– Me ryddar, vaskar doen, sjekker at søpla er tømd og held det reint.
Det er tidleg sundag morgon, og Grønt Gras-turnering på Frøyland.
Hanne Mæland og Sofie Knutsen speler på damelaget til Frøyland og går dugnad med eit smil.
– Det er kjempekjekt. Eg var her i går òg, men då var det berre for å sjå kampar, seier Mæland til Jærbladet.
Grønt Gras er ei fotballturnering for gutar og jenter frå seks til ti år. Med unntak av covid-19-pandemien har turneringa vore spelt kvart år sidan starten i 1987.
Både Mæland og Knutsen har sjølv vore med på turneringa som lilleputt-spelarar for Frøyland.
– Eg hugsar det var galkjekt, seier Mæland.
Noregs største
Ifølge arrangøren Frøyland IL er turneringa Noregs største lilleputt-turnering.
I år var ein plass mellom 3500 og 3600 ungar ute på graset på Frøyland.
– Det er tjåka fullt, ler Svein Åge Skjæveland frå Frøyland IL.
For idrettslaget er turneringa ei viktig inntektskjelde.
– Det er det som driv ungdomsavdelinga vår, seier Skjæveland.
Men det går ikkje av seg sjølv. Heile 420 frivillige er i sving for å få hjula til å gå rundt, mange av dei medlemmar i klubben og familiemedlemmane deira.
– Det er dette som er den store dugnaden vår, seier Skjæveland.
– Sosialt
Mæland og Knutsen har stilt opp på dugnad kvart einaste år sidan dei var tolv-tretten år gamle. Dei synest det er kjekt.
– Det er ikkje mykje jobb, seier dei.
Eivind Totland har ungar i idrettslaget. I år er han parkeringsvakt, men han har òg røynsle frå pølsebua. Han trivst godt når det vert litt travelt.
– Når det vert hektisk, går det fort, seier han og ser fram til ein fin dag ute i finvêret.
Svein Åge Skjæveland seier dei ikkje har problem med å få folk til å stilla.
– Dette er ein sosial og fin dugnad, seier han.
– Med tre og eit halvt tusen spelarar og over 400 på dugnad, korleis klarar de å halda styr på alt?
– Med nokre gode Excel-ark og eit klart hovud, går det stort sett godt, he-he.