Regjeringa flytta skriftleg eksamen for VG3-elevane fram ei dryg veke, til perioden 4. -21. mai.

Det skulle gi russetida mindre plass i eksamenstida og bidra til at skuletida handla minst mogleg om det ho kalla sosial posisjonering, ekskludering og festing.

- Elevane må konsentrera seg om skule til etter at siste eksamen er ferdig, og så kan dei sjølvsagt feira. Fest etter test, slo kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun fast før ho flytta eksamen fram.
- Elevane må konsentrera seg om skule til etter at siste eksamen er ferdig, og så kan dei sjølvsagt feira. Fest etter test, slo kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun fast før ho flytta eksamen fram. Foto: Foto: Jan Kåre Ness, NTB

Ved Bryne vgs. frykta rektor at dette grepet ville skada standpunktkarakteren til mange, sjølv om kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun også understreka at skuleåret ikkje var ferdig sjølv om eksamen var unnagjort.

– Signalet frå regjeringa er at skulen er slutt når eksamen er over og at eksamen er viktigare enn standpunktkarakterane. Det er eg totalt ueinig i. Det er framleis ein månad med skule etter eksamen som kan påverka standpunkt ganske mykje, sa Trond Hoel mens det heile sto på.

Nå har både han og regjeringa fasiten, i form av omfattande statistikk frå Utdanningsdirektoratet.

Snittet opp på Bryne

I norskfaget kom avgangskullet ved Bryne vgs. godt ut av det, viser tala: Dei fekk betre gjennomsnittsresultat i både hovudmål, sidemål og munnleg – både på eksamen og i standpunktkarakter, samanlikna med dei to føregåande åra.

I norskfaget gjekk det betre enn i fjor for gjennomsnittet av avgangselevar ved Bryne vgs.
I norskfaget gjekk det betre enn i fjor for gjennomsnittet av avgangselevar ved Bryne vgs. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Det er ingen tvil om at det var positivt for ein del elevar å få eksamen litt tidlegare og før dei starta russetida. Men det var vanskeleg å halda oppe læringstrykket etter eksamen. Eindel gjekk ned i standpunktkarakter i valfag, seier Kine Frostadottir, som underviser på VG3 studiespesialiserande ved Bryne vgs.

Det finst ingen fasit for det beste eksamenstidspunktet, meiner ho.

– Der er minus med begge deler. Før mista me eindel i april, då russetida begynte.

Russetida «eit monster»

Russetida er fellesnemnaren, meiner ho, og at den «har fått lov til å utvikla seg til det monsteret den er».

– Eg ser kva regjeringa prøver på; det må ei endring til. Russetida er altfor lang. Det er galskap å begynna så tidleg som det har vore. Mange elevar blir sjuke i mai og juni, når dei skal fullføra eit løp som vil bety mykje for livet deira vidare, meiner læraren. Og legg til:

- Dette har mange elevar sagt til meg at dei er einige i – etter at russetida er over. Draumen må vera ei russetid som varer frå 1. til 17. mai, slik det var før, meiner Kine Frostadottir.

- Kjempepositivt, meiner rektor Gjermund Viste ved Tryggheim vgs. om ommøbleringa av eksamen og russetid. Hans draum er likevel russefeiring når heile skulegangen er ferdig, som i Danmark og Sverige. Men han trur det er utopisk.
- Kjempepositivt, meiner rektor Gjermund Viste ved Tryggheim vgs. om ommøbleringa av eksamen og russetid. Hans draum er likevel russefeiring når heile skulegangen er ferdig, som i Danmark og Sverige. Men han trur det er utopisk.

Tryggheim heier på ministeren

Ved den kristelege privatskulen Tryggheim vgs. heier rektor Gjermund Viste og assisterande rektor Geir Magne Karlsen på kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i denne saka.

– At ho fekk russen til å flytta russedåpen så mange veker fram mot sommaren og samstundes flytta eksamen motsett veg, var kjempepositivt, meiner dei.

Nedsida var at lærarar og elevar fekk litt mindre tid før eksamen til å komma gjennom alt dei skulle.

