Rundt juletider tok Jan Oskar Haugen (t.v.) ein tur på sykkelen, men vart sittande fast i gjørme. Nå er driftsvegen hard som asfalt. – Det er heilt makelaust at me får nytta frosten, seier Jon Line.
Rundt juletider tok Jan Oskar Haugen (t.v.) ein tur på sykkelen, men vart sittande fast i gjørme. Nå er driftsvegen hard som asfalt. – Det er heilt makelaust at me får nytta frosten, seier Jon Line. Foto: Snorre Standish Norheim

Frosten kom som bestilt. Han har gjort marka hard som asfalt, og marka ber anleggsmaskinar og tunge lastebillass med grus utan å setta avtrykk på marka til bøndene på Line.

På oppdrag frå Time kommune har Grunn-Service felt ei trerekkje i enden av industriområdet på Håland. Ved å legga turstien i det smale grøntbeltet går ikkje noko jordbruksjord tapt.

Byggevarekjeda Neumann er ein nasjonal aktør, og både den lokale sjefen og hovudkontoret i Bergen var positive då kommunen tok kontakt om å nytta restarealet på eigedommen deira.

– Det er det som er vanvitig gildt med dette prosjektet, synest eg: At folk gjer det vesle ekstra, som ikkje eigentleg er forventa, som gjer at me får til noko, seier Jon Line.

Fire av fem ser ut som dei jobbar i Grunn-Service, men nummer to frå venstre gjer ikkje det. Det er bonden Jon Line. Anleggsarbeidarane som har fått gunstige arbeidsforhold heiter Trond Hegdal, Birger Paulsen og Nikolai Slettebø. Kommunens mann, i svart, er Jan Oskar Haugen.
Fire av fem ser ut som dei jobbar i Grunn-Service, men nummer to frå venstre gjer ikkje det. Det er bonden Jon Line. Anleggsarbeidarane som har fått gunstige arbeidsforhold heiter Trond Hegdal, Birger Paulsen og Nikolai Slettebø. Kommunens mann, i svart, er Jan Oskar Haugen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Forbi Aarbakke og jernalderen

Turstien startar langs Brøytvegen, på nedsida av nybygget til Aarbakke. Bedrifta hadde nådd enden av industriområdet, som rett og slett måtte utvidast dersom Aarbakke skulle veksa vidare.

«Innenfor området skal det etableres sti- og turdrag», står det i reguleringsplanen frå 2022. Etableringa var eitt av rekkjefølgekrava som måtte vera innfridde før Aarbakke fekk ta i bruk nybygget.

Eit freda gardsanlegg frå jernalderen avgrensa fabrikkutvidinga i sørvest. Kulturminnefeltet, som består av 137 ulike funn, sette i utgangspunktet også ein stoppar for å føra turstien vidare sørover.

For å koma vidare trongst ei særskilt godkjenning frå kulturminnemyndigheitene.

– Det hjelper å ha kjentfolk ein kan ringa til for å få raske svar i staden for å sende formelle brev kvar gong, seier Jan Oskar Haugen, som er friluftslivets mann i Time kommune.

Turstien startar ved rundkøyring i Brøytvegen og slangar seg rundt Aarbakke-tomta. Oppe til venstre ligg ein stor haug med grantre frå Neumann. Der går driftsveg på tvers over marka til Jon og Heidi Line. Feltet med vegetasjon øvst på bildet, er Linemyra naturreservat. Bygningane oppe til høgre er Line-garden.
Turstien startar ved rundkøyring i Brøytvegen og slangar seg rundt Aarbakke-tomta. Oppe til venstre ligg ein stor haug med grantre frå Neumann. Der går driftsveg på tvers over marka til Jon og Heidi Line. Feltet med vegetasjon øvst på bildet, er Linemyra naturreservat. Bygningane oppe til høgre er Line-garden. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Siste etappe

Han skryt av rask respons frå avdelinga for arkeologi, som kom på synfaring og snart kunne godkjenna ein formell søknad frå kommunen.

Entreprenøren måtte ta førehandsreglar og fekk ikkje grava i bakken. Derfor er stien lagt på duk og bygt opp med tilkøyrde massar, oppå eksisterande terrenget, i ytre kant av det freda området.

