei er positive. Norsk Lektorlag er mellom desse.
Rogalands-rektorane er desto meir kritiske.
Oslo-forhold som ikkje er relevante
– Dette er eit framlegg som kjem etter ønske frå Oslo-skulen, der dei har heilt andre forhold som gjeld vald, truslar og kriminalitet. I mitt hovud handlar dette om ei form for segregering. Ein legg ansvaret over på eleven når systemet sviktar, seier Trond Hoel til Jærbladet.
Ved Bryne vgs., som er ein av dei største vidaregåande skulane i landet og som dette skuleåret har hatt 2.268 elevar, hender det at elevar blir bortvist.
– Me utviser, men for maks fem dagar. I dette skuleåret har me utvist tre eller fire elevar, og ingen for så mykje som fem dagar. Ingen har godt av å vera utvist. Det er betre med trygging og rammer som dei får på skulen. For nokre er skulen den einaste plassen der det er litt struktur, seier Hoel.
– Ikkje her for å ekskludera folk
For han kolliderer endringsforslaget med verdisynet.
– Eg søkte ikkje om å bli skuleleiar for å bortvisa elevar i fire til åtte veker. Eg er her for å støtta og inkludera folk, ikkje for å ekskludera dei, seier han.
Dette handlar i praksis om svært få elevar som rektorane veit kven er, meiner dei.
«De som strever mest. Mange har psykiske utfordringer, traumer eller vanskelige hjemmesituasjoner. Dette er ikke elever som trenger å fjernes. Dette er elever som trenger mer hjelp, tidligere og tettere. Dette er ikke den enhetsskolen vi søkte oss til å lede. Vi er skolert og motivert for å bygge inkluderende fellesskap, ikke for å administrere ordninger som i praksis skyver de mest sårbare ut», skriv dei.
Fleire opplever vald eller truslar
I framlegget legg departementet vekt på at det har vore auke i alvorleg valdskriminalitet og ran dei seinare åra, særleg mellom ungdommar under 15 år. Stadig yngre barn er blitt rekrutterte til alvorleg kriminalitet. Gruppa som står bak alvorlege lovbrot, er lita. Men utviklinga sprer seg til skular, ifølge departementet:
- Det er rapportert om grove valds- og trusselepisodar og narkosal på skuleområde.
- Andelen tilsette som seier dei har opplevd å bli utsette for vald og/eller truslar, har auka dei siste 10 åra.
- Mange elevar opplever mobbing og alvorlege krenkingar, viser Elevundersøkelsen og Ungdata.
- Tilsette på mange skular melder at dei opplever vald som slag, spark, biting og truslar på skulen.
- Grov og krenkande språkbruk og annan trakassering blir meldt som eit veksande problem.
Bortvising ikkje bra for den bortviste
Samstundes rapporterer 80 prosent av lærarane på ungdomstrinnet at dei handterer forstyrrande åtferd godt og at dei klarer å roa ned elevar som bråker, heiter det i bakgrunnen for framlegget.
Forsking viser dessutan at det er negativt for den enkelte å bli bortvist, og at bortvisning ikkje gjer at elevar oppfører seg betre på kort sikt. Tvert imot er bortvisning knytt til svakare skuleresultat, auka risiko for fråfall og meir sannsynleg kontakt med rettssystemet, vald og andre typar problemåtferd på lengre sikt, ifølge departementet.
For dei som blir igjen, kan bortvisning derimot vera positivt – viss det då ikkje bidrar til eit utrygt og lite støttande klassemiljø, skriv departementet.
Styresmaktene går inn for å tillata lengre bortvising, sjølv om dei gir Trond Hoel og kollegaene rett: «Inkluderende praksis gir bedre langsiktige resultater enn segregerende tiltak».
Skal få undervisning borte frå skulen
Ei anna endring som eventuelt kjem, er at elevar som blir bortviste, skal ha rett på undervisning. Slik er det ikkje i dag.
Dette kan vera ressurskrevjande, ser departementet. Men slike kostnader må kommunane, fylkeskommunane og private skular sjølv dekka innanfor budsjetta.
Her er det mange ubesvarte spørsmål, meiner rektorane i Rogaland.
– Kven skal gi denne undervisninga i fire veker? Skal rektorane krevja at tilsette underviser på andre arenaer, utanfor skulen? Kva vil dette gjera med arbeidsmiljøet, profesjonsrolla og rekrutteringa?
Fryktar press frå foreldre
Dei ser også for seg at dei vil komma i eit krysspress mellom foreldre, elevar og tilsette om kven som skal ut, kven som skal skjermast, kven som skal bestemma – og på kva grunnlag.
– Me fryktar press frå foreldre. Foresatte kan komma til å meina at ein bestemt elev bør visast bort, og at denne eleven «ikkje høyrer til her». Me kan fort få ei normalisering av dette, og det er farleg.
Framlegget ber preg av at ein gir opp: Når systemet ikkje lukkast, skal eleven flyttast. Det er i praksis segregering, meiner rektorane.
Dei synest ikkje at det trengst nye reglar for å handtera alvorlege situasjonar. Problemet er heller mangel på ressursar, kapasitet ot gode nok støttesystem rundt eleven, meiner dei.
«Vi trenger ikke flere verktøy for å ekskludere, vi trenger bedre systemer for å inkludere», skriv dei ni rogalands-rektorane i høyringssvaret sitt.