– Dei det går bra med, ser me ikkje igjen, seier Per Olav Haarr.
Leiaren for Bryne vgs. si avdeling på Åna hastar mellom bygg med vaktrom og låste dører på det svære fengselsområdet ovanfor Nærbø.
Jærbladet skal få sjå noko han er stolt av:
Verkstaden som har det breiaste tilbodet av yrkesfag for innsette, av alle fengsel i Norge. Hit kjem tilsette frå andre fengsel for å sjå korleis dei gjer det på Jæren, fortel han.
– Me er gode på dette, seier Haarr.
– Me startar den dagen dei kjem til Åna.
Fengsel skal sørga for å verna samfunnet mot kriminelle og at dei som blir dømt for lovbrot, soner straffene sine.
I Åna fengsel i september sonar 193 menn for brotsverk dei er dømde for. 155 sit på høgt tryggingsnivå – i «lukka» fengsel – 38 på lågt.
Men fengsel skal òg hjelpa kvar innsett til å bli klar for eit framtidig liv som lovlydig borgar.
Eit arsenal av yrkesfag
Der kjem Bryne vgs. si avdeling på Åna inn.
Skulen har yrkesfag med lærarar som underviser i byggfag, mekaniske fag og anleggsgartnerfaget. Området på Åna har vaskeri, kjøkken, gartneri, landbruksmekaniker-verkstad, muring- og malingsoppgåver, fjos med storfe – og skog.
– Me har traktorar, gravemaskinar og hjullastarar. Me har sandblåsingsutstyr. Her kan ein læra seg enormt mange yrke fordi me har 20 tilsette i kriminalomsorga med ulike fagbrev som lærer ifrå seg, seier Haarr.
Åna kallar seg «mulighetenes fengsel».
– Betyr mykje for psyken
Mange, også av dei som sonar på høgt tryggingsnivå, grip desse sjansane.
Dei går på yrkesfag og stiller i verkstaden kvar morgon klokka 07.40.
Olav er ein av dei.
Cella han ellers er innelåst på mange timar i døgnet, har seng, bokhylle, tv, kjøleskap, toalett og dusj.
Han har fått lov til å pynta med ein plastblome og ei tavle, fortel han.
Men alle dører han skal gå gjennom, må andre låsa opp for han.
– Det betyr mykje for psyken å ha noko å gjera, noko nyttig, seier Olav.
Han veit korleis det er å bli halden i isolasjon, innelåst på cella i 22 til 23 timar i døgnet.
– Det er ei påkjenning eg ikkje unner nokon. Eg forstår at det av og til trengst. Men ein døyr litt når ein ikkje får halda hjernen aktiv, og berre sit og grublar på det ein har gjort og det ein har mista.
– Har fylt opp verktøykassa
Olav er frå før ein erfaren anleggsmaskinførar. Men i fengselet omskulerer han seg. Han går på teknologi- og industrifag og vil ta fagbrev i det.
Straffa han sonar, er lang. Før han kjem ut, kan han kanskje ta eitt til, trur han.
Olav seier han vil gjera det som trengst for å komma styrka ut frå soning.
– Me får god oppfølging, og kriminalomsorga har fokus på prognose og endring. Eg hadde ikkje verktøy for å ta tak i det som må endrast, men nå har eg fått fylt opp verktøykassa.
Han håpar at han etter kvart skal få komma til Rødgata, der tryggingsnivået er lågt og han kan opna si eiga dør. Då kan han kanskje få jobb utanfor fengselet. Det kan han ikkje så lenge han sonar i lukka fengsel.
Legg planar for dagane etter
Det er større sjanse for å klara seg viss ein slepp ut av fengsel frå Rødgata, enn viss ein plutseleg blir låst ut frå høgt tryggingsnivå når soningstida er slutt, meiner fengselsleiinga.
Men anten ein slepp ut frå lukka eller meir opne forhold:
Alle skal ha ein plass å flytta til. Alle skal dessutan ha arbeid, NAV-tiltak, trygd eller skule å gå til.
Det er i alle fall målet for staben på Åna.
– Dei fleste har bustad når dei blir slupne ut. Dei som ikkje har det, har rett på naudbustad i heimkommunen sin. Me jobbar heile tida for å finna betre løysingar, opplyser fengselsleiar Leif Magne Viste.
Eit univers av støttespelarar
Han har mange fagfolk å spela på.
Langt ifrå alle som jobbar i kriminalomsorga, går med uniform og tungt nøkkelknippe. Fengselsbetjentane og verksbetjentane har òg kollegaer med heilt anna fagleg bakgrunn: Sosionomar, miljøterapeutar, juristar, saksbehandlarar, kokk, reinhaldarar og leiarar.
Kriminalomsorga sine folk samarbeider med eksterne med endå meir variert kompetanse: Lærarar, psykolog, psykiater, lege, sjukepleiar, tannlege, fysioterapeut, prest, bibliotekar, byggteknikar og NAV-konsulent.
