Klokka kvart på tre natt til sundag fekk politiet melding om slagsmål ved kinoen på Bryne.

– Då politiet var der, fann dei ein mann i 30-åra som var skada. Han blei sendt med ambulanse til sjukehuset.

Mannen skal ha hatt ein skade i hovudet.

Det opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon til Jærbladet.

Politipatruljen på staden lukkast ikkje med å identifisera ein gjerningsperson.

– Men me har fått tak i to personar som kan vera aktuelle, seier Slettebø.

Politiet har nøsta i hendinga, førebels utan at det er heilt klart kva som har skjedd.

– Politiet snakka med fornærma sundag kveld. Vedkommande er i tenkeboksen på om han skal melda saka til politiet eller ikkje, seier Slettebø.

Forutan denne hendinga, gjekk utelivet på Jæren roleg føre seg denne helga.

I loggen er det berre nemnt eitt anna oppdrag. Det var på Nærbø klokka 01:00 natt til sundag. Då kom det melding om ein full og vanskeleg gjest på den lokale puben.

Politiet rykka ut og viste han vekk frå puben fram til neste morgon klokka 08:00.