For Ingrid Hausberg var dugnaden ekstra spesiell.
For Ingrid Hausberg var dugnaden ekstra spesiell. Foto: Snorre Standish Norheim

– Litt duracell, seier rektoren om energinivået til Geirmund Gausel.

Laurdag er driftsleiaren høgt og lågt – og det er visstnok ganske representativt.

– Han er rett mann på rett plass, meiner Andreas Årikstad.

Skulen er stengt for helga, men dei to tilsette er langt frå åleine. Frå klokka ni laurdag morgon velta frivillige inn dørene.

Geirmund Gausel (t.v.) viser rektor Andreas Årikstad korleis han skal gå fram.
Geirmund Gausel (t.v.) viser rektor Andreas Årikstad korleis han skal gå fram. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Dugnad som bygger samhald

Styret skal vedta budsjettet og framdriftsplanen for utvidinga av skulen over helga, men klarsignalet er allereie gjeve.

– Eg er veldig takksam for at så mange stiller på dugnad, seier rektor Årikstad, som ikkje har oversikt over kor mange dei blir.

Driftsleiar Gausel fordeler løpande oppgåver til alle som melder seg – også dei aller yngste.

Samuel Åsland (6) er elev på skulen og med farfar på dugnad. Han demonterer trestolar med ein kraftig skrutrekkar.
Samuel Åsland (6) er elev på skulen og med farfar på dugnad. Han demonterer trestolar med ein kraftig skrutrekkar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Anton Elias Eiken (13), som er elev på skulen, bruker kreftene på å riva ned gamle gardiner.
Anton Elias Eiken (13), som er elev på skulen, bruker kreftene på å riva ned gamle gardiner. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Flittige arbeidsmaur skrur ned cellekontor og takplater. Høge lydar ein stad over himlingen viser at skjulte krefter er i sving.

FAU har vore med og førebudd dugnadene, som det er planlagt seks av. Arbeidet held fram til det ikkje lenger er meir å gjera.

Foreldre, elevar og venar av skulen er gira, fortel driftsleiar Gausel, som meiner dugnadane gjev eigarskap og tilknyting

– Eg har mange gode minne frå prosjekt på bedehus og leirskule, og håper det skal bli ei god tid som bygger samhald.

Ingrid Hausberg har ein son i åttande klasse. Shpetim Shabi har ein son i niande. Dei hadde ikkje snakka saman før, nå samarbeider dei om å få ned glassveggane i andre etasje.
Ingrid Hausberg har ein son i åttande klasse. Shpetim Shabi har ein son i niande. Dei hadde ikkje snakka saman før, nå samarbeider dei om å få ned glassveggane i andre etasje. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Heilt ny avdeling

Rektoren har dratt Gausel til sides, og held han nesten fast, slik at han kan fortelja om dei praktiske sidene ved utvidinga.

Cellekontora i andre etasje har stått uendra sidan Aarbakke flytta fabrikken frå Rosseland til Håland, tidleg på 2000-talet.

– Nå er me i gang med å riva, og så blir det oppbygging etter kvart, fortel Gausel.

I andre etasje blir tak og veggar reinska ut – alt blir nytt, inkludert ventilasjon, vassboren varme og ekstra isolasjon.

Her kjem det ei ny avdeling på 500 kvadratmeter, med klasserom, garderobar og arbeidsrom for tilsette.

Vidare skal dei gjera enkelte endringar i den gamle skuledelen, som òg skal utvidast ved å flytta ein vegg.

Jærtun Lutherske Friskule på Rosseland utvidar med ny avdeling for å gje plass til 80 fleire elevar.
Jærtun Lutherske Friskule på Rosseland utvidar med ny avdeling for å gje plass til 80 fleire elevar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Nesten dobla elevtal

Jærtun har inntil nyleg vore godkjent for 120 elevar. Eit positivt vedtak seint i 2025 gjer at skulen kan ta imot 200 elevar.

Det blir 20 på kvart trinn, på skulen som har elevar frå dei startar på skulen i 1. til dei er klare for vidaregåande, etter å ha fullført 10.

– Eg må jo hjelpa til, for å gjera plass til fleire elevar, seier Idar Sandanger.

Han står i eit stillas, høgt oppunder taket, og skrur ned lyddempande plater. Skulen håper å kunna bruka eller selja dei vidare

På golvet står sonen Abraham (13), og tar imot. Han samlar platene på ein palle og plukkar opp skruar etter faren.

Åttandeklassingen gjekk på barneskulen på Tu og starta på Rosseland i haust. Han har ikkje noko imot å stå opp tidleg for å jobba.

– Det er jo for ei god sak, seier Abraham og tar imot nok ei plate.

Abraham Sandanger har ikkje mot å jobba.
Abraham Sandanger har ikkje mot å jobba. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kristent formål

Duracellkaninen Geirmund Gausel går ikkje på batteri. Driftsleiaren og rektoren legg ikkje skjul på kva som er drivkrafta deira.

– Eit viktig arbeid for oss kristne, er å fortelja fleire om Jesus. Det er derfor me gjer dette og utvidar skulen for å kunna ta imot fleire elevar. Men dei skal læra matte, norsk og engelsk òg – me er ikkje berre sundagsskule.

Jærtun på Rosseland er den einaste kristne privat grunnskulen på Jæren, med både barne- og ungdomsskuletrinn.

Dei nærmaste alternativa er i Sandnes kommune. På Nærbø har Tryggheim ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule.

«Me vil i framtida ikkje klare å svare på behovet frå føresette som ønskjer ei kristen opplæring for barna sine. Me ønskjer å kunne imøtekome dette behovet betre», skreiv Jærtun i søknaden til Utdanningsdirektoratet (UDIR).

I ein uttale sa kommunestyret at Time ikkje har innvendingar mot utvidinga til 200 elevplassar. UDIR godkjende søknaden i desember.

Eit stort mindretal i kommunestyret ville gje ein negativ uttale (3 Ap, 1 H, INP, 3 Sp, 2 SV), for å verna den offentlege fellesskulen.

Ringen er slutta

Ingrid Hausberg var elev då Jærtun starta i Hetlandsgata på Bryne, i 2001, før skulen overtok den gamle Aarbakke-fabrikken.

Ho prøver å stilla på dugnad når ho kan – og var faktisk med då skulen flytta vidare til Kong Haakons gate.

– Eg hugsar eg gjekk i femte klasse, seier Hausberg, som ikkje kan hugsa kva år det var.

Ho er den første tidlegare eleven på Jærtun som har ein son eller ei dotter på skulen. Sonen hennar går i åttande klasse.

– Ringen er på ein måte slutta, seier ho.

Ingrid Hausberg hugsar at ho hadde heimkunnskap i kantina i andre etasje, som har stått tom. Ho synest det er bra at det skjer noko her.
Ingrid Hausberg hugsar at ho hadde heimkunnskap i kantina i andre etasje, som har stått tom. Ho synest det er bra at det skjer noko her. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim