På garden på Bekkeheien, der intensjonsavtalen om å byggja biogasanlegg blei underskriven, produserer dei årleg 350 tonn mjølk og 3500 grisungar. - Det er kult at landbruket får vera ein del av problemløysinga til det grøna skiftet, seier Silje Kristin (36) og Bjørn Ståle Bekkeheien (40).
På garden på Bekkeheien, der intensjonsavtalen om å byggja biogasanlegg blei underskriven, produserer dei årleg 350 tonn mjølk og 3500 grisungar. - Det er kult at landbruket får vera ein del av problemløysinga til det grøna skiftet, seier Silje Kristin (36) og Bjørn Ståle Bekkeheien (40). Foto: Brit Romsbotn

– Det blir spanande å sjå kva som skjer vidare. For oss, som for mange andre som driv med husdyr på Jæren, kan dette bli ei løysing på dei nye gjødselreglane. Reglane vil innebera at mange får for lite areal til å spreia gjødsla på, seier ekteparet Silje Kristin og Bjørn Ståle Bekkeheien, som begge arbeider som bønder på heiltid.

Planen er at det årleg skal produserast biogass av over 650 000 tonn husdyrgjødsel, slakteriavfall og anna avfall.

Mange dyr – mykje lort

Torsdag rundt middagstider blei det skrive historie i reiskapshuset på garden. Då blei nemleg intensjonsavtalen mellom Air Liquide Skagerak, Lyse, Tine, Nortura, Felleskjøpet Rogaland Agder og IVAR underskriven. Planen er å byggja landets største biogassanlegg med gjødselfabrikk på Grødaland i Hå.

På garden der avtalen blei signert, produserer dei årleg 350 tonn mjølk og 3500 grisungar. Silje Kristin og Bjørn Ståle Bekkeheien seier at dei fryktar dei varsla gjødselreglane.

– Me har bygd opp garden etter dei reglane som gjeld no. Me og mange med oss, er redde for at nye reglar kan bety at me må redusera dyretalet med 25 til 30 prosent. Med mange dyr blir det mykje lort. No ser me eit biogassanlegg som løysinga på dette, seier Bjørn Ståle Bekkeheien, som har vore bonde sidan han var 21 år.

Ekteparet har fire barn mellom sju og 13 år.

– Håpet er at det også i neste generasjon er nokon som vil bli bønder, seier heiltidsbøndene på Bekkeheien.

– Den perfekte plassen

Namnet på det nye selskapet er Bio Jæren AS. Selskapet vil bidra til det grøna skiftet ved å bruka gjødsel og anna organisk avfall til produksjon av flytande biogass som skal nyttast til transportføremål. Reststoffa skal bli til næringsrik biogjødsel. Fleire lokale bønder er med.

Planen er å byggja anlegget på Grødaland saman med Hå kommune. Anlegget er rekna til å kosta ein halv milliard kroner.

Frode Halvorsen frå selskapet Liquide Skagerak sa at det er to år sidan han kom til Jæren for første gong for å drøfta biogass-planane.

Frode Halvorsen frå selskapet Liquide Skagerak blei filma då han signerte avtalen om biogassanlegg i Hå.
Frode Halvorsen frå selskapet Liquide Skagerak blei filma då han signerte avtalen om biogassanlegg i Hå. Foto: Foto: Brit Romsbotn

– Jæren var peikt ut, og Jæren er ein perfekt stad for eit storskala gjødselprosjekt. Dette er også eit storskala klimaprosjekt. 25 prosent av husdyra i Norge, er på Jæren, og dette er utan tvil den perfekte plassen for eit slikt anlegg, sa Halvorsen.

Hå-ordførar Jonas Skrettingland var glad for å høyra at det blir arbeidd med eit biogassanlegg på Grødaland.

– Tanken om eit slikt anlegg er inga nyheit. Men no er det samvirke og interkommunale selskap som snakkar om å løfta i lag med Hå kommune. Me har tatt eit sjumilssteg på vegen av det me har snakka om i årevis. Det meste må vera mogleg når så sterke krefter dreg i lag i ei retning, sa Skrettingland.

– Løysinga på det grøna skiftet

Siv Mossleth, energipolitisk talsperson i Sp, deltok også på markeringa. Ho synte til Energimeldinga som var lagt fram same dagen.

– Regjeringa heiar på bruk av biogass, og regjeringa vil sikra at norsk biogass blir meir konkurransedyktig. I den nye Energimeldinga blir biogass likestilt med elektrisitet og hydrogen, fortalde Mossleth.

Sp-politikaren synte til bioresten som er planlagt brukt som gjødsel. – Igjen inneber det at det blir eit minus i klimarekneskapen, sa Mossleth.

– Regjeringa heiar på bruk av biogass, og regjeringa vil sikra at norsk biogass blir meir konkurransedyktig. I den nye Energimeldinga blir biogass likestilt med elektrisitet og hydrogen, fortalde Siv Mossleth, Sp sin energipolitiske talsperson.
– Regjeringa heiar på bruk av biogass, og regjeringa vil sikra at norsk biogass blir meir konkurransedyktig. I den nye Energimeldinga blir biogass likestilt med elektrisitet og hydrogen, fortalde Siv Mossleth, Sp sin energipolitiske talsperson. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Eimund Nygaard, konsernsjef i Lyse, tykkjer det er positivt at statusen på biogass blir heva.

– Det er på tid at det skjer. Og det skulle berre mangla at ikkje eit anlegg som dette skulle liggja på Jæren, seier Nygaard.

Bjørn Ståle og Silje Kristin Bekkeheien tykkjer det er kult å vera med i biogassprosjektet.

– Me treng meir mat, grønar mat og meir lokal mat. Landbruket er løysinga på det grøna skiftet. Kanskje kan eg ein dag ta fly som går på kulort til Syden? Det har eg veldig lyst til å oppleva, seier Bjørn Ståle Bekkeheien.

Om det blir gitt investeringsstøtte frå Enova, kan biogassanlegget stå ferdig i 2025.

Gardbrukar Silje Kristin Bekkeheien saman med Eimund Nygaard, konsernsjef i Lyse.
Gardbrukar Silje Kristin Bekkeheien saman med Eimund Nygaard, konsernsjef i Lyse. Foto: Foto: Brit Romsbotn