– Me hadde heile tida tenkt at me skulle reisa tilbake til Bryne. Det var nesten ein spøk hjå oss: «Når dette huset kjem til sals, flyttar me heim».

Helge og Solveig Martinsen nærma seg tjue år i Oslo då det endeleg skjedde. Dei var heime på Jæren for å vera med i ein konfirmasjon då sjansen til å kjøpa huset baud seg.

Etter to år som eigarar gav Frelsesarmeen opp planane sine – og godt er det: Planen var nemleg å riva huset og setta opp eit nytt forsamlingshus i Torggata 10.

Sveitservillaen er frå 1910–12 og ein del eit historisk miljø av «finare» byarkitektur i stasjonsbyen, forklarer Time kommune sin nye kulturmiljøplan. Der har Torggata 10 ein sjølvskriven plass.

– Det var ikkje så fint i 1991 som det det er nå, konstaterer yngstesonen. Den gongen var hagen eit villnis, viser det historiske bildet. Teikninga av det gulmåla huset er frå 2025.
– Det var ikkje så fint i 1991 som det det er nå, konstaterer yngstesonen. Den gongen var hagen eit villnis, viser det historiske bildet. Teikninga av det gulmåla huset er frå 2025. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Eit livsverk

I gravferda til Helge i vinter kalla dei huset eit livsverk. Det hadde ein sentral plass i minnetalen, fortel yngstesonen Thomas.

Faren ønskte å jobba med huset, ikkje imot det, fortel han. Derfor er mange av dei originale kvalitetane og materiala bevarte.

– Forståinga for at det har ein verdi å ta vare på gamle miljø har blitt større på desse åra, det skal innrømmast. Men me får framleis høyra at me motarbeider utviklinga av byen, sa Helge til Jærbladet i 2015.

Då protesterte han og fleire naboar mot dimensjonane i eit nytt blokkprosjekt, «Solbergkvartalet», som dei meinte ikkje respekterte dei historiske omgjevnadene i Torggata.

Familien har dokumentert meir enn tretti år med rehabilitering og oppussing.
Familien har dokumentert meir enn tretti år med rehabilitering og oppussing. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Stolte eigarar

– Men me og naboane gjer akkurat det kommunen og politisk vedtekne planar seier – tek vare på «gamle Bryne». Både me og dei har brukt mykje tid og pengar på å setta husa i stand, det gjer me ut frå ei ekte interesse for å ta vare på det gamle bygningsmiljøet på Bryne. Ein by med respekt for seg sjølv må ha både nye og gamle hus, sa han vidare.

Det sitatet tykkjer Solveig passar godt, nå òg.

– Eg synest det er veldig fint å veta at me lèt etter oss dette. Me er stolte av det.

I 2007 fekk ektefellane ei påskjønning frå Time kommune for arbeidet med Torggata 10. Ikkje alle skjønte vitsen då dei kjøpte huset tidleg på nittitalet.
I 2007 fekk ektefellane ei påskjønning frå Time kommune for arbeidet med Torggata 10. Ikkje alle skjønte vitsen då dei kjøpte huset tidleg på nittitalet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
I 2021 tok Solveig og Helge eit modig val. På historiske bilde kunne dei sjå at huset ikkje opphavleg var kvitt. Då dei skrapte bislaget, fann dei fargen som inspirerte valet om å måla det i ein gultone
I 2021 tok Solveig og Helge eit modig val. På historiske bilde kunne dei sjå at huset ikkje opphavleg var kvitt. Då dei skrapte bislaget, fann dei fargen som inspirerte valet om å måla det i ein gultone Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Lenge ein byggeplass

I 1991 forlèt familien eit nytt og moderne hus og erstatta det med den rake motsetnaden: Ein eldre villa, med uthus og overgrodd hage.

Ikkje nok med det: På åttitalet var huset gjort om til rekneskapskontor, med teppe på golva og strie på veggene.

Thomas vart fødd tre år før familien flytta og er den einaste av ungane som tok til seg jærmålet. Han tenkte ikkje over at det var noko spesielt å veksa opp i eit sveitserhus.

Huset var ein byggeplass i mange år, hugsar han.

– For meg var det eg kjende til, og det var jo ikkje slik som dette då eg voks opp. Dei har gjort mykje etter at eg flytta ut òg. Eg vil seia at det er nå i dei siste åra at huset har vore finast.

Sveitservillaen har tre stover.
Sveitservillaen har tre stover. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Det første året budde familien hjå foreldra til Helge i Vardheia, før den store dobbelgarasjen vart ferdig.

Den har leilegheit i andre etasje, der budde familien under oppussinga. Berre dei eldste, Sissel og Haakon Just, hadde soverom i huset.

Huset, garasjen og uthuset dannar eit tun. Det ligg ikkje meir enn 160 meter frå torget på Bryne.
Huset, garasjen og uthuset dannar eit tun. Det ligg ikkje meir enn 160 meter frå torget på Bryne. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Skal over i leilegheit

Solveig og Helge bygde på huset i samband med restaureringa på nittitalet, og har i seinare tid grave ut kjellaren.

I 2008 reiv dei det gamle uthuset og bygde det opp att; det er tørt og omtrent like stort som leilegheita over garasjen.

Til saman blir det eit bruksareal på meir enn 430 kvadratmeter.

Solveig veit at ho ikkje kan ta med alt når ho skal ho over i leilegheit, men tykkjer er vemodig å pakka ned.

Sjølv veit ho at ho skal vidare til ny adresse i Vardheivegen, berre hundre meter frå villaen i Torggata 10.

Ho er klar for å flytta i leilegheit, men er spent på kven som skal ta over den historiske adressa.

– Det skal bli fint, trur eg. Eg må berre innstilla meg på at eg ikkje får den same plassen, og håpa at dei nye eigarane steller fint med huset.

Flygelet som vart med frå Oslo, får ikkje plass i leilegheita. Det får kjøparen tilbod om å overta.
Flygelet som vart med frå Oslo, får ikkje plass i leilegheita. Det får kjøparen tilbod om å overta. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Eigedommen er på langt over eitt mål. Ein hagearkitekt har designa hagen, som er blitt passa av ein innleigd gartnar dei siste åra.
Eigedommen er på langt over eitt mål. Ein hagearkitekt har designa hagen, som er blitt passa av ein innleigd gartnar dei siste åra. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim