Som 19-åring fekk Signe sommarjobb i sparebanken. 40 år seinare trivst ho endå godt i kvardagen der.
Som 19-åring fekk Signe sommarjobb i sparebanken. 40 år seinare trivst ho endå godt i kvardagen der. Foto: Privat

– Eg hugsar spesielt godt då me lærte opp folk til å betale med bankkortet på handelslaget og bensinstasjonen. Varekjøp med bankkortet var ikkje vanleg då, og mange var skikkeleg skeptiske.

I heile 40 år har Signe frå Nærbø vore tilsett i Sparebank 1 SR-bank Jæren. Først i skranken med handtering av kontantar, og deretter som privatøkonomisk finansrådgjevar.

Dei første 23 åra hadde ho på kontoret på Nærbø, før ho fekk tilbod om å starte på Bryne.

Ho fortel at arbeid i sparebanken ikkje var ein del av den opphavlege planen.

– Eg skulle jo eigentleg bli frisør. Eg gjekk på vidaregåande skule med handel og kontorfag for å lære meg rekneskap.

– Eg er oppvaksen på gard, men gjekk lei kvar sommar av å vere med på steinhenting og anna arbeid. Derfor råda far meg til å søke sommarjobb utanom garden. Og i 1982 fekk eg sommarjobb i banken på Nærbø.

I 1984 vart håbuen ferdig på vidaregåande skule i Grimstad, og vegen vidare vart ikkje frisørsaks og hårvask.

– Før trong ein berre treårig vidaregåande. Eg fekk tilbod om jobb i banken på Nærbø etter dette, og tenkte at eg begynner der alle fall, så får eg berre sjå kva det blir vidare.

I juni var det nøyaktig 40 år sidan Signe starta i sparebanken. Dette vart feira med bunad, kake og stas. Med banksjef Eivind Karlsbakk og assisterande banksjef Tobi Haugstad.Foto: Privat

Konvoluttar med kuskit

Etter 40 år har finansrådgjevaren ikkje endra bransje, og ho har fått vore med på store forandringar.

– Då eg først begynte i sommarjobben hadde me ikkje starta skikkeleg med data, og me hadde så vidt gått i gang med bankkort. Dei første somrane mine skreiv eg nye kundar inn i kartoteket og førte inn om kundar fekk nye kontonummer. Samstundes som eg sat på sentralbordet og tok telefonen då den ringde.

Vidare fortel Signe at det berre var ein person som hadde med lån å gjere, og fire-fem andre som gjorde anna betalingsformidling. Det gjekk ein del i å hjelpe med å betale girorar, spesielt for bønder og bedrifter.

– Me fekk ofte inn konvoluttar med kuskit på. Det kunne også vere skit liggande igjen på teppet etter støvlane til bøndene som var innom.

– Spinnvilt, slik det har blitt

– Det var også oskebeger alle stader. Det var heilt vanleg å røyke for folk som vart ekspederte, inne hjå kontorsjefane og på pauserommet. Me som ikkje røykte måtte berre finne oss i dette, og åt andre plassar der røykskyene ikkje var til stades. No er det jo heilt motsett.

Rådgjevaren mimrar tilbake til då dei var opptekne av utanlandske kontantar som kom inn i banken og måtte lærte seg alle ulike valutakursar og setlar. Ho slår fast at dei måtte sjå forskjell på japanske yen, tyske mark og italienske lire, for å ikkje gje ut feil.

– No handterer me jo ikkje lenger pengar i bankskranken slik som før. Ungar sitt forhold til pengar har endra seg. Tidlegare sparte dei på sparebørsa si, kom til banken for å tømme den og fekk kanskje premie for sparinga. Det gav enorm glede å sjå kor spente ungane var. Det var jo først no dei fekk vite kor mykje dei hadde klart å spart. Dette vart det kø av i skuleferiane og var veldig gildt. No treng ein ikkje å kome fysisk til oss i like stor grad som før, då mykje går digitalt.

Ho legg til at forandringane er gode, spesielt når det gjeld sikkerheitsfronten.

– Det er mykje meir svindel i dag. Folk blir lurte gjennom kontakt på e-post og telefon. Me må følge godt med på dette og forklare kundar at ikkje alt som kjem i innboksen er reelt. Det er så spinnvilt, slik det har blitt.

Bombetrussel utløyste fødsel

Det er ein episode frå arbeidslivet som har sett eit spesielt minne sjå Signe.

I 1990 ringde nokon til banken og sa at det var plassert ei bombe der. Heile torget vart sperra av med politiband, og nokon ekspertar skulle bli flydd inn frå Oslo.

Dei andre på kontoret ville ikkje uroe Signe sidan ho var høggravid, men ho fekk fort tak i situasjonen.

– Eg lurte så på kven som kunne ha ringt inn, og grubla mykje på det om natta. Dei fann aldri noko bombe, men opplevinga og grublinga sette i gang fødselen. Det gjekk så fort og ei lita jente vart fødd.

Ikkje ho gamle og treige i banken

59-åringen trivst endå godt i arbeidskvardagen i sparebanken.

– Så lenge folk ikkje begynner å kalle meg for ho gamle og treige i banken, så håper eg at eg endå har mange gode år igjen. Og så lenge hovudet taklar det. Det skjer jo stor utvikling heile tida, og me har mykje nytt å lære.

– Som ein administrerande direktør i banken sa ei gong, den dagen du føle du er utlært, då er du ferdig. Så me må alltid vere læringsvillige.

Ho fortel også at forholdet til leiarane har hatt mykje å seie på trivsel.

– Dei er gode på å bygge opp eit gjeng som trivast i lag og som har det kjekt saman. For om du ikkje har det kjekt på jobb, så prestere du heller ikkje godt.

Signe rundar av med å seie at blandinga mellom dei unge og eldre på kontoret er sunt og godt.

– Ofte tek dei unge ting litt fortare, medan me eldre kanskje kan anna kunnskap som kjem med lenger erfaring. Me lærer mykje av kvarandre.