– Dette var veldig nervepirrande, fortel Malene Frøyland og Anna Rosland.
Dei to jentene frå Orre skule har akkurat vore framme på scena og mottatt det synlege beviset på at dei kom på førsteplass i den lokale korfinalen, i knallhard konkurranse med dyktige elevar frå Tu skule, Motland skule og Varhaug skule.
– Me hadde berre to veker på oss. Dei andre hadde fleire månader med øving bak seg, avslører Malene og Anna.
Sjølv om den jærske varianten av korslaget eigentleg berre er for sjuandeklassingar, får dei mindre skulane ta med fleire klassar for å få nok til eit skikkeleg kor. I år stilte Orre skule med både 5., 6. og 7. klasse – og dermed song heile mellomsteget seg til gull på den siste skuledagen før palmehelga.
– Dette må vel vera ein fin måte å ta påskeferie på?
– Ja, gliser Orre-jentene.
[img56517F]
Power og energi
Etter innleiande rundar i både Hå og Klepp, stilte fire dyktige kor til finale i Frøyland og Orstad kyrkje. I dommarpanelet sat den rutinerte trioen Hans Berge Stokkeland, Hilde Svela og Ulf Ludvigsen.
– Dette var fantastisk å sjå på, kommenterte Svela etter at Tu skule opna showet med songen «This is me» frå filmen «The Greatest Showman».
– Mykje power, spesielt gutane då dei gav på – det var så me fekk bakoversveis. Mykje energi, fantastisk jobba, sa Stokkeland.
Høg allsongfaktor
Så kom Orre skule, med Return-slageren «Change the attitude». Dei krydra korsongen med både gitarsoloar og akrobatikk.
Hans Berge Stokkeland har faktisk varma opp for Return, så dette trefte han midt i hjartet.
– Det oste glede og energi. Ein kjempefin opptreden!
– Ja, her var det innsats, songglede, trøkk og energi – som er smittande på publikum. Høg allsongfaktor, slo dommarkollega Ludvigsen fast.
Sjå video frå superfinalen:<div style="position:relative;padding-bottom:56.25%"><iframe src='https://delivery.youplay.se/load.html?zone_id=1102&player=sp&part_id=192871&addons=000' scrolling='no' allowfullscreen style='border:0;position:absolute;width:100%;height:100%'></iframe></div>
Lurte publikum
Tredje kor ut var Motland skule, med den energiske songen «Set it off» frå Disney-musikalen «Descendants».
– Eg blei veldig glad av å høyra dykk. Det var innstudert og innøvd, koreografien sit heile vegen, sa Ludvigsen.
– Det er ingen enkel song, men han sit. Det er rytme og pitch.
Hilde Svela likte spesielt godt at Motland-elevane la inn ein humoristisk vri mot slutten. Musikken stoppa brått og alle «gløymde» plutseleg teksten, men så var det berre ein kreativ overgang til ei engasjerande avslutning der koret dansa seg ned frå scena medan dei song a cappella.
– Det er veldig gøy å bli litt lurt som publikum, smilte Svela.
Ellevill Flåklypa-fest
Medan dei tre andre kora song på engelsk, stilte Varhaug skule med ein jærsk variant av «Langt å gå», som Klovner i kamp laga til filmen «Solan og Ludvig – Herfra til Flåklypa».
– Dette var 17. mai, basar, litt ute på markane på Jæren. Alt på ein gong, lo ei storfornøgd Svela.
– Veldig tøft at de starta med skodespel. Så var det veldig kjekt at de varierte med mange ulike vokalistar, kommenterte Stokkeland, og måtte finna fram engelske gloser for å landa det heile:
– This was amazing!
– Vårens vakraste eventyr!
Dommarane fekk ein vanskeleg jobb, men kom etter kvart fram til at dei ville høyra Varhaug og Orre ein gong til i superfinale. Dermed blei det delt tredjeplass på Tu og Motland.
Etter at superfinalistane hadde opptredd ein gong til, annonserte dommartrioen at førsteplassen gjekk til rockarane frå Podlest – til ellevill jubel frå Orre-elevane.
– Men alle dei fire kora som har vore på scena i dag, er enorme vinnarar, understreka Jan Bekkum, rektor ved Klepp kulturskule.
Bekkum fortel til Jærbladet at målet til neste år er å få med absolutt alle barneskulane i dei to kommunane, samt å få hekta på igjen naboane i Gjesdal og Time.
– Eg trur elevane og skulane går glipp av noko ved å ikkje vera med på dette, seier kulturskulerektoren, som fekk det ærefulle oppdraget å vera programleiar for årets utgåve av korfesten.
Sidan denne reportasjen starta med sigerskommentarane frå Orre skule, får me avslutta med det som eigentleg var innleiinga til Bekkum på fredag:
– Dei som kallar Holmenkollstafetten «vårens vakraste eventyr» skulle ha vore på plass her i dag. For vårens vakraste eventyr er finalen i det store korslaget!