– Klepp har vore kjempesmarte og bygt ut på Kåsen og Tjøtta, for å få bebuarane. Mens me sit her med Svarteper. Me tenka oss om, og få gang på Brynegarden i ein fart.
Slik argumenterte ein utolmodig Thor Inge Kalberg (Frp) mot forslaget frå kommunedirektøren om å venta.
På eigne nettsider skriv utbyggarane at dei har som mål å bygga 400–500 bustader i løpet av dei neste 10–15 åra.
Sprikande kommuneplan
Kommuneplanen er det viktigaste styringsdokumentet for Time kommune, og har to delar:
- Samfunnsdelen, som er frå 2022
- Arealdelen, som er frå 2021
I samfunnsdelen tar kommunen stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Eit tema som berre er blitt viktigare, er jordvern.
Storting og regjering har skjerpa inn krava til kommunane, og er bakgrunnen for at samfunnsdelen seier at somme utbyggingsareal i kommunen må skubbast fram i tid, i forhold til årstalet som står i den juridisk bindande arealdelen.
På torsdag stod utbyggar Jan Arvid Nese og trippa utanfor Time rådhus, mens han venta på at politikarane skulle ta stillinga til kva som skal skje på Brynegarden – eller rettare sagt: Når det skal skje.
Kommunedirektøren og eit stort fleirtal i Time-politikken, legg til grunn at Brynes første gard skal byggast ned og bli ein del av byen.
Tidlegare i år kontakta Stav Arkitekter kommunen, med sikte på å starta detaljreguleringa av dei tre siste delfelta på Brynegarden. Administrasjonen svarte med å visa til samfunnsdelen, som seier at det siste delfeltet først skal byggast ut etter 2050.
Ikkje oppdatert
«Husholdering» av utbyggingsområde er eit stikkord i samfunnsdelen. For når overordna myndigheiter strammar inn kor mykje landbruksjord som kan byggast ned, må kommunen vera sparsam med areal, som er ein knapp resssurs.
Jordvernmålet som kommunen definerte i samfunnsdelen, seier at det ikkje kan byggast ned meir enn 45 dekar i året fram mot 2050.
Målet er romsleg, men store delar vil gå med til næringsutbygginga på Kalberg. Målet er også romsleg i den forstand at det er vedtatt i forkant av at Stortinget skjerpa inn det nasjonale jordvernmålet, frå 3000 dekar til 2000 dekar.
Arealdelen som Jan Arvid Nese og samarbeidspartnarane har basert seg på, stammar frå då det nasjonale jordvernmålet var på 4000 dekar.
Då Jærbladet snakka med Nese i forkant av det politiske møtet, peika han på at det nettopp er arealdelen som er juridisk bindande.
Prinsippavklaring
Politikarane måtte derfor gjera ei prinsippavklaring på kva som skal vega tyngst: juridisk bindande føresegner eller sterke føringar frå overordna myndigheiter, som inneber at det vil bli mindre tilgjengelege arealreservar i framtida.
Kjell Olav Stangeland (), som er sikker på at Brynegarden ikkje vil bli tilbakeført, poengterte at arealet går inn i ein totalrekneskap.
– Me har fått nye retningslinjer, og er nøydde til å forhalda oss til det. Me har vedtatt ein samfunnsdel, og må forhalda oss til den. Og det er utvilsamt at ved neste krossveg, når arealdelen skal reviderast, så må ein del av det som er landbruksjord lagt til bustadbygging tilbakeførast, viss me skal nå dei måla.
Får planlegga samla
Nokon vil bli «skuffa», men utbyggar Jan Arvid Nese er ikkje éin av dei som blir sittande med Svarteper.
– Området som me diskuterer nå, er sentrumsnært, ligg inneklemt, det er bygt ut i området, og alt av sosial og teknisk infrastruktur ligg klart. Dette er eit område som vil bidra med å fortetta i tråd med innanfrå og ut-prinsippet. Kommunedirektøren seier i sin konklusjon at dette området på sikt er eit viktig utbyggingsområde, og vurderer det som uaktuelt å tilbakeføra det til landbruksføremål, sa Iren Lassen (H).
Ho la fram eit forslag i utvalet på vegner av Høgre, Frp, KrF og Venstre. Dei har fleirtal i kommunestyret.
Vedtaket slår fast utbyggarane kan planlegga dei siste delfelta av Brynegarden samla, og at utbygging skal skje i tråd med den gjeldande arealdelen.
Styra marknaden?
Kjell Olav Stangeland (Ap) uttrykte forståing for at kommunen må vera føreseieleg i arealpolitikken, men meiner at så mykje er skjedd i verda sidan 2021, at det er grunnlag for å snu.
I ein reprise frå sist utvalsmøte, då politikarane diskuterte Frøylandshagen, peika Stangeland på at det allereie er regulert mange fleire bustader enn det marknaden så langt har greidd å realisera. Slik sett vil nye prosjekt gjera det vanskelegare for eksisterande prosjekt.
Det inkluderer prosjekt som ligg på allereie bebygde areal i sentrum; her er byggekostnadene høgare enn på landbruksjord.
Utvalsleiar Rein Harald Salte (H) synleggjorde svært ulike syn på politikarane si rolle i arealpolitikken, då han spurte Stangeland om han verkeleg meinte at politikarane skulle gå inn og fungera som ein marknadsregulator.
Såg over til Klepp
Endre Vollsund frå Venstre og Thor Inge Kalberg frå Frp peika på framveksten av bydelen Tjøtta, på andre sida av kommunegrensa og fylkesveg 44, då dei argumenterte for at Brynegarden må få bygga ut i tråd med arealdelen.
Som i den andre store saka som vart behandla i møtet – utvidinga av kjøpesenteret M44 – vart konkurransen med Klepp løfta fram.
- I saka om M44 galdt det statusen som region- og handelssenter på Jæren.
- I saka om Brynegarden galdt det kampen om skattekronene.
Over 2000 brynebuar bur på Klepp-sida, og skattar derfor til Klepp.
Utrykket Svarteper vart altså nytta av Thor Inge Kalberg, om Time kommune. Han såg med begeistring på det Klepp-politikarane legg til rette for av bustad- og næringsutvikling også i randsona av Bryne.
– Kvifor gjer dei det? Jo, fordi dei er smarte. Klepp er kjempesmarte! Dei har gjort alt rett, dei bygger i nærleiken av Bryne, som er ein flott plass å bu, og så ventar dei med Kleppe sentrum, til dess det er bygt ut på Bryne. Derfor må me koma i gang her! Me er altfor seint ute, Brynegarden skulle vore oppe og gått for lenge sidan, sa han.
Time Venstre og Time Frp er mellom partia som har programfesta at dei vil ha kommunesamanslåing.
Kva er det som skjer på Klepp-sida? Dét hadde Jærbladet ein artikkelserie om tidlegare i år: