Time er kommunen der nye hytter som ein hovudregel er forbodne.
Der Ålgårdsvegen møter Fjermestadvegen, finst eit særeige unntak. Her har kommuneplanen i over tjue år opna for ein kolonihage.
Likevel har framgangen vore beskjeden, og for fire år sidan tok nye krefter over etter grunneigar Sigve Holen.
Den gongen trudde Rune Lisbjerg Petersen at reguleringsarbeidet skulle ta maks 1,5 år og ikkje kosta meir enn 600.000 kroner.
– Men i det store og heile er me veldig fornøgde med resultatet, seier han, nå som reguleringsplanen er endeleg vedtatt.
Ikkje som andre kolonihagar
Han har med seg Lina Stoudt, som er tilsett som salsassistent i Lisbjerg Prosjekt. Ho er optimistisk før salsstarten i august.
– Eg trur at dei 48 fritidsbustadene vil bli selde – når eg ser at det står 800 på venteliste på kolonihagar generelt i distriktet.
Kolonihagar har tradisjonelt vore for folk som bur tett, i byar og tettstader, men som har grøne fingrar og vil dyrka sin eigen hageflekk.
Stavanger har fire hagar, Rosendal og Ramsvik, Egenes, Strømvik og Våland. Her kan berre folk som bur i kommunen vera eigar.
Koloniparken i Time kommune blir noko ganske anna.
– Hålandsparken blir annleis fordi du trekk deg heilt vekk frå byen. Det blir ein fristad. Du ser ikkje eitt einaste bygg her, berre natur, seier Stoudt.
Postnummeret er Ålgård. Det er ikkje lenger enn fem minutt i bil, eller eit kvarter på sykkel, ned til sentrum.
– Me synest eigentleg plasseringa gjer prosjektet ekstra attraktivt. Det ser aude ut, men det er eigentleg ikkje det.
Møtte skepsis
Hålandsparken ligg ved grensa til Gjesdal, omkransa av vatn, skog og jordbruk. I nord ligg Skoratjørna og i sør er Hålandsvatnet.
Den utypiske plasseringa var tema då Time-politikarane for eitt år sidan diskuterte om det er rett å legga ein kolonihage her.
Ikkje minst diskuterte dei sannsynet for at kjøparane kjem til å dyrka noko, på fellesområdet og på dei private hageflekkane.
Petersen var i salen og høyrde diskusjonen, der fleire stilte spørsmål om ikkje dette eigentleg er eit hyttefelt i forkledning.
– Det var mykje skepsis. Men absolutt heile området er sett av til kolonihage, og det er som er føremålet med prosjektet.
Utvikla naboskap
– Me meiner at kolonihagen handlar om eit fellesskap, mykje meir enn på eit vanleg hyttefelt, seier Stoudt.
Foreningen Håland Parken – som vart skipa tidlegare i år – skal forvalta kolonihagen på vegner av fellesskapet.
Styret får eit overordna ansvar, fortel Stoudt, men eigarane har eit delansvar, og må gjera sitt for å få kolonihagen til å fungera.
Foreininga skal syta for at reguleringsplanen til kommunen blir følgt. Ordensreglane set dessutan strenge grenser for framleige.
– Det er absolutt ikkje nokon tanke om at området skal nyttast til andre føremål, seier Petersen.
Dermed avviser han at kolonihagen kan brukast til kommersiell hytteutleige, til dømes når russen kjem til landstreffet i Kongeparken.
Lagt til rette for sjølvberging
Kor mykje eigarane endar opp med å produsera av grønsaker, er usikkert, men Petersen meiner i alle fall prosjektet legg godt til rette.
– Moglegheitene er absolutt til stades for at folk kan dyrka, anten det er i stor eller liten skala på dei store fellesareala.
Byggestart i september
Lisbjerg Prosjekt skal bygga hyttene på Forus, komplette med sedumtak og solceller, før dei blir frakta til Håland og løfta på plass.
– Når hyttene er kopla til vatn, straum og avløp, er dei ferdige, fortel Petersen.
Framgangsmåten skal gje ein smidig og kontinuerleg byggeprosess, som dessutan minimerer fotavtrykket på området.
Med ein stykkpris per hytte på 2,5 til 2,8 millionar kroner, summerer utbygginga til ein stad mellom 120 og 135 millionar totalt.