– Eigedommen har gått i familien til kona. Dei bygga huset i 1954 eller 1956, og ho er tredje generasjon som eig det no.
Det seier Odd Arne Hodne til Jærbladet.
Politikarane gav rammetillating til fornyinga tysdag førre veke. No gjenstår det å søke om, og få igangsettingstillating.
Tidlegare låg forretninga Christins, som no har flytta til Hattelandsgården, på bakkeplan.
Etasjane over rommar leilegheiter, som den seinare tida har stått meir eller mindre tomme.
Gammal smie
Paret Hodne vil rive delar av bygninga, og heve den med ein etasje.
Slik legg dei til rette for tre leilegheiter, som er éin meir enn før.
I tillegg er det søkt om å bygge ny trappeoppgang og nytt parkeringsanlegg. Dei vil behalde næringslokalet nedst.
– Me riv smiedelen, som ligg nærast Pizzabakeren. Der blei det skodd hestar før i tida. No blir det garasjeanlegg og inngangsparti, seier Hodne.
Dei vurderer å sjølv busetje seg i øvste etasje, men er ikkje sikre enno.
Omsyn til «det grøne funkishuset»
Leilegheitene får sørvende takterrassar, men ikkje felles uteopphaldsareal i samsvar med kommuneplanen.
Det manglar også tilstrekkeleg antal sykkelparkeringsplassar.
I tillegg får det nye bygget større grunnflate enn tidlegare. Dette måtte dei også søke om dispensasjon frå reguleringsbestemminga til.
– Det er litt spesielt at saka er politisk behandla. Slike saker plar ikkje å bli behandla politisk i Klepp, men bestemminga i reguleringsplanen for akkurat dette området seier at den skal leggast fram, seier kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen til Jærbladet.
I saksdokumenta heiter det at eigedommen «ligger innenfor et kulturmiljø hvor bebyggelsen er regulert til spesialområde bevaring etter tidligere plan- og bygningslov».
Særleg legg bestemmingane vekt på bevaring av «det grøne funkishuset».
Likevel opnar dei for nybygg på eigedommen til paret Hodne, «under forutsetning av at ny bebyggelse tilpasses helheten i bevaringsområdet med hensyn til størrelse, form, materialbruk og farge».
I ein tidlegare versjon av søknaden, uttrykka fylkeskommunen bekymring for høgda, fasadeutforminga og materialbruken.
Dei ville ha betre tilpassing til «kulturmiljøet og det verneverdige funkisbygget på naboeiendommen».
Søkaren omarbeida dermed prosjektet noko.
Meiner det blir eit løft for sentrum
Hovudutval for samfunn og kultur, som behandla saka, gjekk inn for innstillinga.
Dei legg dermed til grunn at omsyna bak bestemmingane ikkje blir vesentleg sett til side, og at fordelane ved dispensasjon er klart større enn ulempene.
– Hovudutvalet var positive i sin diskusjon. Dei tenker det kjem til å sjå bra ut og bli eit løft for sentrum, seier kommunalsjef Teigen.
I vedtaket ligg også enkelte vilkår som må vere oppfylt før det blir gitt igangsettingstillating.