Marius Øglænd, Mr. Potato, salsvogn, matvogn, Coop Vikeså, bakt potet
Marius Øglænd har sikra seg avtale om stå utanfor Coop Vikeså med Mr. Potato-vogna si kvar torsdag-sundag. Foto: Keth Odland

(Dalane Tidende): I juni var salsvogna til Mr. Potato, som Marius Øglænd fra Vigrestad står bak, på pop up-besøk på Vikeså, i eit forsøk på å få både bjerkreimbuar og folk på gjennomreise til å «ta ein potet» – eventuelt fire eller åtte eller alle, som Jarl Goli i si tid oppfordra til.

– Før første helga på Vikeså tenkte eg at dette var jo ikkje akkurat verdas navle. Men det blei ein heilt vanvitig suksess. Første dagen, på torsdagen, var me to personar i vogna, men me fann fort ut at me måtte vera tre resten av helga. Me selde utruleg mange potetar i løpet av dei fire dagane, fortel Marius Øglænd.

Det skal ikkje all verda med forretningssans til for å forstå at ei slik suksessbølge bør ein bare hiva seg rundt og ri på.

– Me tok sats og fekk avtale om å stå her fast. Nå har me vore her ein snau månad, seier 20-åringen.

Det skal godt gjerast for både Coop-kundar og folk som skal lada å unngå å sjå matvogna til Mr. Potato på Vikeså.
Det skal godt gjerast for både Coop-kundar og folk som skal lada å unngå å sjå matvogna til Mr. Potato på Vikeså. Foto: Foto: Keth Odland

Eit jordepleeventyr

Marius Øglænd sitt jordepleeventyr starta i februar.

– Eg prøvde meg først på Vigrestad, bare for å bli vand med å handtera vogna, men så blei ho plassert utanfor Spar på Varhaug. Deretter hadde me ein månad ved Maxi i Sandnes. Me har vore ganske mykje rundt omkring i Sør-Rogaland. Det lengste me har farta, er til Evje, fortel Øglænd, som sjølv bur på Vigrestad.

Lade-kundar og lokale stamkundar

Men nå skal altså den mobile jordeplerestauranten stå fast hos Coop Vikeså, like ved det nyleg oppgraderte og utvida Tesla-ladeanlegget. Øglænd anslår at kundane på Vikeså fordeler seg nokså likt mellom fastbuande og folk som stoppar innom for å lada.

– Det er nok cirka 50-50. At så mange fastbuande handlar hos oss, er veldig kjekt, seier han.

– Har du klart å skaffa deg nokon stamkundar?

– Ja, 30-40 faste er innom kvar helg, smiler Marius Øglænd.

– Mykje og god mat for ein billig penge, synest Arild Osland, som til middag på fredag skulle ha den største av Marius Øglænd sine rettar: «Big Boy».
– Mykje og god mat for ein billig penge, synest Arild Osland, som til middag på fredag skulle ha den største av Marius Øglænd sine rettar: «Big Boy». Foto: Foto: Keth Odland

Frå hobby til AS

Han hadde eigentleg bare tenkt at potetvogna skulle vera eit hobbyprosjekt, ved sida av lærlingjobben i salsfaget hos Felleskjøpet. Men det som begynte med eit sovande enkeltpersonføretak som blei vekt til live i vinter, er nå eit aksjeselskap. 20-åringen måtte innsjå at Mr. Potato AS var eit fulltidsprosjekt.

– Eg slutta i lærlingjobben. Planen er i staden å ta fagbrev i mi eiga bedrift, fortel han.

Selskapet hans er nå registrert på proff.no med ni tilsette.

– Alle er deltidstilsette. Eg er på jakt etter folk som vil ha fast jobb, seier han.

Vogn nummer to er på veg

Til nå har han bare hatt éi salsvogn, men nummer to er under produksjon.

– Den vil vera klar om ei veke eller to. Faktisk skal eg bruka den i morgon, ufoliert, under eit privat arrangement i Klepp. Hadde eg hatt fleire tilsette å spela på, kunne me sikkert hatt fem Mr. Potato-vogner, seier han.

Potetane får han frå ein leverandør i Sandnes. Menyen består av fem rettar, alle med bakt potet som hovudelement.

– Alt blir laga inne i vogna. Den mest populære retten er «Chris P. Bacon» med ost, rømme, smør, mais, purre, raudløk og bacon, smiler Marius «Mr. Potato» Øglænd.