Sem Bjarne Refsnes er glad for at veterantraktoren sto parkert ute i dag morges, og ikkje inne i garasjen som brann. Han brukte 1961-modellen til å slå ned garasjedøra, slik at dei kunne få koma til og sløkkja brannen.
Sem Bjarne Refsnes er glad for at veterantraktoren sto parkert ute i dag morges, og ikkje inne i garasjen som brann. Han brukte 1961-modellen til å slå ned garasjedøra, slik at dei kunne få koma til og sløkkja brannen. Foto: Åge Bjørnevik

– Det var ein brå måte å vakna på, slår Sem Bjarne Refsnes fast.

Tidleg torsdag morgon begynte det å brenna i den integrerte garasjen i bustadhuset i Hauabakkvegen på Frøyland. Politiet meldte rett før klokka halv sju at nødetatane rykka ut til staden.

Då var allereie Sem Bjarne Refsnes og kona på føtene og ute av huset.

Vakna av høge smell

Ekteparet har soverom rett ved garasjen som brann.

– Me vakna av nokre høge smell. Sannsynlegvis var det nokre sprayboksar som eksploderte på grunn av varmen frå brannen, fortel Sem Bjarne Refsnes.

– Då eg såg ut av vindauget, seiv det røyk oppe langs heile takskjegget. Då sa eg til kona: No er det på tide å koma seg opp, seier Refsnes med eit lite smil på lur.

Slo ned døra med traktoren

Utføre huset hadde to forbipasserande arbeidarar oppdaga brannen. Dei hadde funne fram hageslangen til ekteparet Refsnes og ville i gang med å sløkkja, men slangen var ikkje tilkopla vatn.

Det næraste vassuttaket er rett innføre garasjedøra, så Refsnes bestemte seg for å ta veterantraktoren og slå ned garasjedøra, slik at dei kunne koma til – både for å få kopla til vatnet og for å få sløkt brannen.

– Den plar stå parkert inne i garasjen som brann. Heldigvis sto den ute i dag, seier Refsnes.

Det viste seg raskt at det brann for mykje til at vassuttaket i garasjen kunne brukast, så Refsnes sprang ned i kjellaren og fekk kopla på vatnet der.

Dermed fekk dei raskt – eigentleg før brannvesenet kom til staden – sløkt brannen i garasjen, før han fekk spreidd seg til bustaddelen av huset.

Skryt av brannvesenet og hjelparane

– Brannvesenet var lynraskt på plass. Eg er veldig nøgd med dei. Kaffi har eg fått, òg, seier Refsnes og viser fram pappkoppen han står med i handa.

Det lure smilet er stadig på plass, sjølv om starten på dagen blei dramatisk.

Sem Bjarne Refsnes skryt av servicen frå brannvesenet. – Kaffi har eg òg fått, seier han med eit lurt smil.
Sem Bjarne Refsnes skryt av servicen frå brannvesenet. – Kaffi har eg òg fått, seier han med eit lurt smil. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Dei to arbeidarane gjekk herfrå før eg fekk takka dei skikkeleg, men eg er veldig takknemleg for hjelpa me fekk av dei. Eg veit ikkje kven dei er, men dei var skikkeleg gode folk, og dei visste kva dei heldt på med, seier Refsnes.

Han får bekrefta frå brannfolka som held oppsikt med brannstaden at politiet snakka med dei to, og at han heilt sikkert får sjansen til å ta kontakt og takka dei skikkeleg etter kvart.

– Glad det gjekk så godt som det gjorde

Når Jærbladet snakkar med han ved halv ni tida, er det førebels ikkje klart om dei kan ta i bruk huset att i dag, eller om dei må venta.

Han kan ikkje forstå kva som begynte å brenna inne i garasjen, men konstaterer at uhell skjer.

– Eg er glad det gjekk så godt som det gjorde, når det først vart slik. Flaks i uflaks, er det ikkje det dei kallar det?

Veterantraktoren er ein Massey Ferguson 1961-modell, som Sem Bjarne Refsnes har pussa opp sjølv. Den nymåla skuffa fekk nokre riper då han brukte henne til å slå ned garasjedøra, men trass alt er det ein bruksting.
Veterantraktoren er ein Massey Ferguson 1961-modell, som Sem Bjarne Refsnes har pussa opp sjølv. Den nymåla skuffa fekk nokre riper då han brukte henne til å slå ned garasjedøra, men trass alt er det ein bruksting. Foto: Foto: Åge Bjørnevik