– Dei fleste vil jo heller bu i ein kommune som veks, enn i ein fråflyttingskommune, slo Tom Hetland fast.

Den tidlegare redaktøren var ordstyrar då ølstova Mellombels på Bryne fyltes av folk.

Dei kom for å høyra debatt om kva som er viktigast når lokalsamfunnet skal utvikla seg, samstundes som ein må ha beredskap for at krigen i Ukraina kan utarta på uventa vis, og det stadig er hindringar i verdshandelen, som også Norge er avhengig av.

Regjeringa kallar 2026 «totalberedskapsåret», og beredskapsøvingar skjer på alle nivå i samfunnet. Arrangementet på puben var i så måte ei uformell mental beredskapsøving.

Matjord og beredskap - eller næring og vekst?  Frå venstre Eimund Nygaard, Gaute Stokka, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Olav Magne Voll og ordstyrar Tom Hetland.
Matjord og beredskap - eller næring og vekst? Frå venstre Eimund Nygaard, Gaute Stokka, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Olav Magne Voll og ordstyrar Tom Hetland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Hetland kom til Bryne for 40 år sidan, fortalde han. Då hadde kommunen 11.000 innbyggjarar. I dag er talet over 20.600. Folk bur tettare og høgare, men også i breidda.

Versting i å byggja ned matjord

– Time har omdisponert 4.300 mål landbruksjord i perioden. Det er meir enn Sola, med 3.400, Klepp med 1,800 og Hå med 1.200. I det perspektivet er Time ein versting, sa Hetland.

På landsbasis er det såkalla jordvernmålet – kor mykje matjord som kan byggjast ned eller brukast til andre formål enn jordbruk – maksimalt 2.000 mål i året.

– Brote ned på kommunar, blir det 15 mål til Time, sa jordvernar og tidlegare redaktør i Bondevennen, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten.

I staden legg fleirtalet av Time-politikarane i den rullerande kommuneplanen opp til å byggja ned inntil 67 dekar/mål i året for å sikra nok areal til bustadbygging, næringsutvikling og kraftkrevjande industri.

– Hinsides nasjonale mål, meinte Nordsletten.

Ho fekk motbør då Hetland ville vita om det er mogleg å kombinera prioritert matproduksjon og beredskap, og samstundes satsa på vekst og næringsutvikling.

- Der er dilemma overalt her, og dei krev kloke val, meinte Eimund Nygaard i debatt om beredskap, jordvern, vekst og næring.
- Der er dilemma overalt her, og dei krev kloke val, meinte Eimund Nygaard i debatt om beredskap, jordvern, vekst og næring. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Ja til begge deler

– Her er mange dilemma, og derfor treng me politikk, som er å veiga interesser mot kvarandre. Me treng mat på bordet, men arbeidsplassar òg, meinte Eimund Nygaard, styreleiar i Time Energipark, som vil byggja ut Kalberg med datasenter og annan industri.

Han heldt fast ved at denne utbygginga er viktig for heile regionen, og at det må vera perspektivet – dette handlar ikkje om Time kommune isolert.

– Utbygging på Kalberg kan føra til at det blir mindre utbygging andre stader, sa Nygaard.

Mange fatta interesse for debatt på Mellombels om kor mykje matjord ein skal byggja ned i beredskapsåret 2026, i regi av festivalane Kåkånomics og Jorddøgn.
Mange fatta interesse for debatt på Mellombels om kor mykje matjord ein skal byggja ned i beredskapsåret 2026, i regi av festivalane Kåkånomics og Jorddøgn. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Ja til litt av alt

Jordvern er likevel ein legitim grunn til å vera imot datasenter, syntest den tidlegare Lyse-sjefen.

– Men kraftbehovet er ikkje relevant. For me har ein nordisk kraftmarknad. Spørsmålet er om me vil ha arbeidsplassane her, eller om dei skal komma ein annan plass.

Her minte Olav Magne Voll, leiar i partiet Raudt i Time og Klepp, forsamlinga om at datasenter gir få arbeidsplassar sett opp mot krafta dei treng.