Oppgåva deira er å spela på lag for at dei innsette som vil, får sjansane dei treng til å få livet på kjøl.
Finna indre motivasjon
Derfor gjer sosionom Henriette Braut Brunes og kollegaene det dei kan for at dei som slepp ut, aldri skal komma tilbake.
– Me lager tiltak for tilbakeføring frå dag éin, seier ho.
Rett etter ankomst møter den nykomne eit tverrfagleg team av folk som skal finna ut kva den enkelte har i bagasjen, kva han sjølv er motivert for å gjera med livet sitt undervegs i soninga – og om noko må gjerast straks, for eksempel å seia opp bustad for å unngå å opparbeida gjeld.
– Dette er det venlege møtet, seier Braut Brunes.
Mange rusavhengige kjem med eit oppriktig ønske om å bli rusfri.
– Men det krev indre motivasjon, som er vanskeleg. Me vil gi dei noko å strekka seg etter som kan hjelpa motivasjonen, seier sosionomen.
Snu eit dårleg forhold til skulen
Mange som kjem inn porten på Åna, har eit dårleg forhold til skulen.
– Mange har lese- og skrivevanskar, mange har droppa ut, ifølge Haarr. Men eit par dagar etter ankomst kjem nokon frå skulen med bøker til dei som elles kan mista skuleplassen sin.
Det er lett å skremma folk vekk; éin feil kommentar kan få dei til å snu, seier skuleleiaren.
– Dei treng at me viser dei tillit og respekt, og at me lytter.
Det hjelper òg at skulen speler på det mjuke registeret i dette lille samfunnet. Det er ikkje lærarane som seier til folk at dei får mindre ringetid, eller som tar urinprøve av dei.
Dei jobbar med å motivera kvar enkelt.
Dei som ikkje er med
Men ikkje alle vil – eller kan.
14 prosent av dei innsette deltar ikkje i nokon aktivitet. Mange av dei høyrer heime i det psykiske helsevernet, meiner dei i fengselet. I staden går desse i ei svingdør mellom psykiatrien og fengsel. Dette gjeld stadig fleire.
– Mange isolerer seg sjølv, eller må isolerast av oss fordi dei ikkje fungerer i lag med andre. Dei er ofte svært dårlege psykisk. Ein del gidd ikkje. Og nokre er farlege, seier nestleiar i fengselet, Morten Røer.
Rus, vald og utukt
Skule eller lønna arbeid er grunnmuren når ein skal stabla på beina eit nytt og lovlydig liv.
Men mange har djupare problem som òg må handterast viss det skal gå bra: Dei som har rusproblem, eller som er dømt for vald eller for seksualbrotsverk.
Åna hadde for eksempel kurs i sinnemeistring gjennom eigne programtilsette – før, ifølge fengselsleiar Viste.
– Me hadde ulike program som dessverre er skore ned på dei siste åra. Ressurssituasjonen vår har vore prekær i mange år, og då ryk dei «mjuke» verdiane fort ut, seier han.
Gjennom psykolog og psykiater som fylket betaler, kan innsette likevel få hjelp til å slutta med vald.
– Og me har eit program for seksualdømte. Det går ut på å finna faktorane som kan gjera at dei ikkje gjer liknande lovbrot når dei kjem ut. Dei som har høgast risiko for tilbakefall får tilbod om individuell behandling hos psykolog, seier Morten Røer.
Den sårbare fritida
«Glippsoner», seier Henriette Braut Brunes.
Det er hola i sikkerheitsnettet dei prøver å laga rundt dei som skal ut i det store samfunnet igjen.
– Me jobbar for at glippsonene skal vera så små som mogleg, seier sosionomen.
Ei av dei store glippsonene er fritida. Dei fortel om ein innsett som forlét Åna med bustad og jobb, men som kom tilbake eit halvt år seinare.
Han hadde trivest på jobb. Men i fritida sklei ting ut.
Det frivillige organisasjonslivet gjer mykje for å hindra slikt: Røde Kors sitt Nettverk etter soning, Crux, Kirkens sosialteneste er nokre som gjer ein innsats.
– Eit rusfritt tilbod, ein plass å høyra til. Ein avtale å gå til. Det kan redusera risikoen, seier Braut Brunes.
Med eller utan fotfeste: Alle skal ut
Dette er det einaste sikre, påpeiker leiinga på Åna: Kvar innsett skal ein dag sleppa ut.
Då blir dei nokon sin sambuar, far, son eller nabo.
– Me kunne jo stengt fengselet heilt så ingen kunne stikka av, halde dei innsette innelåst på cella og berre gitt dei mat. Men då hadde ingen visst noko om kva som ville skje etter soning, seier Leif Magne Viste.
Dette er han og kollegaene heilt einige om:
Då ville dei ha sleppt ut folk som var til større fare for samfunnet, enn det dei gjer i dag.