Klokka halv ni laurdags kveld tok ein patrulje frå Sør-Vest politidistrikt turen til eit busstopp på Frøyland.

– Sørg for at ungdommane kan få tak i deg

Bakgrunnen var at politiet hadde fått melding om ei samling med berusa ungdommar på eit busstopp.

– Politiet varsla foreldra som kom og tok seg av ungdommane, seier politioverbetjent Morten Slettebø.

Han kallar hendingar som dette eit sommaravslutningsfenomen, og har følgande oppmoding til foreldre:

– Ha oversikt og kontroll på kor ungdommane er. Sørg for at dei har eit telefonnummer dei kan få tak i deg på. Og så er det lurt å vera i forkant. Ta ein samtale med dei om alkohol og andre ting, og ha dialogen open, seier Slettebø.

Ville inn på utestader – blei sende heim av politiet

Generelt hadde politiet ei roleg helg på Jæren. Busstoppet på Frøyland var likevel ikkje det einaste ordensoppdraget dei hadde.

Klokka 01:45 gav politiet munnleg pålegg til ein mann om at han måtte halda seg vekke frå Bryne sentrum fram til neste morgon. Bakgrunnen var at mannen hadde prøvd å snika seg inn på ein utestad, blant anna ved å klatre på ei bru.

– Han blei sett i marsj heim, fortel Slettebø.

I halv tretida var patruljen i kontakt med dei tilsette på ein utestad i sentrum, i samband med at ei kvinne hadde prøvd å komma seg inn på ein utestad ho eigentleg var for ung til å komma inn på.

– Ho blir meldt for å ha oppgitt falsk personalia til politiet, seier Slettebø.

Kvinna blei òg bortvist frå sentrum.