Det kommunalt eigde selskapet Renovasjonen Næring sikra seg avtalen med å henta hushaldningsavfall i Time, Klepp, Hå og Sola.
Selskapet vann oppdraget for to år sidan i konkurranse med den private aktøren NordRen.
Avtalen har ein estimert årleg verdi på 30–40 millionar kroner og gjeld for minimum seks år, frå 1. juli 2024.
Seier opp etter tap
I ei pressemelding hausten 2023 forklarte Renovasjonen Næring tildelinga hovudsakleg med pris og større bruk av elektriske køyretøy.
I konkurransen talde pris 60 prosent, kvalitet og miljø 40 prosent.
NordRen var og er sterkt usamd i tildelinga. Selskapet er del av eit nordisk konsern som hentar avfall i 38 norske kommunar.
I mars protesterte NordRen på at Renovasjonen Næring ikkje køyrer 100 prosent med elbilar, slik selskapet har forplikta seg til.
I slutten av november kasta Renovasjonen Næring korta i to av dei fire kommunane, fordi selskapet tente for lite.
«Kontrakten sies opp på bakgrunn av avvik mellom estimert lønnsomhet og faktiske driftsresultater», står det i oppseiingsbrevet.
Selskapet skriv at dei ønsker å bidra til «en ryddig overlevering» fram til siste hentedag, som er på dagen eitt år etter oppseiinga.
Konkurrenten reagerer
Konkurrenten NordRen synest ikkje det er noko som helst ryddig ved oppseiinga og reagerer sterkt i ein e-post til Jærbladet.
– Oppsiktsvekkande og uhøyrt, meiner Svein Tore Aurland.
Den daglege leiaren viser til at kontrakten Renovasjonen Næring fekk er ein totalentreprise som omfattar fire kommunar.
Anbodet spesifiserte: «Tilbudet skal omfatte alle oppdragsgiverne og være en totalleveranse.»
Aurland viser vidare til at anbodet presiserte at leverandørane ikkje kan gje tilbod på delar av oppdraget.
Ved å seia opp to av kommunane, Klepp og Sola, meiner NordRen at Renovasjonen gjer nettopp det.
– Udugelegheit
Renovasjonen Næring er eigd av kommunane Sandnes og Stavanger, og er eitt av to selskap i Renovasjonen IKS-konsernet.
Eitt av selskapa hentar avfall i eigarkommunane. Det andre hentar næringsavfall og hushaldningsavfall i nabokommunar.
«Selskapet skal drive sin virksomhet på forretningsmessig basis», heiter det på nettsidene til Renovasjonen Næring.
Aurland meiner oppseiinga med Sola og Klepp viser at selskapet ikkje driv forretning på same vilkår som private.
– Eit privat eigd selskap måtte ha gått til skifteretten om dei hadde gjort så slett arbeid, men her lèt ein berre andre kommuner ta rekninga for eiga udugelegheit, skriv han.
Delt opp i enkeltkontraktar
Prinsipielt held NordRen fram at eit kommunalt selskap ikkje bør ta økonomisk risiko på vegner av innbyggarane.
Administrerande direktør Gert Erik Engelien held fram at dei ikkje gjer det, og at det er ein grunn til at kontraktane er sagde opp.
Renovasjonen Næring står på eigne bein i konkurranse med andre næringsaktørar, seier han.
– Me kan ikkje ha eit selskap som går med underskot, og dette har ført til eit reelt underskot i selskapet. Me kan ikkje på noko vis kryssubsidiera frå den offentlege delen, Renovasjonen Egenregi, som samlar inn avfall for Stavanger og Sandnes.
Omsettinga til Renovasjonen Næring auka kraftig i 2024 som følge av den nye kontrakten, men overskotet vart halvert.
Engelien peikar på at det vart teikna fire meir eller mindre likelydande kontraktar etter at selskapet fekk tildelinga.
– Så lenge me har teikna kontrakt med kvar enkelt kommune, er me av den klare oppfattinga at me kan seia opp enkeltkontraktar.
Alternativet, viss det ikkje var mogleg, ville vera å seia opp renovasjonsavtalen med alle fire kommunane.
Kalkulert feil
– Me har valt å gå vidare med Hå og Time fordi me ser at her er det mogleg å driva forsvarleg ut kontraktsperioden. Det klarer me rett og slett ikkje med dei to andre kommunane, seier Engelien.
Han fortel at Renovasjonen Næring har tapt pengar i alle kommunane, men trur at trenden skal snu til neste år, i Time og Hå.
For Klepp og Sola er det annleis – sjølv etter masse jobb, grundige vurderingar og tett dialog med kommunane, ifølge Engelien.
– Me skulle gjerne stått i ein annan situasjon. Det er ei blanding av at me openbert har gjort feil ved kalkuleringa av kontrakten, men også at me har hatt kostnader som ikkje var rekna med under kalkuleringa.
Høge elbilar
Eitt eksempel er dei nye elektriske bilane. Dei er så store og høge, at det ikkje mogleg å betena dei med éin person.
Dermed fekk alle enkeltmannsrutene dobbel bemanning, som gjorde at kostnadene vart vesentleg høgare enn føresett i tilbodet.
— Så kan me spørja om me ikkje burde sett dette? Viss ein ser i spegelen så er det vel opplagt, men det vart ikkje sett. Me kalkulerte på ein måte som gjer at me taper pengar kvar dag, kvar månad, på kontraktane.
Engelien vil ikkje kommentera kalkylane til NordRen, men kan i alle fall slå fast at Renovasjonen har vore for optimistiske.
Sjølv starta han i selskapet 1. april i år, og kjenner ikkje alle detaljane i arbeidet med å utarbeida tilbodet.
Han seier at fokuset sidan han kom inn vore å få avklart om det er råd å få ned kostnadene og halda fram i alle kommunane.
Står utan avtale om eitt år
Kommunalsjef samfunn og kultur i Klepp, Målfrid Hannisdal Teigen, seier at det ikkje er noko prinsipielt ved det offentlege eigarskapet.
– For oss har ikkje det noko å seia. Avtalen er inngått på konkurransemessige vilkår, der dei som gav tilbod, konkurrerte på like vilkår.
Ho seier det er beklageleg at Renovasjonen Næring har sagt opp avtalen.
– Det er lov å gjera det, men vil ha ein konsekvens for dei, knytte til ulempene dette medfører for oss som kunde.
Klepp skal førebu eit nytt anbod.
– Me må gå ut på ein ny konkurranse og anskaffa renovasjonsteneste. Akkurat nå står me utan renovatør om eitt år.
– Då skal ikkje Klepp lenger ha felles avtale med Hå og Time?
– Me har ikkje moglegheit til det, for nå er jo avtalen sagt opp.
Sola evaluerer
Også i Sola kommune går det mot ein ny anbodsrunde, fortel kommunalsjef samfunnsutvikling, Rune Veenstra.
– Det er litt tidleg ennå, men me må mest sannsynleg ut på eit nytt anbod. Me held på å evaluera det og har ikkje landa alt.
Juristane ser på om Renovasjonen Næring har moglegheit til å gå vidare med delar av anbodet og seia opp med to av kommunane.
– Det er blant anna desse tinga me ser på. Me har som sagt ikkje endeleg konkludert på alt. Det kom litt overraskande på oss alle. Me jobbar langs fleire spor for å sjå korleis me skal koma vidare.
Heller ikkje Veenstra meiner det er noko prinsipielt ved at det er ein offentleg eigd aktør som vel å seia opp avtalen med dei.