– Det kunne også opplevast utfordrande å halda trykket oppe etter eksamen. Me bekymra oss litt for det på førehand. Men dei aller fleste skulle ha munnleg eksamen som dei hadde visst om sidan april, og det hjelpte på, seier Tryggheim-leiarane.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) møtte fjorårsrussane Kala Støl og Maren minde på eit pressetreff om russetida i Stavanger i fjor.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) møtte fjorårsrussane Kala Støl og Maren minde på eit pressetreff om russetida i Stavanger i fjor. Foto: Foto: Carina Johansen, NTB

Slutt på at Rogaland er «versting»

Viste er også opptatt av at russefeiringa i år blei meir synkron over landet; i Rogaland begynte den merkbart seinare enn før.

– Rogaland var verstingen i Norge, dessverre. Nå er feiringa her meir i samsvar med resten av landet, og det er bra, meiner Gjermund Viste.

Fasiten

Blei det meir konsentrasjon og betre eksamensresultat for russen av ommøbleringa? Korleis gjekk det med standpunktkarakterane?

Tysdag kom den nasjonale fasiten frå Utdanningsdirektoratet:

  • Karakterstatistikken gir ikkje grunnlag for å seia at eksamen er blitt påverka av flytting på grunn av russetida.
  • Snittkarakterane for standpunkt i vidaregåande skule generelt er stort sett like som året før.
  • I fellesfaga på studieførebuande er det auke i andel seksarar, men ikkje i matematikkfaga eller norsk hovudmål skriftleg.
  • Rogaland har det lågaste gjennomsnittlege avviket mellom standpunktkarakter og eksamenskarakter i landet.

Den som dykkar lengre ned i tala, kan sjå korleis det gjekk ved kvar enkelt skule.

- For tidleg å sjå tendens

I norskfaget på Tryggheim gjekk karaktersnittet til avgangselevane på studieførebuande litt ned samanlikna med dei to skuleåra før, både på eksamen og i standpunkt. For dei som hadde påbygging til generell studiekompetanse i norsk, gjekk snittet litt opp, viser tala.

Snittet går normalt litt opp og ned frå år til år, og ein kan ikkje seia noko om tendens etter berre eitt år, påpeiker skuleleiarane på Tryggheim.

- Det er vanskeleg å måla kor mykje me klarer å løfta elevane, seier dei, for det handlar òg om kva dei har med seg når dei kjem.

- Nokre år på Tryggheim har me ikkje inntaksgrense. Andre, som i haust, måtte dei siste elevane ha 4,5 i snitt for å komma inn. Det vil verka inn på eksamens- og standpunktkarakter når dei går ut, seier Gjermund Viste og Geir Magne Karlsen.

Mange elevar har sagt seg einig med ho i at russetida er for lang og tar for stor plass i ei avgjerande tid på skulen, ifølge lærar KIne Frostadottir. - Dei seier det etter at russetida deira er over, seier ho.
Mange elevar har sagt seg einig med ho i at russetida er for lang og tar for stor plass i ei avgjerande tid på skulen, ifølge lærar KIne Frostadottir. - Dei seier det etter at russetida deira er over, seier ho. Foto: Foto: Thomas Fure, NTB

- Meir optimistisk nå

På Bryne er rektor Trond Hoel fornøgd med resultata ved Norges kanskje aller største vidaregåande skule.

– Våre elevar hadde litt lågare grunnskulepoeng enn snittet i fylket då dei starta. Men dei går ut med eit betre snitt enn i fylket. Det er svært tilfredsstillande og tyder på at mine tilsette og støtteapparatet gjer ein god jobb. Viss me samstundes ser at fråfallet er lite og gjennomføringsgraden høg, oppfyller me samfunnsmandatet vårt, seier Hoel.

Skepsisen han hadde til flyttinga av eksamen mens den pågjekk, er ikkje så sterk som den var før ferien.

– Eg er nok meir optimistisk nå. Det er ikkje store skilnader, men ser ut til å ha fungert bra. Mine folk seier dei uansett var gjennom fagplanane, men at dei fekk lengre tid til repetisjon, seier rektoren.

Neste år vil eksamen også bli lagt på årets tidlege tidspunkt.

Hoel trur likevel det er for tidleg å konkludera med at endringane var vellukka.

– Resultat går opp og ned. Neste år skal eit anna kull levera, seier han.