Også Gaute Stokka, varaordførar i Time (Frp), meinte det går an å få litt av alt.

– Me vil ha matproduksjon og utbygging på ein god måte, sa han.

– Ja til landbruksindustri

Dette er ei falsk motsetning, sa Olav Magne Voll. Jordvern og beredskap ekskluderer ikkje næring og arbeidsplassar, hevda han.

– Alle treng mat. Når me ikkje veit om verda kan produsera nok mat, vil me utvikla arbeidsplassar som er med på å bevara Time som jordbrukskommune, som Kverneland plogfabrikk. Dei vil krevja mindre areal enn datasenter som fyrer for kråkene. Jærbuen er innovativ, me kan gjera det igjen.

Her var det mykje Ole Brumm-aktig «ja takk, begge deler», noterte Hetland.

– Eg meiner ikkje det! braut Nordsletten inn. Ho vil prioritera beredskap og matproduksjon framfor andre omsyn.

- Skal Jæren vera eit norsk matfat når det ikkje blir lettare å dyrka mat globalt? Eller skal me satsa på utbygging der dei store pengane er? Dette treng me å avklara i ein større jærsk samfunnsdebatt, meinte  Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Styreleiar Eimund Nygaard i Time Energipark til venstre.
- Skal Jæren vera eit norsk matfat når det ikkje blir lettare å dyrka mat globalt? Eller skal me satsa på utbygging der dei store pengane er? Dette treng me å avklara i ein større jærsk samfunnsdebatt, meinte Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Styreleiar Eimund Nygaard i Time Energipark til venstre. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Matproduksjon må ha forrang

– For ingenting er i balanse, Time er i ubalanse. Me har hatt ein formidabel vekst, på godt, men med ein enorm kostnad for natur og jord. Matproduksjon må ha forrang i ei så uroleg verd. Eg trur me er smartare enn at me må laga arbeidsplassar på stadig meir matjord, meinte Nordsletten.

Slik verda er nå, kan me ikkje stola på at importert mat kjem fram, hevda ho.

Det gjer heller ikkje Stortinget, som har vedtatt at sjølvbergingsgraden for jordbruksvarer skal vera 50 prosent i 2030. I 2024 var den 41 prosent, ifølge regjeringa.

– Time kommune bryr seg ikkje om nasjonalt jordvern. Men matproduksjonen må opp. Då er det dårleg musikk å forsyna seg av 67 mål matjord i året, meinte Nordsletten.

Hormuzsundet er avgjerande for frakt av olje, gass, kunstgjødsel og mykje anna frå ein verdsdel til ein annan. Sidan februar har det i hovudsak vore stengt.
Hormuzsundet er avgjerande for frakt av olje, gass, kunstgjødsel og mykje anna frå ein verdsdel til ein annan. Sidan februar har det i hovudsak vore stengt. Foto: Foto: Razieh Poudat

– Få tilbake robuste 70-talssystem

Både ho og Voll teikna eit dystert bilde av verdssituasjonen og korleis den kan komma til å slå inn i norske lokalsamfunn. Derfor trengst meir radikal tenking enn i dag, meinte dei.

På grunn av krigen mellom USA og Iran, ligg mange skip som fraktar komponentar til kunstgjødsel, fast ved det blokkerte Hormuzsundet, påpeikte Voll.

– Viss folk ikkje får kunstgjødsel, vil det slå inn overalt, også her. Me må ta inn over oss at globale hendingar vil treffa oss, hardt, og vera rusta, meinte han.

Raudt-leiaren nemnde òg Telenor-feilen nyleg, som førte til at alle tog i heile Norge sto stille og at mange ikkje kom fram til nødetatane.

Regjeringa går inn for å redusera postombæringa til ein gong i veka. Då vil to av tre postbud mista jobben, hevdar fagforbundet deira.
Regjeringa går inn for å redusera postombæringa til ein gong i veka. Då vil to av tre postbud mista jobben, hevdar fagforbundet deira. Foto: Foto: Aksel Jermstad, Posten Bring

– Me har brukt mykje tid og pengar på å ikvitta oss med system frå 1970-talet som var plundrete men mykje meir robuste. Me bør gjeninnføra ordningar som står seg i krisesituasjonar: Bemanna tenester som bank, så folk kan ha pengar, eit postvesen som har folk som leverer ting og ein jernbane som fungerer, meinte Olav Magne Voll.

