Sandvik har vore dagleg leiar i Brusand IL sidan mai i fjor. Då kom han frå jobben som sportsleg leiar i Hana IL i Sandnes.
Sandvik har ei utdanning i idrettsleiing frå Høgskolen i Molde.
– Det kjekkaste eg veit, er å bidra til auka aktivitet blant barn og unge. Det er noko magisk med idrettslag. Dei er ein fantastisk arena for å skapa samhald. Når dette høvet dukka opp like i nærleiken av Egersund, kor eg bur, var det berre heilt fantastisk, sa Sandvik til Jærbladet i samband med tiltredinga.
Sandvik sa opp jobben tysdag i førre veke.
Han ønsker ikkje å kommentere saka.
Per Kåre Fuglestad, styreleiar i Brusand IL, understrekar i ein kommentar til Jærbladet at styret er fornøgde med jobben Sandvik har gjort, og avviser at det ligg dramatikk bak oppseiinga.
– Me ville forskjellige ting, og då ønska han å fråtre. Då er det ikkje fornuft i å sitta i stillinga ut tida, men betre å berre gå vidare, seier Fuglestad.
Elisabeth Steinnes har mellombels tatt over som dagleg leiar. Steinnes jobbar allereie i administrasjonen til idrettslaget og har tidlegare vore dagleg leiar i turnforeininga på Brusand.