Ronja Jensen Nærland vil nå langt som utøvar i cheerleading – ein sport som ikkje er så vanleg i Noreg.
Ronja Jensen Nærland vil nå langt som utøvar i cheerleading – ein sport som ikkje er så vanleg i Noreg. Foto: Privat

– Det er kjempegøy. Eg er litt for avhengig av adrenalin til å sparke rundt på ein ball, for eksempel, seier Ronja Jensen Nærland frå Vigrestad.

Intervjuet skjer over telefon, frå ei solseng i Albania. Men Nærland har ikkje planar om å ligge på latsida for lenge.

– Eg er bortreist i ti dagar. Sesongen har ikkje starta, men eg kjem til å trene mykje på eiga hand med ein gong eg kjem heim, seier ho.

Den ambisiøse jærbuen er i dag busett på Vormsund i Nes kommune – dels på grunn av ein jobb i Forsvaret og dels for å drive med cheerleading i Oslo.

Målet er landslaget til neste år.

Timevis med pendling

22-åringen går snart inn i sin sjuande sesong som cheerleader. Vegen dit starta i heimtraktene.

– Eg begynte på turn i Brusand idrettslag, og fekk beskjed om at eg burde prøve cheerleading fordi eg var på eit litt høgare nivå. Eg heldt fram i Nærbø turnforening i eitt år, før eg blei tilbode å prøve meg på cheerleading i Stavanger, fortel ho.

Ho kjente til at to andre frå Vigrestad hadde plass i Stavanger Diamonds, som laget heiter, men visste ikkje heilt kva sporten innebar.

– Eg var lita og visste at eg sikkert kom til å bli kasta i lufta. Det blei eg, seier Nærland, og legg til at ho framleis er «toppflyer» – den som står øvst i pyramiden.

Ronja Jensen Nærland traff kjærasten Simen Nesset gjennom sporten. Han er del av konkurranselaget Tigers. – Me har det fint, sjølv om ein av oss vinn og den andre ikkje, seier Nærland.
Ronja Jensen Nærland traff kjærasten Simen Nesset gjennom sporten. Han er del av konkurranselaget Tigers. – Me har det fint, sjølv om ein av oss vinn og den andre ikkje, seier Nærland. Foto: Foto: Privat

– Pendlinga var litt stress i starten, men eg blei så glad i sporten at det gjekk fint å dra fram og tilbake. Eg var nesten meir på tog og buss enn heime, ler ho.

Etter førstegongstenesta, og ein tre år lang pause frå konkurrering, gjekk ho vidare til laget Viqueens i Oslo, kor ho framleis er.

Med bustad i Nes betyr dette også pendling att og fram fleire gonger i veka – til trening i vekedagar og helger, og som trenar for yngre lag.

– Det er heilt greitt. Eg er veldig fornøgd med det eg gjer, og har fått gode relasjonar i sporten, mellom anna kjærasten min.

– Kan ofte vere litt skummelt

Ifølgje ein artikkel i Sarpsborg Arbeiderblad i 2024, er cheerleading ein av Noregs raskast veksande idrettar.

– Sporten er ikkje så vanleg i Noreg, sjølv om den har blitt meir vanleg. Folk trur det er duskedamer som dansar som i , men me dansar ikkje mykje. Me blir kasta opp i lufta, turnar og lagar pyramidar, seier Jensen Nærland.

Ronja Jensen Nærland saman med Oslo-laget Viqueens Force.
Ronja Jensen Nærland saman med Oslo-laget Viqueens Force. Foto: Foto: Privat

– Synest du det kan vere skummelt?

– Det kan ofte vere litt skummelt. Ein kan få mentale sperrer nokon gonger. Eg var livredd for å gjere skru i kast ein periode, og då gjekk eg heilt i lås. Det kan skje når ein skal prøve nye ting, og du ikkje heilt veit om du gjer rett og blir tatt imot, seier ho.

Saman med laget sitt har ho mellom anna vunne medaljar i NM. Viqueens var også nyleg med i europameisterskapen i Praha i Tsjekkia.

– Kva gjer at du er villig til å ofre så mykje tid og krefter på cheerleading?

– Kjærleiken til sporten. Ein får oppleve mykje, som å reise til meisterskap i andre land. Ein møter mykje nye folk, og får gjere noko ein liker veldig godt. Eg føler veldig tilhøyrsle i sporten, seier ho.

– Eg har hatt mykje skader, men det kjem med sporten: Blod, sveitte og tårer, men glede og kjærleik også, seier ho.