Skal vi prioritere matproduksjon og beredskap eller vekst og næringsutvikling? Det er oppspillet til en debatt på Mellombels på Bryne, arrangert av Kåkonomics. Deltakere er Bothild Nordsletten, statsviter og tidligere redaktør for tidsskriftet Bondevennen, varaordfører i Time, Gaute Stokka (Frp), leder i Rødt i Time og Klepp, Olav Magne Voll, og Tom Tvedt, daglig leder i Time Energipark.  Tom Hetland er ordstyrer.
Skal vi prioritere matproduksjon og beredskap eller vekst og næringsutvikling? Det er oppspillet til en debatt på Mellombels på Bryne, arrangert av Kåkonomics. Deltakere er Bothild Nordsletten, statsviter og tidligere redaktør for tidsskriftet Bondevennen, varaordfører i Time, Gaute Stokka (Frp), leder i Rødt i Time og Klepp, Olav Magne Voll, og Tom Tvedt, daglig leder i Time Energipark. Tom Hetland er ordstyrer.

– Me kan eta neper, jordeple og fisk

Ved eit langvarig straumbrot vil Felleskjøpet sin kraftfor-fabrikk på Kvalaberg i Stavanger, gå tom på eit par veker, ifølge Nordsletten.

– Då vil slakteria begynna å nødslakta, sa ho.

Dei fleste er sindige og tenker ikkje «worst case» radikalt nok. Men folk er også omstillingsdyktige når det gjeld, meinte Nordsletten.

– Me har mykje fisk. Me kan eda neper og jordeple. Me kan klara oss på mykje enklare måtar enn i dag. Men det vil føra til sosial uro.

– Det er veldig sårbart når teknologien sviktar, sa Monica Orstad, legevaktsjef i Klepp og Hå, etter at Telenor fekk problem med mobilnettet og mange ikkje kom gjennom til nødetatane.
– Det er veldig sårbart når teknologien sviktar, sa Monica Orstad, legevaktsjef i Klepp og Hå, etter at Telenor fekk problem med mobilnettet og mange ikkje kom gjennom til nødetatane. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Me er sårbare, var Eimund Nygaard einig i. Mat og kommunikasjon er viktige beredskapsområde. Men straum er det viktigaste, meinte han.

– Me må ikkje forenkla beredskapsarbeidet. Det er vanskeleg å sjå føre seg at me skal bringa systema tilbake til eit anna nivå. Der er dilemma overalt. Mat er eit dilemma. Men straum er det største, og der har me mest ugjort, sa han.

Varaordføraren må sjekka kommunens planar

Gaute Stokka blei spurt om Time kommune har ein strategi for beredskap, eller om ein ser på dette som eit nasjonalt ansvar. Det vedgjekk varaordføraren at han, «i 15 prosent stilling», ikkje visste.

– Men eg vil sjekka nokså fort kva som finst. Eg reknar med at administrasjonen har planar, sa Stokka.

Tom Hetland viste til at Frp fossar fram på meiningsmålingane og kan gjera eit brakval i kommunevalet neste haust. Då kan Gaute Stokka «susa inn som ordførar i Time».

– Kva visjon har du? Kva skal me leva av framover? spurte Hetland.

– Me må ikkje slutta å byggja ut industriområde. Me må ha næringsvekst. Me ser for oss at det blir på Kalberg. Men om det ikkje blir, er det greitt å ha nokre andre stader, sa Stokka.

Kommuneplan-framlegget som opnar for at 67 mål matjord kan byggjast ned kvart år, skal nå på høyring, opplyste han.

– Det skal vera møte både på Bryne og på Undheim, det er berre å komma. Innspela skal vera inne til 1. desember, sa varaordføraren.