Avklaringa gjer at turstien når opp til traktorpullingbanen bak Aarbakke, og derifrå vidare oppover skråninga bak Neumann der Grunn-Service arbeider i desse dagar.

Turstien i enden av industriområdet markerer den langsiktige jordverngrensa rundt Bryne.
Turstien i enden av industriområdet markerer den langsiktige jordverngrensa rundt Bryne. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kommunen har betalt eit mindre beløp til Neumann for restarealet, og dessutan for stien forbi kulturminnefeltet. Pengane til prosjektet blir tatt frå ein friluftspott.

– Dette er den siste etappen, fortel Jon Line, som skryt av jobben Haugen har lagt ned.

Haugen er gått av med pensjon, men har framleis ei stilling i kommunen. Som grunneigarkontakt har han erfart at ikkje alle er like positive til å opna opp driftsvegar der dei har dyr og køyrer med tungt utstyr.

– Det er veldig positivt at folkehelse, sykling og turgåing kan kombinerast med næringa dei driv, seier Haugen om bøndene på Line.

Bruker driftsveg

Jon og Heidi Line driv med mjølkeproduksjon, ammekyr, sau, egg og korn. Frå sløyfa rundt industriområdet svingar turstien ut på ein driftsveg som går over marka deira og endar ved garden deira.

Ved å merka driftsvegen som tursti for allmenta kan dei søka om regionale tilretteleggingsmidlar, som kan brukast til å grusa og halda vegen i god stand.

Jon Line seier at det må skiltast tydeleg at driftsvegen er i bruk til aktivt jordbruk, som har forrang. Han forventar at folk går til sida når han kjem med traktoren.

I tillegg til å betra folkehelsa, er det eit poeng at fleire kjem tettare på landbruket.

– Det er ein kjempeviktig ting: Det begynner å bli ein del som ikkje er vande med dyr og jordbruk. Då er det godt å opna og la dei ferdast. Det er òg viktig for Bryne, Time er jo ein landbrukskommune, minner han om.

– Det einaste som kan vera ei utfordring for vår del, er når me skal beita på begge sider. I periodar må me kryssa med dyr, og då vil eg ikkje ha restriksjonar på at eg ikkje får lov til det, understrekar Jon Line.
– Det einaste som kan vera ei utfordring for vår del, er når me skal beita på begge sider. I periodar må me kryssa med dyr, og då vil eg ikkje ha restriksjonar på at eg ikkje får lov til det, understrekar Jon Line. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ønsker folk velkomne til gards

Ved enden av turstien ligg endå ein grunn til Jon og Heidi ønsker turfolket velkomne.

– Ja, når me har laga eit slikt opplegg, vil me jo det, seier han.

I 2021 opna Line gardsutsal, som sel egg, mjølk, havregryn og kjøt frå eigen gard, i tillegg til matvarer frå andre lokale produsentar.

Men grunngjevinga handlar ikkje berre om gardsutsalet, presiserer Jon.

– Me må ha med oss folk flest. Eg tenker det er best å samarbeida for å få det til på ein god måte. Elles blir det berre dårleg stemning, og det er det ingen poeng i. Landbruket bør vere ope.

Han er dessutan lokalpatriot, og meiner at kulturlandskapet på Line er noko av det flottaste Time har å by på. Det er det mange som har oppdaga etter at Hauglandsvegen fekk gang- og sykkelsti.

Den nye turstien gjev turfolket ein kortare veg mellom Hognestad og Bryne. Han gjev også ei ny rundløype frå Svertingstadparken, over Line, forbi husmannsplassen på Træe og tilbake til Bryne, langs fylkesveg 44.

– Å, såpass? seier Heidi Line då Jan Oskar Haugen fortel at turstien er klar i løpet av januar. Ho er snart på veg ut døra for å henta varer frå Ystepikene på Varhaug.
– Å, såpass? seier Heidi Line då Jan Oskar Haugen fortel at turstien er klar i løpet av januar. Ho er snart på veg ut døra for å henta varer frå Ystepikene på Varhaug. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim